Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Gjestgjevarstaden Furesund



Garden Furesund ligg på Furøy like sørvest for Florø. Sjølve sundet ligg mellom Furøy og Ausa. Farvatnet er djupt og reint, slik at forholdsvis store båtar kan segla gjennom. Det var dei gode seglingsforholda og den gode hamna som var føresetnaden for plasseringa av gjestgiveriet.

Den gamle gjestgiveri-bygningen ligg både idyllisk og strategisk til ved det djupe og reine Furesundet.

Den gamle gjestgiveri-bygningen ligg både idyllisk og strategisk til ved det djupe og reine Furesundet.

Eigar: I Gamle handels- og gjestgiversteder på Vestlandet. Del 3. Sogn og Fjordane.

Datering: Kring 1980.

Fotograf: Ukjend.

Gjestgiveri og skysskiftestad

Furesund var i gammal tid ein viktig gjestgjevar- og skysskiftestad mellom Smørhamn og Sauesund. Alt tidleg på 1700-talet vart det også drive litt kremmarhandel her.
 

Dei fyrste gjestgjevarane kom til staden på slutten av 1600-talet. I 1679 eigde Nils Andersson Foss ein del jord her, og frå 1687 til 1712 vart han nemnd som gjestgjevar i Furesund. Ettermannen hans var svigersonen Berent B. Lam som var gjestgjevar i Furesund til han døydde i 1722. I 1716 sende Lam klage til stiftsamtet på at fleire bønder i distriktet handla ulovleg med tobakk og diverse andre varer. Same året vert Furesund omtalt som ein holme der det verken kan såast eller haustast. Då Lam døydde fekk Didrich Fester gjestgjevarløyve her.
 

I perioden 1700-23 måtte gjestgjevaren betala ein halv riksdalar i årleg grunnleige til Kinna-kyrkja. Vilkåra for å få gjestgjevarløyve var at dei skulle halda godt losjement, god mat, godt øl og brennevin mot ein rimeleg penge og til rett mål og vekt.

Bergensborgarar

Utover på 1700-talet var det mange bergensarar, eller folk med tilknyting til Bergen, som eigde staden. Mellom dei var Claus de Lampe som dreiv her fram til 1739. Futen, Thiis Nagel, skreiv i 1738 til stiftsamtet og klaga på at Lampe både var trassig og vrangvillig. Nagel ville ha ein ny og dugande gjestgjevar. Lampe skal ha etterlate seg gjestgiveriet i slett stand. Han vart etterfølgd av Jens Block som dreiv Furesund i om lag ni år, til 1748. Same året overtok Hans Petter Diche som gjestgjevar. Han hadde fått både gjestgjevar- og kremmarløyve. Diche døydde i 1756 berre 31 år gammal. Enkja, Madame Gidske Kirstine Søblad, og borna deira, overtok som eigarar av Furesund.

Mange eigarar på kort tid

Mons O. Grytten byrja med handel i Furesund i 1758. I 1762 kjøpte han staden og fekk kongebrev med løyve til å driva gjesthus og skjenking av øl og brennevin. Grytten døydde alt året etter han hadde fått løyvet. Enkja Maren Susanne, "Massi", dreiv staden vidare. I 1764 gifta ho seg med Johan Lyder Diche, brorson til Hans Petter Diche. Johan Lyder Diche omkom i ei drukningsulukke i 1765, og Massi vart på ny enkja.
 

Enkefru Diche gifte seg i 1769 opp att med Jens J. Helmer som då overtok som gjestgjevar og skysskaffar. Ho døydde i 1775 og Helmer dreiv Furesund fram til han selde staden i 1789.
 

Det var bergensaren Jens Lind som kjøpte gjestgiveriet i Furesund og i tillegg to skjenkestover i Batalden. Då han døydde ti år seinare, tok enkja over. Ho budde i Bergen og styrde gjestgiveriet ved hjelp av ein gesell (handelsbetjent). I 1801 var Matis Hansen gesell i Furesund. Han budde her i lag med ni andre personar, åtte av dei var tenarar med tilknyting til gjestgiveriet.

Kjøpmann Dahl

Sjølv om det hadde vore drive noko handel her på 1700-talet, var det fyrst i 1807 at eigaren fekk handelsprivilegium. Kjøpmann Hans Martin Dahl overtok i 1847 Furesund etter Lind-familien. Dahl måtte gjera gode pengar her, for under det rike sildefisket kring 1860 var Furesund ein viktig handelsstad.
 

H. M. Dahl var sterkt påverka av presten Carl Brein og vart ein religiøs mann. Han la ned brennevinshandelen då han såg at brennevinsskjenkinga rundt om på gjestgjevarstadene gjorde mykje skade. Furesund vart etter kvart ein samlingsstad for dei truande og det budde ofte emissærar her.
 

Dahl dreiv handel i Furesund fram til 1891, men etter han var det ingen som dreiv handelsstaden vidare. Den nye byen, Florø, som låg like ved, hadde overteke handelen og tida var ute for slike små handels- og gjestgjevarstader som Furesund.

Postopneri

I eit rundskriv frå Departementet av 28. mars 1843 er Furresund nemnd som poststad i samband med at her var stoppestad for dampskipet "Nordcap". Men kan ikkje reknast som offentleg postopneri før det 30. november 1852 vart vedteke at eit postopneri skulle vera i drift i Furesund frå 1. januar til 15. mars 1853. Dette var på grunn av fisket. Samstundes vart det skipa ei bipostrute som skulle gå til Førde postopneri ei gong i veka. Furesund ser ut for å ha vore postopneri berre i 1853, for staden er ikkje nemnd som postopneri i seinare portotakstar eller lister.

Bygningane

Det står i dag fem bygningar i Furesund: eit våningshus, eit eldhus og to sjøbuer og eit naust. Våningshuset er ein bygning i halvannan etasje med pultark og halvvalma tak. Like nord for dette står ei gammal sjøbu. Eit naust bles ned under nyttårsorkanen på 1990-talet. Fleire eldre sjøhus langs sundet er no borte, men steinmurane står att og syner kvar dei har stått. Den gamle handelsbua skal ha stått nær det søraustlege hjørnet på våningshuset, men det er berre grunnmuren att av denne.

Frå gjestgiveri til bustad

I 1900 var det to hushald i Furesund. Andreas Rotenæs, fødd i Førde, var gardbrukar, noteigar og laksefiskar. Han var gift med Maren og hadde ni born, - to søner og sju døtre. Den andre famlien som budde på Furesund talde berre fire personar. Fiskar og dagarbeidar Elias Vilhelmsen var gift med Nille og hadde to søner, Vilhelm på fire år og Olav på to.
 

Også sidan har Furesund tent som bustad for gardbrukarar og fiskarar o.l. Noko handel eller annan næringsverksemd er her ikkje. I matrikkelen frå 1950 står Alisa Færøyvik som eigar av staden. Femti år seinare er Furesund framleis i familien Færøyvik si eige. I 1999 var det arvingane etter Arne Færøyvik som stod som eigarar.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Munksgaard, Jan Henrik: Gamle handels- og gjestgiversteder på Vestlandet, Del 3. Sogn og Fjordane. Utgjeve av Kystmuseet i Sogn og Fjordane - Historisk Museum. Bergen 1980.
Stavang, Harald J.: Flora - Kulturshistorisk vegvisar. Selja Forlag, Førde 1999.
Joleik, Albert A.: Soga om Flora, fram til 1801. Utgjeve av Flora Sogenemnd. Bergen, 1980.
Postmuseet:
Poststeder en historisk oversikt: Furesund.

PERMANENT IDENTIFIKATOR