Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 12. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Galdeverpet - lakseverp i Ortnevik



Gilja på Galdeverpet i Ortnevik i Sogn rakk tolv meter over sjøen. På denne staden har det vore fiska laks i over 150 år. Ei tid var det over femti aktive lakseverpe i Sognefjorden. Fleire av dei skaffa store inntekter til eigarane sine.

Galdeverpet i Ortnevik i Høyanger kommune var fram til år 2000 det mest komplette lakseverpet som stod att i Sognefjorden.

Galdeverpet i Ortnevik i Høyanger kommune var fram til år 2000 det mest komplette lakseverpet som stod att i Sognefjorden.

Eigar: Terje Eggum.

Datering: 1996.

Fotograf: Terje Eggum.

Galdeverpet - eitt av mange lakseverpe

Den 12 meter høge gilja på Galdeverpet like vest for Ortnevik datt ned i år 2000. Ho var ei av dei siste som står att langs fjorden. Galdeverpet var eit komplett anlegg, med gilje, hytte og rage, og her var det godt laksefiske. - Det meste eg var med på var 84 laksar på ein dag, og det var i 1947, fortalde Kåre Østerbø (1925-1998) i 1995.

Bilete av gilja på Galdeverpet.

Det er også på Galdeverpet ein finn sporet etter den største laksen i Sognefjorden. Inne i det eine av dei to små husa på staden er det bygd eit isrom. For å koma til dette rommet må ein opna ei gamal dør, og på denne døra er laksen rissa av. - Denne laksen vart teken ein gong på 1920-talet, og truleg har det vore ein Årøy-laks, fortalde Kåre Østerbø. Ingen kan seia kor tung denne var, men truleg har ruggen vore opp mot magiske 35 kilo. Sjølv bar ikkje Kåre Østerbø teke større laks i nota på Galdeverpet enn 25 kilo.

Det var godt fiske på Galdeverpet i Ortnevik. I dei gode åra utpå 1930-talet var fangsten oppe i eitt hundre laksar på ein dag. Kåre Østerbø fortalde at mykje er skrive ned på veggene i den gamle laksehytta på Galdeverpet. Men dette ligg i dag under panelen. Det var vanleg i si tid å notera ned dei store hendingane. - Alle rekordar vart noterte på veggen, sa Østerbø.
- Far min fortalde at dei eit år hadde 307 laksar innan jonsok. I mi tid hadde vi 37 laksar i eitt drag, og snittvekta var 10 kilo. Men så seint som i 1974 hadde vi 24 laksar i ei vende, sa laksefiskaren frå Ortnevik, og han hugsa godt datoen: 24. juni. Det beste laksefisket var omkring midtsommarbel.

Bilete av Kåre Østerbø.

Brukt i fleire hundre år

Lakseverpene med gilje og not er ein fleire hundre år gamal fiskemåte. Fram til midt på 1800-talet var dei nesten einerådande. Men fram mot slutten av 1800-talet kom ein ny reiskap, kilenota. Og denne kom snøgt. Kilenota var sjølvfiskande i motsetnad til lakseverpet, eller sitjenota, som kravde medverknad frå to mann. Dei sat oppe på toppen av gilja og stirde ned på sjøloket. Når laksen kom, kunne dei sjå fisken teikna seg mot ein kvit flake som var plassert under nota. I den neste stunda drog dei i to tau, og laksen vart stengd inne. Sidan var det å gå i færingen, ro ut til nota og vippa laksen om bord. Det tok ikkje meir enn fem minuttar frå dei drog i tauet til dei var oppe på gilja att og på ny klare til å dra føre.

Strilane med ny kunnskap

For over hundre år sidan kom strilane til Sogn med ny og frisk kunnskap om laksefisket i sjøen. Dei tok opp nye verpe heilt inn til indre Sogn. Også på Galdeverpet var det strilar først. Gamle kontraktar viser at dei var i full gang med å posisjonera seg i fjorden frå 1850. Dei flinke laksefiskarane frå grannefyIket i sør, frå Osterøya og distriktet omkring, skreiv lange kontraktar med grunneigarar like inn til Lærdal.

Gode inntekter

Laksen i Sognefjorden førte velstand til folk lenge for oppdrettsnæringa kom på bana. I åra før og etter siste krigen, og like til inn i nyare tid, hadde laksefisket inne i fjorden stort omfang. Fleire sjølaksefiskarar frå Leikanger til Solund la seg opp mykje pengar på det gode fisket. Gjennom ti-tolv veker med intenst laksefiske kunne mange av dei henta seg inntekter tilsvarande mange gonger løna til ein industriarbeidar. Inne i fjorden var det dei som hadde eit godt verpe, og ei kilenot eller to i tillegg, som gjorde best pengar. Men ute i Solund, og delvis Gulen og Hyllestad, dei reine kystkommunane i Sogn, kom inntektene gjennom kilenøtene, og seinare frå driv- og krokgarna.

Bilete av lakseverpet i Balestrand.

Slutt i 1990

Det er snart ti år sidan dei siste lakseverpa gav seg. I dag er dei gamle verpa kulturminne.. Kåre Østerbø i Ortnevik var den siste som heldt ut. Han slutta i 1990. Dette er sørsida av Høyanger kommune, og lengre vest, på Akre og Kvernhusneset, fiska dei med sitjenot til sist på 1980-talet. Dei andre sitjenøtene i Sognefjorden var ute av soga før 1980, mange alt frå 1960-åra. Men midt på 1950-talet hadde Sognefjorden over femti aktive verpe, eller halvdelen av alle slike reiskapar i Noreg. Dei stod i sjøen og på land frå Lærdal til Hyllestad og Gulen. Sognefjorden var sitjenota sin siste sterke bastion i kongeriket. I den lange fjorden klarte kilenota aldri å slå ut den gamle reiskapen. Etter at gilja på Galdeverpet datt ned, står det no berre att giljer 3 stader i Sognefjorden.

Kunstkort med lakseverpe som motiv.

kjelder:

Eggum, Terje: Siste bastion for det gamle laksefisket. I Fjord og Kyst. Nr. 3, 1997.
Eggum, Terje: Laks i sikte. Leikanger, 1997.

PERMANENT IDENTIFIKATOR