Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Handelsstaden Solvorn



Inne i ei vik på vestsida av Lustrafjorden, midt imot Ornes på andre sida av fjorden, ligg den gamle idylliske strandstaden Solvorn. Bygda ligg bratt oppover lia og flatar ikkje ut før ved Øvrabø. Nede ved fjorden voks det fram ein tettstad der strandsitjarane budde. I Solvorn finn ein framleis dei gamle bygningane og bygningsstrukturen frå slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Funn av gjenstandar som skriv seg attende til 800-talet syner at Solvorn har hatt god kontakt med omverda frå tidlege tider.

Solvorn ein fin sommardag - bygda ligg bratt oppover lia. Nede ved sjøen ser me til venstre den gamle skrivargarden Christianelyst. Til høgre for denne ligg det gamle strandsitjarmiljøet. Lengst til høgre ligg kaien med Walaker hotell like bak. Midt oppe i lia ligg kyrkja frå 1883.

Solvorn ein fin sommardag - bygda ligg bratt oppover lia. Nede ved sjøen ser me til venstre den gamle skrivargarden Christianelyst. Til høgre for denne ligg det gamle strandsitjarmiljøet. Lengst til høgre ligg kaien med Walaker hotell like bak. Midt oppe i lia ligg kyrkja frå 1883.

Eigar: Luster kommune.

Datering: kring år 2000.

Fotograf: Ukjend.

Lasteplass for Hafslo

Folk frå Hafslo hadde to stader å velja mellom når dei skulle nytta fjorden - Marifjøra for Indrebygdene og Solvorn for Ytrebygdene. Desse stadene vart nytta som lasteplassar og innfallsportar til Hafslo og Veitastrond så lenge sjøen var det viktigaste sambandet i Sogn. Nokon landeveg mellom Solvorn og Hafslo fanst ikkje før på 1800-talet så varene måtte kløvjast - eller berast - att og fram mellom bygdene.

Handel på Vollåker

På 1600-talet budde det handelsmenn og gjestgjevarar i Solvorn, oftast to samstundes. Den fyrste handelsmannen skal ha byrja med handel kring 1650 på vetle Vollåker - der Walaker hotell står i dag. Det var bergensaren Morten Erlandsen. Då han døydde i 1677 overtok sonen Henrik handelen, men dreiv det ikkje til noko større. Då han og kona døydde let dei etter seg berre ei lita stove som dotter deira, Maren, selde for å få pengar til å reisa frå Solvorn.
Om lag 1664 kom bergensborgaren This Nagel til Solvorn og byrja etter kvart med bondehandel. Han var ein rik mann alt før han kom til Solvorn. Nagel slutta tidleg med å driva handel. Handelen gav ikkje så stort utbyte, men han dreiv med utlån av pengar til bøndene. Etter kvart brukte han mykje av tida til å krevja inn landskylda frå jordeigedomane sine - denne vart betalt i varer som han så selde vidare.

Nitter på Walaker

At Solvorn hadde to handelsmenn, og til tider også tre, syner kor viktig staden var. Solvorn var handelsstad også for bygdene på motsett side av Lustrafjorden, som Ornes. Etter år 1700 vart gjestgjevarstadene faste tingstader.
I 1690 tok det unge paret Christen Henriksen Nitter og Birgitte Larsdotter Griis over handelen og gjestgiveriet i Solvorn etter Henrik Mortensen. - Sidan har Nitter-familien eigd og drive gjestgiveriet, og seinare hotellet, her. - Den fyrste tida leigde Nitter husa på vetle Vollåker. Då eigaren døydde i 1696, kjøpte han dei. - På tinget i 1706 ville allmugen i Solvorn ha to handelsmenn i bygda, og rådde til at Christen Nitter og Søren Nagel fekk driva som dei hadde gjort. Nitter vart omtalt av folk som ærleg og reieleg. Han tok alltid rett mål og vekt, og var ein beskjeden og skikkeleg mann.

1700-talet

I 1714 byrja Christoffer Jenssen Lemvig handel på Sanden - om lag der Christianelyst ligg i dag. Han dreiv god handel med "feitevarer" som han kjøpte og førte til Bergen. Sonen Jens dreiv handelen ei stund, men flytte til Årdal kring 1760. Sanden vart selt og vart ikkje meir handelsstad.
I 1730 tok Ludvig Nitter over både handelen og jordbruket etter faren på Vollåker. Han skal ha drive meir med jordbruk enn med handel. I 1734 fekk han privilegium som kremmar og gjestgjevar. Til tider skulle det ha vore smått med handelen - nokre år var det ingen. Bøndene kjøpte i staden varene sine i Bergen eller på Lærdalsmarknaden. Yngste sonen Henrik tok over farsbruket, men budde sjølv på garden Årøy i Sogndal. Denne garden pakta han, medan garden og handelen i Solvorn vart pakta bort. Handelen omfatta då også eit bakeri.
Nagel sin handel på Sjøtun vart kring 1780 overteken av Lars Arnesen Lunde. Det var helst eit øltapperi han dreiv. Lunde døydde alt i 1783 og enkja vart attgift med Christoffer Sørensen Lemvig. Lemvig skal ha drive med noko handel før han overtok farsgarden Bjørnetun.

Sorenskrivargard

I 1813 kjøpte sorenskrivar Irgens den gamle handelsplassen Sanden, også kalla Lemvig-garden. Kring 1820 stod den staselege skrivargarden ferdig. Han kalla den Christianelyst etter kona si - Christiane Louise Smith. Det var ho som ville flytta hit. Huset var den gongen eit av dei største trehusa på Vestlandet. Sidan heldt sorenskrivarane i indre Sogn til her til sorenskrivarembetet vart flytta til Sogndal i 1966.

Strandsitjarstad

Strandsitjarane budde i dei små husa på Solvornstranda - ein gamal allmenning. I den lange naustrekkja låg nausta til fleire Hafslogardar jamsides med strandsitjarane sine. Strandsitjarane dreiv med litt handel, nokre var handverkarar og andre hadde fiske som leveveg. Frå dette miljøet kom det fleire handverkarar som flytta til andre bygder i Sogn, i mange familiar gjekk handverket i arv. Husa her var tidlegare lafta, men har i dag panelvegger. Mange av bygningane er freda og vert sett på som interessante kulturminne.

Handlande på 1800-talet

Walaker vart i 1821 overteke av Erik Henriksen Nitter. Han dreiv handel ved sida av jordbruket. Då han døydde i 1844 tok svigersonen Jakob Lemvig Walaker over. Han var ein framifrå gardbrukar, men ingen handelsmann. Handelen gjekk attende under hans tid. Då Erik Nitter Walaker overtok i 1885 var handelen lagt ned. Ved sida av gardbrukar var han postopnar og dampskipsekspeditør, og var i fleire år ordførar i Hafslo.
Kring 1832 vart det skipa ny handelsstad på Sjøtun. Philip Fraas, som var utlærd bakar, starta bakeri og handel her. Hermund Skakson Hillestad dreiv handelen vidare etter at Fraas døydde. I 1865 er Christian Huun nemnt som landhandlar på Sjøthun. Han var styremedlem i Hafslo sparebank. Sparebanken vart skipa i 1848 og Huun vart vald til formann og i 1849 til kassestyrar.

Eit sentrum i Hafslo herad

Då Hafslo herad vart skipa i 1837 vart det bestemt at heradsstyremøta skiftevis skulle haldast i Solvorn hjå Erik Nitter og i Marifjøra hjå Christoffer Person. Fyrste ordføraren var Ola Trondsen Lid som i 1840 vart etterfølgd av Einar Joranger. Etter kvart vart heradsstyremøta lagt til Prestegarden og i 1875 vart det vedteke å byggja nytt kommunehus på "Hauståkrane", der sentrum i Hafslo etter kvart voks fram. Men ordføraren heldt til i Solvorn til eit stykkje inn på 1900-talet.
Ved kongeleg resolusjon datert 12. januar 1841 vart det oppretta postopneri i Solvorn. Det kom truleg i gang frå februar eller mars same året. Kven dei fyrste som ordna med posten her var, veit ein ikkje sikkert, men frå 1846 vart landhandlar Jacob Walaker postopnar. - Postkontoret i Solvorn vart lagt ned 1. april 1995.

Dampskipsstoppestad

Fylkesbaatane starta rutene sine på Lustrafjorden i 1858. Jacob Walaker stilte i 1859 bryggja si til disposisjon for allmugen, på vilkår av at heradet heldt bryggja vedlike. Han hadde sett bryggja i stand og bygd ho av steinkar. Solvorn var såleis ein av dei fyrste stadene som hadde dampskipsbryggje. I tida då dampskipa dominerte ferdsla på Sognefjorden var Solvorn ein av dei største stoppestadene i Sogn og den største ved Lustrafjorden. Erik Walaker vart dampskipsekspeditør og postopnar her i 1880-åra og vart etterfølgd av sonen Wilken og sonesonen Erik. Walaker-familien styrte kaien til Solvorn vart avvikla som stoppestad i 1964. - I 1963 vart ein ny ferjekai teken i bruk. Ferja trafikkerte strekninga frå Kroken via Ornes og Solvorn til Årdal. På 1990-talet overtok selskapet Luster Fjordtransport ferjeruta mellom Solvorn og Ornes.

Verksemder på 1900-talet

Samuel Moe starta landhandel 2. mai 1882. I 1938 overtok sonen, Magnus, forretninga som då fekk namnet Samuel Moes eftf. Verksemda var ein assortert landhandel som selde mange ulike vareslag. Dei tok imot og selde vidare landbruksvarer som var produserte i distriktet. I tillegg var forretninga autorisert radioforhandlar. - I 1900 starta Sjur Olsen bakeri i Solvorn. Han dreiv denne verksemda fram til 1933 då han overlet drifta til sonen Sigurd Thune. Bakeriet leverte brød og kaker både til Solvorn og andre bygder i Sogn. - L. Kristoffersen bakeri og landhandel var i drift på midten av 1900-talet.
20. mars 1915 opna Brita Øvrebø landhandel med sal av både kolonialvarer og ei mengde andre vareslag. På 1950-talet var butikken driven av Brita og Anton Kvalen. Seinare har Ingolf Kvalen drive butikken. - 1. april 1939 starta Per Brekken landhandel. Den assorterte landhandelen låg like ved kaien. Per Brekken var utdanna revisor og dreiv revisorfirma attåt landhandelen. - Søhoel Sagbruk og kassefabrikk vart starta i 1947 av brødrene Einar og Per Søhoel. Dei produserte fruktkasser til Hafslo og dei kringliggjande distrikta.
Hafslo kraftlag vart skipa i 1941 og hadde hovudkontoret sitt i Solvorn. Det same hadde Hafslo sparebank fram til 1960-talet.

Solvorn i nyare tid

Walaker hadde vore gjestgiveri sidan midten av 1600-talet og i tillegg drive både handel, post, skysstasjon og skipsekspedisjon. Gjestgiveriet vart gjort om til hotell, og på byrjinga av 1930-talet vart det sterkt ombygd. Det fekk då ein nyklassisistisk utsjånad med skifertak og veranda. Rundt hotellet er det ein lun prydhage. Det har særleg vore vestlandsnaturen med fjell, fjordar og brear som har trekt turistane til Walaker hotell. Hotellet har klart å halda på gamle tradisjonar og samstundes følgt med i dei nye tider. Familien Nitter Walaker driv framleis det tradisjonsrike hotellet. - Fjøsen ovanfor hotellet er bygd av materialar frå den gamle kyrkja i Solvorn som vart riven i 1883. Hotelleigaren kjøpte denne på auksjon og bygde den inn i fjøsen. I denne bygningen finn me Galleri Walaker som kvar sommar har salsutstillingar av kunst.
På slutten av 1990-talet heldt Solvorn på å bli utan butikk, men folket gjekk saman om å skipa sin eigen nærbutikk - Solvorn-Bui AS. Staden har både kommunal skule og barnehage, i tillegg er det nokre små verksemder her.
I januar 2003 kjempa Solvorn-Bui AS mot å bli slått konkurs. Folket i bygda må enno ein gong gå saman for å få behalda ein daglegvare-butikk på staden.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Munksgaard, Jan Henrik: Gamle handels- og gjestgiversteder på Vestlandet, Del 3. Sogn og Fjordane. Utgjeve av Kystmuseet i Sogn og Fjordane - Historisk Museum. Bergen 1980.
Førsund, Finn Borgen: Dampen og kaien, Stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998, Selja Forlag. Førde 1998.
Sætherskar, Johs.: Det norske næringsliv, Sogn og Fjordane Fylkesleksikon. Det Norske Næringsliv Forlag. Bergen 1953.
Tang, Per: Hafslo. Ei orientering om Hafslo i gamal og ny tid. Leikanger, 1955.
www.luster.kommune.fjordinfo.no/solvorn.htm:
Solvorn.
www.posten.no/postmuseet/:
Poststeder - en historisk oversikt: Solvorn.
www.infor.no/dhh/norway/hotel/walaker.htm:
Walaker Hotell anno 1690.
www.luster.kommune.fjordinfo.no/walaker.htm:
Galleri Walaker 300 Solvorn.

Nettstader:
http://www.luster.kommune.fjordinfo.no
http://www.infor.no/
http://www.posten.no/postmuseet/

PERMANENT IDENTIFIKATOR