Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 24. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Kamp om vegmidlane i indre Nordfjord



Mot slutten av 1800-talet var det ein intens dragkamp mellom dei tre kommunane Stryn, Eid og Hornindal om vegmidlane. Eid ville ha veg til Stryn, Stryn ville ha samanhengjande veg til Oppland, og Hornindal ville ha vegen mellom Eid og Stryn, men lagt på nordsida av Hornindalsvatnet.

Turistskip i Stryn i 1910. Ein av grunnane til at Stryn kommune ivra slik for å få veg langs Strynevatnet var dei mange turistane som kom med skip, og som ville køyra over Strynefjellet til Geiranger. Båtturen på Strynevatnet forlenga turen for turistane. Jo betre veg, di fleire turistar, var nok tanken bak. Turismen var ein viktig faktor når det galdt å argumentera for veg. Strynefjellsvegen var også bygd med tanke på turisme.

Turistskip i Stryn i 1910. Ein av grunnane til at Stryn kommune ivra slik for å få veg langs Strynevatnet var dei mange turistane som kom med skip, og som ville køyra over Strynefjellet til Geiranger. Båtturen på Strynevatnet forlenga turen for turistane. Jo betre veg, di fleire turistar, var nok tanken bak. Turismen var ein viktig faktor når det galdt å argumentera for veg. Strynefjellsvegen var også bygd med tanke på turisme.

Eigar: Fylkesarkivet. SFFf-1991100.118670

Datering: 1910

Fotograf: J. K. Maurseth

Krangel mellom Nordfjordeid og Stryn

I 1876 vart det for første gong reist krav om veg mellom Nor og Tonning (Stryn). Kravet kom i eit sammøte mellom Eid, Innvik, Hornindal og Stryn. Med i kravet var ei sideline til Faleide. Men kommunane greidde ikkje å bli samde om kvar vegen skulle gå, dei kjempa alle for sine lokale vegkrav. Eid kommune ville leggja vegen på sørsida av Hornindalsvatenet, medan fleirtalet i Hornindalen ville ha veg på nordsida av vatnet.

Hornindal ønskte utbetring av vegen til Grodås

Vegen mellom Stryn og Hornindal var i dårleg forfatning. Primært ville difor Hornindal ha ny veg til Grodås før det vart bygd veg langs Horindalsvatnet. I 1893 vedtok Hornindal kommune at ein ikkje måtte pressa for hardt på å få veg langs vatnet, slik at omlegginga av Kjøs-Grodås vart utsett, "for denne vei er ledd i veiforbindelsen Vadheim-Sunnelven".

 Stryn ville ha veg langs Strynsvatnet

For Stryn kommune var spørsmålet om veg langs Strynevatnet viktigare enn veg til Nordfjordeid. Det vart difor strid om kva for strekning kommunane skulle gå inn for først; strekninga Berstad-Hjelle eller Langesæter-Skaugset. Veg mellom Stryn og Berstad vart bygd i 1878-82 for statsmidlar, så Stryn kommune ville prioritera veg vidare til Hjelle. Ordførar Aarnes i Stryn hevda at veg til Eid ikkje ville vera nokon føremon for Stryn anna enn som drifteveg og sambandsveg mellom bygdelaga.

Vegdirektøren ville prioritera hovudvegen til Sandane

Vegdirektøren ville ha Bergheim-Reed før vegen langs Strynevatnet. Fylkestinget gjekk inn for Langesæter-Skauset med arm til Grodås. Departementet strauk framlegget, men Stortinget løyvde likevel 10.000 kroner i 1898, og dermed var anlegget i gang.

Nordfjordeid vann striden om løyvingar

I 1904 var Langesæter-Grodås ferdig, og Stryn ville igjen prioritera veg langs Strynevatnet før ein bygde vegen vidare langs Hornindalsvatnet. Eid kommune vende seg til generalstaben, som fastheldt at vegen langs Hornindalsvatnet hadde stor militær interesse og burde komma før vegen langs Strynevatnet. Vegsjefen og fylkesmannen ville heller ikkje endra planane, då det kunne få uheldige konsekvensar. Eid hadde såleis vunne fram i den lange dragkampen om vegmidlane. I 1915 var vegen langs Horindalsvatnet ferdig. Stryn, Grodås og Eid hadde då eit samanhengjande hovudvegsamband. Mellom Nor og Skauset hadde vegen framleis bygdevegstandard.

Veg langs Strynevatnet

Først i 1913 kom den første løyvinga til vegen langs Strynevatnet (15 km med 4 m brei veg). Anlegget fekk nær heile hovudvegløyvinga til Nordfjord på det vanlege budsjettet og dessutan naudsarbeidstilskot. Distriktstilskotet var 1/5. Kostnaden vart langt høgre enn rekna med, då det var stor prisstigning i etterkrigstida. Anlegget stod ferdig i 1924, og dermed var det samanhengjande veg frå Nordfjordeid til Austlandet over Strynefjellet.

 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Helland, Amund: Topografisk-statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus Amt, bd. 1 og 2. Kristiania 1901.
Nagell, Otto: Det norske vegvesens historie med oversikt over Statens vegvesens virksomhet i tidsrommet 1820-1940, bd III. Oslo 1950.
Seip, H.: Sogn og Fjordane Fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. Sogn og Fjordane fylkeskommune 1958.

PERMANENT IDENTIFIKATOR