Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 13. april 2018

Sist oppdatert 22. august 2018

Kategori

Kommune

MS«Vestkraft» - på oppdrag i Esefjorden 1963



Ein dag i oktober 1963 kunne folk sjå ein farkost i Esefjorden ingen hadde sett maken til, i alle høve ikkje i Esefjorden: ein tidlegare militær landgangsbåt, no eit spesialfartøy for kraftlinebyggjing. Båten heitte «Vestkraft» og tilhøyrde då Norges vassdrags- og elektrisitetsvesen (NVE). Ved hjelp av «Vestkraft» kom det første kraftspennet over Esefjorden på plass. Arbeidet tok 9 dagar. Avisa Sogn og Fjordane hadde førstsideoppslag om hendinga.

Arbeidet var ei storhending. Avisa Sogn og Fjordane, Leikanger, hadde stort førsteside-oppslag.

Arbeidet var ei storhending. Avisa Sogn og Fjordane, Leikanger, hadde stort førsteside-oppslag.

Datering: 1963

Ledd i stamline Sunnmøre - Sogn

Eseford-spennet 1963 var eit ledd i ei stamline Sunnmøre (Giskemo) – Sogn (Fardal, Sogndal kommune). År 1955 vart LL (lutlaget) Vestlandske Kraftsamband (VK) skipa. Føremålet var å byggja samkøyringsliner (stamliner) for å få betre utnytting av kraftkjeldene i Sogn og Fjordane og søre del av Møre og Romsdal. Vestlandske Kraftsamband hadde kontor på Sandane, Gloppen kommune. Dei første åra åtte ikkje VK kraftliner. Det gjorde kraftselskapa. Men i 1959 fekk VK utvida mandat. No kunne VK også vera eigar. Stamlina Giskemo – Fardal stod ferdig for drift år 1967.

På utkikk etter landgangsfartøy

Frå 1960 var Vestlandske Kraftsamband på leit etter ein høveleg militær landgangsbåt som både kunne brukast til transport av transformatorar og anna materiell til veglause stader, og til byggjing av kraftlinespenn over fjordar. Sommaren 1960 sende VK folk til Skottland for å sjå på ein båt som var til sals der. Båten synte seg å vera i dårleg stand, og eit heller lågt bod frå VK blei ikkje akseptert.

USS «Raritan»

Men året etter dukka det opp ein annan båt, i Norfolk, Virginia, USA. Sivilingeniør Tron Horn i Norges vassdrags- og elektrisitetsvesen (NVE) var på forretningsreise til Amerika, og på oppdrag frå VK tok han òg turen til Virginia for å sjå på båten. Det synte seg å vera ein «fulltreffer», fortel Tron Horn i ein artikkel om landgangsbåten US «Raritan» i Amerika.

Båten var bygd av den amerikanske marinen, men var først ferdig etter at krigen var slutt, sommaren 1945. Båten hadde så å seia ikkje vore i bruk. VK fekk eit godt pristilbod med kort svarfrist, og slo til.

Norsk mannskap overtok båten i Norfolk sist i juli 1961, og sette kurs for ny heimehamn, Ålesund, Norway. Turen over havet gjekk etter «den sørlege Atlanterhavsruta». Etter nøyaktig 14 dagar kom båten inn på hamna i Ålesund, der «Raritan» blei omdøypt til «Vestkraft»

Til Esefjorden

Sommaren 1963 melde avisa Sogn og Fjordane at stamlina Sogn – Sunnmøre omfatta tre fjordspenn i Sogn: 1) over Esefjorden, 2) over Fjærlandsfjorden, og 3) over Sognefjorden (Ramnaberget – Stedjeåsen). Esefjordspennet skulle etter planen strekkjast året etter, og så Sognefjordspennet (bygt i 1967).

Ein dag i oktober gjekk så spesialskipet MS «Vestkraft» inn i Esefjorden. Og det tok ikkje meir enn 9 dagar å få på plass dei fire kablane mellom mastefesta på kvar side av fjorden. Kabellengdene blei dregne opp frå rullar om bord på «Vestkraft» ved hjelp av drageliner og winsjar. Avisa Sogn og Fjordane skreiv mellom anna fylgjande om kablane og arbeidet:

«Spennet over Esefjorden er 1700 m, og mastrene står om lag 400 meter over fjorden på kvar side. Kablane har ein kjerne av stål-kordellar [tvinna trådar] og så ligg det utpå den tre lag av aluminiums-kordellar. Heile kabelen er 34 mm i tverrmål [diameter]. Dette at dei har aluminium ytst, gjer at kabelen må handsamast svært varsamt. Der det er umogeleg å hindra at han ved dragingar tek nedi marka opp etter fjellsidene, er det lagt stokkar og busker til underlag. Slik at kabelen ikkje skal verta dregen mot steinar på marka.»

I desember 1963 hadde bedriftsbladet Fossekallen (NVE) artikkel om «Vestkraft». Artikkelen fortel om fleire transportoppdrag på Sunnmøre. Om «Vestkraft» si rolle i arbeidet med Esefjord-spennet, står det mellom anna:

«Når det gjaldt strekk av 300 kV spennet over Esefjorden, viste det seg at MS «Vestkraft» er godt egnet og med fordel også kan benyttes til fjordspennstrekk. På fotoet ser man båten ligge i Esefjorden under strekkingen. (…) Prinsippet går ut på at winsjer, bremse, linetromler og presse for klemmene, plasseres på båtens dekk. Herfra kjøres linene slepefritt ut til spennmastene og ved hjelp av winsjen på båtens dekk blir linene strukket i pil. All kontroll og kommando foregår på båtens dekk med telefonforbindelse opp til spennmastene og andre aktuelle steder på begge sider av fjorden.»

«Rekordspenn»?

Fylkessoga for Sogn og Fjordane (2017) omtalar Esefjord-spennet 1963 som rekordspenn. Det er rett, men det var ikkje rekordspenn på lengde, som ein kanskje først tenkjer på. Fleire år før, i 1955, bygde firmaet Betonmast eit kraftleidnings-spenn for Sognekraft over Sognefjorden, frå Ramnaberget på sørsida, til Fatlaberget. Med sine kring 4900 m, var dette første Sognefjordspennet i mange år det lengste kraftleidnings-spennet i verda. Men Esefjord-spennet 1963 var rekordspenn i Norge på spenning. Kablane var dimensjonerte for 300 Kv (Kilo-volt).

kjelder:

Fossekallen, bedriftsblad for Norges Vassdrags- og Elektrisitetsvesen (NVE), desember 1963


Avisa Sogn og Fjordane, 09.10.1963


Roll-Hansen, Hege: Soga om Sogn og Fjordane. Band 2. Kraft og motkrefter : etter 1945


NavSource Naval History


«Verdens lengste krafledningsspenn»