Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Veg frå Florø



Florø vart grunnlagt i 1859 og var i nær 150 år den einaste byen i Sogn og Fjordane. Heilt spesielt var det at byen var veglaus, sjølv om staden var landfast. Først i 1945 fekk Florø vegsamband ut til resten av fylket.

Den nye vegen mellom Klavelandet og Brandsøy på 1930-talet.

Den nye vegen mellom Klavelandet og Brandsøy på 1930-talet.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 1930-40

Fotograf: Normann

Stortingsvedtak gav ein by
I 1858 vart det i statsråd sett ned ein kommisjon med mandat til å greia ut lokalisering av ein kjøpstad eller ladestad i Sunnfjord eller i Nordfjord. Dette hang saman med ønsket om å auka omsetninga av fisk og fiskevarer, og det var ei viss misnøye med handelen i Bergen. Florø vart valt sidan staden låg sentralt langs den indre skipsleia langs kysten. Dessutan låg Florø nær dei økonomisk viktige vårsildfiskeria. Den 16. mai 1860 vedtok Stortinget "Lov angående Oprettelse af et Ladested på Florøen i Kinns Præstegjæld." Ladestaden eller byen fekk plass på dei to gardane Øvre og Nedre Florø der folketalet knapt oversteig 50.

Om vegsamband i kommisjonen si utgreiing
Kommisjonen som utgreidde byspørsmålet, uttrykte alt i 1858 at: "Florøen er desuden saaledes beliggende, at der til samme, om det i sin Tid maatte ansees fornødent, kan anlægges Landevei fra Førde og fra Hyen i Nordfjord, paa hvilket sidste Strøg allerede er over et Par Mile oparbeidet offentlig Vei. Byen vil saaledes tillands kunne sættes i Forbindelse med de indre Distrikter".

Nær 100 år gjekk før kommisjonen sine tankar vart realiserte. Vegarbeidet pågjekk like frå 1922, i hovudsak med naudsmidlar frå staten. Florø var perifer både økonomisk og politisk i fylket heilt til etterkrigsåra. Det er nok forklaringa på at den einaste byen i fylket måtte venta så lenge på å få vegsamband til Førde og omegnen.

Vegkrav frå 1890-talet
Den som først byrja å jobba for vegsamband mellom Florø og Eikefjord var F. T. Lorenzen, ordførar (1888-90) og distriktlege i Kinn (1880-90). Florø bystyre bad ordføraren i 1891 gå til "amtmannen med anmodning om å få veien oppstukket, iallfall inn til Brandsøysundet". Med seg hadde dei Førde, Gloppen og Kinn. Kravet var ei gransking av veg mellom Florø-Eikefjord-Førde og Hyen. Saka vart teken opp av kommunen både i 1892 og 1893, og dei understreka at vegsambandet ville ha stor betydning for dei ytre distrikta. Samstundes vart det arbeidd for veg mellom Førde og Naustdal.

Mange krav, men inga handling
I 1906 valde bystyret ein komite som skulle leggja vegsaka fram for Fylkestinget. Det kom lite ut av forsøket. I den første vegplanen, framlagt i 1906, var ikkje Florø-Brandsøy prioritert før i 1932, og då som bygdeveg. Vegen vidare til Eikefjord var sett opp som hovudveg, men kom utanom 30-årsbolken. I trafikkplanen frå 1919 vert det hevda at Florø "lider under mangelen av landvertsforbindelse med de omliggende distrikter", og at det var "ganske enestaaende" at byen ikkje hadde vegsamband med omlandet til byen.

Til hovudstaden for å be om pengar
I 1920 kom bystyret igjen opp med krav om å byggja "automobilveg" frå Florø til Eikefjord og vidare til Naustdal, Hyen og Sandane. Kinn og Florø ville løyva 7 % tilskot til Florø-Brandsøy. Ordføraren i Florø reiste til Oslo for å søkja om midlar gjennom naudsarbeid.

Naudsmidlar og trugsmål om streik
I 1922 vart vegarbeidet sett i gang for naudsmidlar, mot at distriktet betalte 1/10 av utgiftene. Heile anlegget var kostnadsrekna til kr 353.000. Strekninga Florø-Brandsøysundet (6,1 km) var ferdig i 1937, og prislappen var 330 660 kroner. Arbeidet var ikkje heilt utan konfliktar. Det var ikkje særleg populært då fattigstyret i 1934 nekta å utbetala vegarbeidarane eit lite forskot, som dei meinte dei var lova. Arbeidarane truga med streik dersom forskotet ikkje vart utbetalt. Tidene var vanskeleg for mange. Formannskapet gjorde heilomvending og fattigstyret fekk beskjed om "at arbeidere som har så store familier at de ikke kan klare seg med det forskudd som nu utbetales, får passende tilskudd pr. uke i tillegg til det forskudd som nu utbetales". Akkorden var på kr 0,50 pr time med forsørgjartillegg på kr 0,03-0,12 per time.

Veg via Vevring eller over Ramsdalsheia
Krava om veg vart tekne opp att fleire gonger både av Florø og Førde kommune med støtte frå alle berørte kommunar, men heile tida vart andre anlegg prioriterte. Den første løyvinga til sambandet Førde-Florø kom i 1911, til strekninga Førde-Naustdal. Den siste kom ikkje før i 1937/38. Interessa for veg mellom Florø-Førde auka, særleg etter at det i 1930 vart det vedteke å leggja fylkessjukehus i Florø. Men det var tvil om ein skulle velja lina beinveges frå Naustdal over Ramstadalen, eller om ein skulle velja lina om Vevring. Det siste vart føretrekt, også av Stortinget. Men det var lina over Ramsdalsheia som vann fram.

Tyskarane sette fortgang i vegarbeidet
1937 heldt arbeidet med veg frå Brandsøy mot Eikefjord fram. Fram til krigsutbrotet i 1940 vart det opparbeidd 2 km veg frå Brandsøy. Samstundes kom det midlar til Naustdal-Storebru. Det var viktig for tyskarane å få veg til Førde av strategiske grunnar. Då hadde dei høve til retrett i tilfelle det kom eit alliert åtak mot byen. Vegvesenet var ansvarleg for arbeidet, som vart sett i gang med full styrke. I 1942 sette dei i gang arbeid på fleire parsellar samstundes. Russiske krigsfangar vart og brukte ei tid.

Spørsmål om sabotasje
Vegen var på lange strekningar bygd med høge murar som gjekk rett ned i fjorden. Ein gong dei dreiv med handmuring, gav murfoten etter, så heile vegmuren på rundt 50 m rasa ut i sjøen. Dette vart granska av tyskarane. Det var mistanke om sabotasje, men granskinga synte at utrasinga hadde ei naturleg forklaring. Den nye murfoten vart no sikra med å sprengja han inn i fjellet.
Samarbeidet med den tyske okkupasjonsmakta og vegvesenet var ikkje knirkefritt. Avdelingsingeniør for vegavdelinga i Sunnfjord, Erling Skåre, hadde ansvaret for veganlegget. I juli 1944 vart han arrestert av tyskarane av di han hadde uttala seg negativt om Nasjonal Samling. Vegsjef Alf Torp truga med å stogga heile vegarbeidet dersom Skåre ikkje vart sett fri.

Gjennom Ramsdalsheia til Naustdal
I 1944 var vegen til Eikefjord ferdig. 15. juli 1944 starta Firda Billag rutekøyring mellom Florø-Eikefjord. Sundetunnelen hadde teke lang tid. No vart stordelen av arbeidsstyrken sett inn på det vidare vegarbeidet inn dalen mot Ramsdalsheia. Til saman arbeidde 240 mann på ulike parsellar frå Storebru til Indrekvam bru i Naustdal det siste krigsåret. Våren 1945 kunne ein køyra mellom Florø og Førde på rv 585. Delar av vegen var nokså dårleg. Endeleg ferdiggjering og offisiell opning skjedde først i 1952.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Nagell, Otto: Det norske vegvesens historie med oversikt over Statens vegvesens virksomhet i tidsrommet 1820-1940. Bd. III, Oslo 1950.
Thingnæs, Magnus: Florø Norges vestligste by 100 år. Florø 1960.
Stavang, Harald J.: Flora. Kulturhistorisk vegvisar. Selja Forlag 1999.

PERMANENT IDENTIFIKATOR