Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Øvresetstøylen



Øvresetstøylen er støl for Øvreset, gard nr. 86, og Sætre nedre, gard nr. 87. Stølen ligg fint til i ei høgd på ca. 720 m o.h., med romsleg grøn voll og beiteområde omkring. Ikkje gjerde. Husa ligg konsentrert med eitt eldre fjøs sentralt på stølen og 6 godt vedlikehaldne sel. Det eine selet, kalla Presteselet, høyrde til Kappelangarden på Flølo. Eigar no er frå Jordanger. Det er fleire hustufter på stølen.

Øvresetstølen med fint istandsette hus.

Øvresetstølen med fint istandsette hus.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1997.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

I dag er det ca 3 km rås oppover frå Øvresetkrysset.
Frå bygdeboka: "I september 1844 vart ein kontrakt oppsett på Øvreset som galdt den gamle fjellvegen. Her heiter det mellom anna: Undertegnede Opsiddere paa Gaarden Øvre-Sætre, Skindloe, Skreppe, Jordanger og Fløloe have i dag med hverandre indgaaet en saadan Forening:
Den saakaldte Fjeldrok eller Vei til at drive Kreaturerne til fjelds, som fra Arilds Tid haver været mellom Gaardene Øvre-Sætre og Skindloe, men som i den senere Tid haver været unddraget dets oprindelige Brug, især derved at Gjærdene ere bortkomne, skal for Fremtiden atter indhegnes til Fjeldrok.
Nye gjerde skulle såleis setjast opp. Om nokon ikkje oppfylte arbeidsplikta si med dette, skulle dei betale mulkt."

Bruk av stølen

Frå bygdeboka: "Øvresetstølen ligg ovanfor Haulia. Både Øvreset, Sætre og Flølo dreiv stølane sine i dette området. Vi kjenner også namnet Gamlestølen, om lag 400 m aust for Øvresetstølen, ovanfor Bjøllerabben. Stølen har også vore kalla Gamle-Setersstølen. Brukarane på Sætre har ein gong flytta til Øvresetstølen, utan at vi veit kvifor. Litt nedanfor Øvresetstølen finn vi Fjellgaren, eller Leitingsgaren, som danner skiljemerket mellom heimebeita og stølsbeita. Fjellgaren har gjennom tidene gått heilt frå Øygardane mot Torheim i aust."

Nokre fakta

Øvreset, gard nr. 86, Breim sokn, hadde 5 bruk i 1890. Sætre nedre, gard nr. 87, hadde 6 bruk.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 5. (Upublisert, november 2000).
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR