Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 23. mars 2011

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Koppevaksinasjon på 1800-talet og ein attest



I 1994 sende Turid Nåtedal ein koppeattest frå 1851 til Fylkesarkivet. Ho tenkte dette var ein litt artig attest å ha i arkivet. – Kanskje det ikkje finst så mange att frå denne tida, spurde ho.

<p>&rdquo;Kokoppe-Indpodnings-Attest&rdquo;, datert 23. oktober 1851.</p>

”Kokoppe-Indpodnings-Attest”, datert 23. oktober 1851.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Attesten

Det var 23. oktober 1851 at jordmor Synneve Ohnstad i Leikanger skreiv ut attesten Turid Nåtedal har oppbevart. Papiret fortel at ”Maline Johanesd”, ½ år gamal, dotter til ”Johanes Ellingsen Grinde” i Leikanger, blei vaksinert den 12. juni 1851. Ein gong mellom den 7. og 9. dagen etter vaksinasjonen eller ”indpodningen” konstaterte vaskinatøren ved ”nøiagtig Eftersyn” at vaksinasjonen hadde verka som den skulle; ”blemmene” som hadde utvikla seg etter injeksjonen var ”hele og ubeskadigede, opfyldte med en klar Vædske, i Midten nedtrykkede, og omgivne med en rød Cirkel.” Attesten er førevist soknepresten i Leikanger, Johan D. Haslund, den 30.10. same året.

Livsfarleg sjukdom

Den livsfarlege og epidemiske sjukdomen koppar (variola), i attesten kalla ”Børnekopper”, var temmeleg utbreidd her til lands på 1700-talet. Ingen annan epidemisk sjukdom tok så mange liv. Dessutan vart mange som overlevde gåande resten av livet med vansira ansikt av arra sjukdommen etterlet seg.

Medan koppane nærast fekk herja fritt på 1700-talet, endra dette seg sterkt utover på 1800-talet. Koppeepidemiane tok etter kvart heilt slutt. Grunnane til denne positive utviklinga er fleire, men den avgjort viktigaste er at ein fekk ei heilt ny hjelperåd: vaksinasjon.

Effektiv vaksine

Det var ein engelskmann som utførde den fyrste vaksinasjonen mot koppar. Lækjaren Edward Jenner (1749-1823) hadde lagt merke til at folk i området der han praktiserte, var av den formeining at ”fjøsjenter” som hadde hatt kukoppar – ein jurinfeksjon på kyr – var immune mot den livsfarlege varianten, koppar. Jenner ville prøva dette og eksperimenterte med ein gut. Han vaksinerte fyrst guten med ufarleg kukoppevirus og deretter med koppevirus. Det viste seg at både guten og Jenner var heldige. Guten vart ikkje sjuk av koppane, og Mr. Jenner fekk seinare £ 30.000 av det britiske Parlamentet for å ha funne fram til ei sikker hjelperåd mot koppar.

Vaksinering i Noreg

Metoden med å innpoda menneske med virus av kukoppar for å oppnå immunitet mot koppane, vart snart teken i bruk i stort omfang, fyrst i England, seinare i andre land. Eg kjenner ikkje til kva tid dei tok til å vaksinera mot koppar i Sogn og Fjordane, men i Rogaland veit me at det førekom koppevaksinasjon så tidleg som 1804, snaue 10 år etter Jenner sitt vellukka eksperiment.

Den eldste koppeattesten Fylkesarkivet kjenner til er frå 1810, same året som det kom kongeleg forordning om obligatorisk koppevaksinasjon i Danmark-Noreg. Etter denne forordninga kunne ingen verta konfirmert eller ektevigd utan å visa prov på koppeimmunitet, enten ved ein vaksinasjonsattest, eller ved å syna fram umiskjennelege arr som viste at ein hadde hatt sjukdommen naturleg. Målet var kort og godt at heile befolkninga skulle verta koppeimmun.

Vaksinatørar

Det sa seg sjølv at det måtte ta fleire år før ein nådde så langt. Det skorta i fyrstninga på nesten alt det mest nødvendige; pengar, vaksine, opplysning og vaksinatørar. Det siste fann ein løysning på ved at det i kvart prestegjeld vart autorisert såkalla hjelpevaksinatørar. I kvart prestegjeld vart autorisert hjelpevaksinatørar. I fyrstninga var dette oftast menn, men etter kvart kom kvinnene meir og meir med.

Hjelpevaksinatørane skulle føra protokoll med fylgjande rubrikkar: fortløpande nummer, namn på den vaksinerte, kjønn, alder, fødestad, foreldre og deira næringsveg, helsetilstand, vaksinasjonsdato, dato for attestutskriving og merknad. Attesten måtte folk ta med seg og visa fram for presten som på grunnlag av denne noterte opplysningar i eit vaksinasjonsregister i kyrkjeboka. Protokollar for koppevaksinasjon kan førekoma lokalt i kommunale arkiv og i statsarkiva. Nokre protokollar finst truleg og tekne vare på privat.

Vaksinasjonsattestar

Kva så med ”verdien” av slike ”Kokoppe-Indpodnings-Attest”-ar som Turid Nåtedal sende Fylkesarkivet ein kopi av, er det noko å gøyma på? Me kan vel fyrst seia at det ikkje er uvanleg at det er teke vare på attestar frå 1800-talet, men slett ikkje i slikt omfang at dei er daglegdags å sjå. Koppeattestane er interessante historiske spor som seier noko om helsestellet på 1800-talet, men truleg er dei mest verdifulle som personalhistoriske klenodier.
 

kjelder:

Norsk Allkunnebok, bind 6, 1954