Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 16. november 2018

Kategori

Kommune

Kvamsøy kyrkje



Kvamsøy kyrkje er langkyrkje i stein frå kring 1280-1300 som står på den vesle øya Kvamsøy i Balestrand kommune. Kyrkja har 210 sitjeplassar og var, fram til Sæle kyrkje vart bygd i 1903, soknekyrkje i Kvamsøy sokn. Soknet høyrde til Vik prestegjeld fram til 1964, då det vart overført til Balestrand.

Kvamsøy, som berre er 250 m brei og 500 m lang, vert rekna som den minste øya i verda med eiga kyrkje. I tillegg til steinkyrkja og gravstaden er der to fastbuande og eit nedlagt gardsbruk. Eit smalt sund skil øya frå fastlandet, og for dei som passerer på riksvegen like ved, kan det vere vanskeleg nok å få auge på kyrkja innimellom knausar og frukttre. Det er kanskje ei av årsakene til at den vesle kulturperla får mykje mindre merksemd enn ho fortener.

Kvamsøy, som berre er 250 m brei og 500 m lang, vert rekna som den minste øya i verda med eiga kyrkje. I tillegg til steinkyrkja og gravstaden er der to fastbuande og eit nedlagt gardsbruk. Eit smalt sund skil øya frå fastlandet, og for dei som passerer på riksvegen like ved, kan det vere vanskeleg nok å få auge på kyrkja innimellom knausar og frukttre. Det er kanskje ei av årsakene til at den vesle kulturperla får mykje mindre merksemd enn ho fortener.

Eigar: Scandion.com.

Datering: 2002.

Fotograf: FSF.

Kyrkjestaden Kvamsøy

Like fram til Sæle kyrkje vart bygd var dette soknekyrkja for alle som budde mellom Kollangsneset og Stokkabø. Det var eit anna liv her den gongen. Og det vert fortalt om kalde og trasige kyrkjereiser, særleg for dei som budde i den ytre delen av soknet, på Nessane og kring Lånefjorden. Turen var særleg farefull dersom det bles austavind. Då skulle kyrkjefolket helst ha ein god åttring, og dessutan rorskarar som ikkje var av den skvetne sorten. Medan dei sat inne i dei kalde kyrkjebenkene, kunne kyrkjefolket både føle og høyre korleis vêret snudde til vestavind. Dei gamle kalla denne vinden for havgula. Ei slik kyrkjereis i motvind og stampesjø har nok tært på mange, både gamle og unge, opp gjennom tidene.

Mur med utvendige nisjar

På Kvamsøy kan ein stiga i land på ei ny og moderne kyrkjebryggje. Turen over sundet tek berre nokre få minuttar. Etter ein kort spasertur kjem ein til det gamle gudshuset. Sjølve byggjearbeidet er grovt og prega av at det truleg er bygdefolket sjølve som har reist kyrkja. Murveggene er ikkje fullført opp i gavlane, der det siste stykket er av tre. Mykje av steinen kan rett og slett ha vore ballast-stein som skuter på veg innover fjorden kasta frå seg på øya. Sjølve grunnmuren var etter kyrkjegranskar Bendixen sine nøyaktige målingar 1,34 m tjukk. Kyrkjeskipet var 11,09 m langt og 7,82 m breitt, koret 4,15 m langt og jambreitt med skipet, og våpenhuset 2,69 x 7,86 m.

Når kyrkja vart bygd, veit ein ikkje sikkert, men ho er nemnd fyrste gongen i 1349. Byggjestil og profil på vindauga peikar mot tida 1280-1300. Tre av dei små, opphavlege boga vindauga står framleis i veggene, eitt i nordveggen, eitt i sørveggen og det siste på austveggen i koret. Frå innsida er det gøymt bak altertavla og såleis uråd å sjå. På nordsida av inngangen er der ein liten nisje som truleg har vore nytta til å setje helgenbilete i den gong kyrkja var katolsk. Denne er like gammal som kyrkja, og er forseggjort med ei ramme av kleberstein. Her har det truleg stått ein figur av kyrkja og dei sjøfarande sin helgen, skriv Robert Kloster. Ifølgje Kloster er slike utvendige nisjar svært sjeldne. At Kvamsøy-kyrkja har ein slik, skuldast truleg omsynet til dei sjøfarende, at dei til ei kvar tid, uavhengig om kyrkja var opi og presten var til stades, kunne forrette andakt framfor den vesle nisjen og be helgenen om god bør eller bringe han takk for overstått fare.

Tårn og gravkapell

Tårnet over inngangen, som er reist i bindingsverk, skal vere det ein kan lesa om i rekneskapane i 1715-1716. Før den tida stod der truleg fleire tårn som fekk kort levetid. Forklaringa er nok dei mange stormane som skal ha feia over øya, og som gong på gong skal ha sopt kyrkjetaket reint for pannestein. I denne samanhengen vert det nemnt at både gavlkledning og tårn rotna og måtte fornyast. Då det siste tårnet kom på plass, fekk kyrkja samstundes nytt loft. Det vart lagt så lågt at det måtte skjerast hol i taket til øvste delen av altertavla.

