Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Dimma nedre



Dimma nedre er støl for gard nr. 53 Åsebø, gard nr. 56 Apalset, gard nr. 57 Nybø, gard nr. 58 Vereide ytre, gard nr. 59 Gloppen prestegard (Vereide indre). Rett ved sida av stølen ligg Dimma øvre. Dimma nedre ligg ca. 495 m o.h., på fjellet aust for gardane Rye og Føleide. Stølen er romsleg med mange hus. Fjøsane var stort sett plassert ut ved yttergarden med sel og lader inne på kvia. Prestegarden hadde mange bygselmenn, og frå 1890-åra vart mange av desse sjølvstendige brukar. Dei har og fått mindre teigar på prestegarden sin stølsgrunn.

Dimma nedre i vinterskrud.

Dimma nedre i vinterskrud.

Eigar: ??.

Datering: Ca. 1945.

Fotograf: ??.

Tilkomst

Då stølen var i bruk, var det så pass lang veg å fylgje råsa, at stølsjentene gjekk heim annankvar dag og avdrotten vart kløvja. I dag er det bygdeveg opp til Føleide. Vidare 5 km skogsbilveg + 0,5 km rås fram til stølen.

Bruk av stølen

Stølstida varte i vel 2 månader og stølsdrifta heldt fram til kring 1960. Stølsjentene gjekk heim annankvar dag. Dei gjekk ikkje heim same dagane, så det var alltid folk att på stølen. Rømmen og skjøret vart henta med hest 2-3 gonger i veka etter som avdrotten var. Det tok minst 3 timar å hente ei kløv. Mange overnatta nok på stølen og kom heim på føremiddagen med stølsavdråtten.

I førstninga av august kom stølsslåtten. Før utskiftinga av slåtteteigar, var dette nok eit fellestiltak med folk frå alle bruka samstundes. Mykje arbeid, men og godt å koma heimanfrå nokre dagar. Her er både oppeståande høylader og ladetufter, så det kunne nok blir ein del sledelass å køyra heim utpå vinteren.

Gamle rettssaker med interessante opplysningar

I ei Åstedssak på Rye og Føleide i juni 1725 og "Paa den gaard Vereide den 8de Juni 1705 med bemeldte Gloppens Skibredes Almue vart Dom avsagt af Sorenskriver salig Peder Clausen Paust." Det kom fram mange interessante ting frå begge desse sakene m.a. vitnemål om gjeremål 40-50 år tilbake - altså på siste halvpart av 1600-talet.

Mellom anna om stølsdrift: "Sognepræst til Gloppen Præstegjeld ærværdige Herr Peder Skrøder var og personlig for Retten nærværende ¿.. Præstegaarden tilligemed Føleides Kreaturer stedse og alltid har havt Vaarbeite med hinanden var hans Paastand, at det og saaledes herefter maa forblive. Likeledes forklarede han og, at Præstegaarden, samt Aasebø, Vereide, Nybø, Apaldsæter, Andenes og Hjelmesæter alle tilhobe paa deres Sæterbol om Sommeren paa det store Fjeld kaldet Dimmen, som lige for Føleide og Ryes Egne er beliggende¿ Hvorfor han og formodede og paastod at det og saaledes herefter bør forblive".

Noko frå vitnemål frå 1600-talet om namn på tjøremiler m.m.: "¿ Den dane Mand Gabriel Aasebø og vidnede, at Sognepræsten til Gloppens Præstegjæld salig Her. Jens Hanssen i hans Tid gav forlov til at grave Rødder at brende Tjære udi nemlig først Ivergjelden, Børsgjelden, Kaldehaugsgjelden, Vetegjelden, Vatsgjelden og Langehauggjelden men aldrig vist, at Andenæs Opsiddere har hugget eller givet andre Forlov at hugge eller grave Rødder uden hvis de til sine Selhus Reparation og Fornødenhed have brugt¿.. Da blev herom for Ret dømt og afsagt: Saasom Sognepræsten til Gloppens kald meget hæderlig og vellærde Mand Her Peder Skrøder med gamle skjellige Mænds Vidner haver bevist, at Sognepræsterne til Gloppens Kald haver af Alders Tid taget og annammet Skogeleie af alle denem som have hugget Tjæreved udi Dimmens tilliggende Skaug¿..Skogeleien herefter som tilforn at følge Sognepræsten og hans efterkommere til Gloppens Kald, samt Vereides Opsiddere saavidt enhver Formand tilforn bevises at have nydt¿.. Dette til Vitterlighed har vi samtlige trøkt vore Signeter her neden under. Actum Anno Diebus et Loco ut Superius (=Sak, år, dag og stad, som ovanfor). P. Schonvig".

Det kan vere interessant å vite noko meir om tjørebrenning. Eit hefte, Kulturminner i skog, viser m.a. litt om dette. Alle stader i vårt land der det har vore furuskog, har det føregått tjørebrenning. Framstilling av tjøre går tilbake til forhistorisk tid. Gjennom heile middelalderen og fram til vårt eige århundre har tjørebrenning vore ein viktig måte å utnytte skogen på. Tjørebrenning kan gjerast på ulike måtar der tjørehjell og tjøremile nok har vore dei viktigaste.

I Gloppen ser det ut for at alt hadde namnet tjørehjell, som i rettssaka ovanfor, sjølv om det ikkje låg på ein hjell - ei forhøging, men på nokså flat mark. I terrenget kan ein finne restar etter ei rund grop i bakken med ein torvring rundt. Ringen er open på eit punkt der avløpsrenna har gått. Ofte kan ein og sjå ei forseinking for tappeplassen. Den sirkelrunde mila vart først dekka med never for å samle opp tjøra. Deretter vart tyriveden frå røter og gamle tjørefulle furustammer, lagt i konsentriske ringar slik at mila fekk form som ei halvkule. Den vart så dekka med eit torvlag før tyriveden vart påtent. Tjøra vart brukt til å bevare alt av tre, m.a. hus og båtar. For dei som hadde tilgang på slik skog, gav nok tjørebrenning ei viktig tilleggsinntekt.

Nokre fakta

Åsebø, gard nr. 53, Vereide sokn, hadde 2 bruk i 1890; Apalset (gnr. 56) 5 bruk; Nybø (gnr. 57) 2 bruk; Vereide ytre (gnr. 58) 4 bruk; Gloppen prestegard, eller Vereide indre (gnr. 59) 1 bruk. På dei fem gardane var det i alt 164 menneske i 1865. Dette talet hadde auka til 181 i 1900.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 4, side 238, 270, 282, 290, 307. Sandane 1992.
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR