Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. desember 2001

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Nårekista



Nårekista er namnet på ein stein som ser ut som ei kiste med lok. Han ligg i vegkanten ved den gamle postvegen frå 1600-talet. Kista er "opna" og botnen delt i to. Namnet er frå norrøn tid og tyder likkiste.

Nårekista var også merkestein mellom gardane Bjørkum og Seltun, men skiljemerket er no flytta opp i hammaren ovanfor.

Nårekista var også merkestein mellom gardane Bjørkum og Seltun, men skiljemerket er no flytta opp i hammaren ovanfor.

Eigar: Oddkjell Bosheim.

Datering: 1997.

Fotograf: Oddkjell Bosheim.

Segn og sanning

"Ei søkkrik kjempe, eller kanskje var det eit troll, låg i kista med alt sitt gods og gull." Dette er alt som er att av dei segner og eventyr som det sikkert har eksistert meir av om denne mystiske steinen.
Kista er 2,70 m lang og 1,40 m brei. Både botnen og loket er 80 cm tjukt. Slike dimensjonar må ha vore grunnlag for mystikk og overtru gjennom tidene.

Skattkiste

Bergensbispen Erik Pontoppidan reiste opp dalen i 1749. I reisedagboka skriv han:
"Vil man til Tidskorting paa disse fortrædelige og langsomme Trin laane de medfølgende Skydsfolk sit Øre, da have de nok at fortælle om gammeldags fabuleuse Bedrifter og Mirakler ved forannævnte Steenhobe. Snart viser de en stor firkantet Steen, ei uliig en Kiste med Laag paa, hvilket kaldes Norges Skatkiste og skal gjemme et uskatterlig Liggendefæ. Dette har mange Lyst til, men ingen Frimodighed at angribe, da den, der gjorde det sidste Forsøg, som sees af nogle Hug med et Jern under Kistens Laag, skulde være bleven ganske afsindig i sit Arbeide".
Merknad: Liggendefæ = verdisaker. Nårekista - Norges Skatkiste: Har salig Herr Pontoppidan misstydd namnet?

Matkiste

Amund Helland skriv i 1901:
"Længere oppe i dalen findes en sten i form af en kiste, den saakaldte St. Olavs madkiste; den ser du som en kiste med laag. Laaget er imidlertid sprengt fra Kisten".

Utsett kulturminne

Nårekista vart truleg plyndra av skattejegrar i slutten av 1700-talet. Vonbrotne som folk venteleg vart, let dei eventyr og segner gå i gløymeboka.
Ved siste vegutviding vart kista redda i siste liten av grunneigarane. Kan ho reddast ved neste? Ho ligg nær fyrste utkøyring til venstre i stigningen mellom Bjørkum og Seltun, ca. 18 km frå Lærdalsøyri.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Hofman, Niels Erik: Prokantsler Erik Pontoppidans Levnetsbeskrivelse. Odense 1874.
Helland, Amund: Topografisk-statistisk beskrivelse over Nordre Bergenshus Amt. Del 2. Kristiania 1901.
Munnleg informasjon frå:
Olav Magne Bjørkum, Lærdal.

PERMANENT IDENTIFIKATOR