I 1686 hadde kyrkja fire små vindauge på kvar side. Innvendig var ho måla og i god stand. Men utvendig var muren "meget brøstfeldig". Grunnvollen på nordsida hadde sokke, og det var store sprekkar i muren fleire stader. Bjelkar langs sidene vart førebels nytta som støtte. Seinare vart det reist støttemurar, ein på kvar side av det nordvestlege hjørnet. Arbeidet vart utført av Andreas murmeister frå Bergen, truleg den same som hogg ut delar av muren der det i 1692 vart sett inn to ganske store, målte vindauge.

I 1725 kjøpte oberst Gerhard Munthe (1671-1729) Kvamsøy kyrkje, og kort tid etter fekk han murt opp eit gravkapell på nordsida av kyrkjeskipet. Døra i nordveggen i kyrkja var einaste tilkomstvegen. Kapellet var på 5 x 5,5 m, og dekka av eit skråtak som gjekk like opp under takskjegget. I alt ni personar knytt til Munthe-familien fekk sin siste kvilestad på Kvamsøy. I kyrkja i dag er der fleire små plater og måla våpenskjold som skriv seg frå gravkapellet og som fortel kven som var gravlagde der. Kapellet vart rive i 1875, og då vart gravene samla i ei fellesgrav.

Overmåla figurar

I 1868 skreiv antikvar Nicolaysen at det i skipet i kyrkja var figurar av dei fire evangelistane, Peter og Paulus, og i koret av Moses og Jesus. Samtlege var måla med limfarge og i overnaturleg storleik. Ikkje lenge etter, i samband med restaurasjonsarbeidet i tiåret som følgde, vart alle figurane overkalka. Men framleis kan ein fleire stader sjå spor etter korleis panel og vegger eingong var måla, i brunraude og kvite bladslyngingar. I våpenhuset viser risset av ein flygande engel, og på ein bjelke viser restar av måling. Folk som har studert materialrestane i våpenhuset, meiner dei kan koma frå dei gamle kyrkjebenkene med dører, som stod i kyrkja tidlegare.

På same tida gjekk det føre seg ein god del endringar og oppussingsarbeid på kyrkja. Nye og større vindauge vart sett inn fleire stader. Tidlegare hadde kyrkja ikkje skiljevegg mot våpenhuset, og der var berre ei enkel stigetrapp opp til galleriet. Det kom vegger mellom skip og våpenhus, dei gamle kyrkjebenkene vart erstatta med nokre nye og enklare. Benkene som vart skifta ut, hadde dører i sidene. I nyare tid er det gjort nokre utbetringar, mellom anna vart taket reparert i 1970-åra. Då Riksantikvaren var på synfaring i 1991, vart det reist spørsmål om ein skulle prøve å restaurere tilbake kalkmåleria, men det kjem truleg ikkje til å skje på grunn av kostnadene eit slikt arbeid vil medføre. Dessutan meiner Riksantikvaren at ein også bør ta vare på døme på overkalka vegger, som i Kvamsøy kyrkje.

Berre i bruk om sommaren

Det vert halde to faste, årlege gudstenester i kyrkja, ei vårpreike i mai og olsokpreike. Ein sjeldan gong er her gravferd for folk som soknar til Kvamsøy. Kista vert frakta ut til øya i motorbåt, og skikken er at kyrkjeklokkene skal lyde alt når gravfølgjet stig på land på kaien. Klokkene slår enkeltslag like til følgjet når opp til porten på kyrkjegarden. Når det er gravferder vinterstid, går sjølve seremonien føre seg i Sæle kyrkje. Kvamsøy kyrkje er ikkje i bruk frå oktober til mai, ettersom ho ikkje har elektrisk oppvarming. Sommarstid vert det ein og annan gong skipa til omvisingar for turistar. Tidlegare har det vore organisert guiding av turistar, og kyrkjekontoret i samarbeid med turistnæringa i Balestrand, har planar om å få til eit opplegg som gjer at turistane igjen får høve til å oppleve den gamle steinkyrkja på Kvamsøy.

Kunst og inventar

På alteret står to toarma lysestakar i messing frå 1688. Nattverdsutstyret er ein kalk og ein disk frå 1600-1650. Døypefonten frå 1500-talet er ein jernring som heng på ein av korskiljestolpane. Dåpsfatet, truleg frå 1500-talet, er i messing. Krusifikset over kordøra er frå 1694-1695. Her er tre lysekroner i messing, ei seksarma i koret og ei opphavleg 14-arma, begge frå 1700, samt ei seksarma i skipet frå 1763. Fire små oljemåleri frå 1700-talet, har motiv frå "Bodskapen til Maria", "Nedtakinga av krossen", "Jesu gravlegging" og "Kristus i Emmaus". Dei er truleg måla av Eric Gustav Tunmark.

Orgelet, eit eldre trøorgel, er bygt ved Vestre Orgelfabrikk på Haramsøy. Her er to kyrkjeklokker. Den eine er frå mellomalderen og den andre frå 1701. Den siste vart omstøypt av ei klokke frå 1688, gitt av almugen. Dei som kosta omstøypinga var den legendariske presten Iver Eriksson Leganger, svigersonen, og bror hans.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.