Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 15. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Forfattaren Kristian Elster d.y.



Kristian Elster d.y. (1881-1947) hadde solide røter i embetsmannsmiljøet i Førde. Dette kjem fram i forfattarskapen hans. Elster var elles mest kjend i samtida si som litteraturskribent med hovudstaden som base.

Vi ser tunet på Førde prestegard  med det store våningshuset, som vart bygt i 1924, til høgre, med dei andre gardshusa rundt tunet og løa til venstre. Lengst til venstre ser vi litt av sorenskrivargarden Volden.

Vi ser tunet på Førde prestegard med det store våningshuset, som vart bygt i 1924, til høgre, med dei andre gardshusa rundt tunet og løa til venstre. Lengst til venstre ser vi litt av sorenskrivargarden Volden.

Eigar: Johan Ottesen.

Datering: 24.05.1963.

Fotograf: Telemark Flyselskap AS.

Bakgrunn og oppvekst

Kristian Elster vart fødd 17. mars 1881 i Trondheim. Foreldra var forfattar og forstmann Kristian Elster d.e. (1841-1881), som døydde kort etter at sonen vart fødd. Mora var Sanna Fasting (1845-1926). Straks etter ektemannen hennar døydde, flytta ho med dei tre sønene sine til heimstaden Førde, der faren var prest og svigerfaren sorenskrivar. Ho hadde ei sterk forteljarglede, og var eit naturleg familie-midtpunkt. O. W. Fasting, kjend for forteljingar frå traktene rundt Førde, var bror hennar.

Elster voks opp i Førde, og der var han ofte i feriane. Naturen i Sunnfjord og embetsmannsmiljøet går stadig att i forfattarskapen hans. Familien flytta til Kristiania då han var sju år. Han tok juridisk embetseksamen i 1905. I åra 1905-1907 arbeidde han som sorenskrivarfullmektig i Mandal, og deretter i Landbruksdepartementet til 1918. Han vart gift i 1920 med Ragnhild Poulsen (1885-1958). Ein son var forfattaren Torolf Elster (f. 1911) Kristian Elster døydde 6. november 1917 i Oslo.

Forfattarskap

Elster debuterte i 1907 med boka "Fortellinger". Frå 1911 arbeidde han som teater- og litteraturkritikar i aviser, og vart heiltidsskribent frå 1919 i Aftenposten og Nationen. Philip Houm har sagt at ei bokmelding av Elster kunne avgjere lagnaden til ei bok, "og gjorde det ofte".

Han skreiv i alt 20 romanar og tre samlingar med forteljingar, fire skodespel og ei diktsamling. Sjølv om han hadde arbeidet sitt i hovudstaden, kjende han seg visstnok aldri fullt ut som bymenneske, men hadde eit levande ankerfeste til oppvekstmiljøet i Førde. Og i bøkene finn vi veksling mellom miljøet i hovudstaden og i Førde, der embetsmannsklassen er i fokus. Eitt av emna hans var embetsmannsgruppa sitt sosiale fall i det moderne samfunn. Dette vert godt skildra i ein av romanane "Av Skyggenes Slekt" (1919). Denne boka er gjerne sett på som hovudverket hans. Her finn vi vare og fine naturskildringar, som denne:
"Det var endelig tatt til å regne. Det var begynt med en fin, tett regn som var kommet i byger inn fra fjorden, med solglimt imellom. Så samlet fjellene det, og nu sank det tett regn over de grønne marker, og bjerkene bøyde seg og duftet i veten. Og bekkene vokste og suste. Og Prestegårdsgroven gikk som alltid i en fart, full av vann." Det er ikkje ofte vi finn regn skildra så positivt og vakkert i litteraturen.

Elster hadde ei stor forteljarglede. Romanen "Min bror Harris" frå 1917 er rekna som gjennombrotet i forfattarskapen hans. Elster si litteratur- og teaterkritiske skriving i aviser og andre publikasjonar var omfattande. Det var òg det to bind store verket "Illustrert Norsk litteraturhistorie", som han skreiv på to år på tjuetalet. Å skrive 1400 sider på to år var umenneskeleg, og helsa hans fekk ein knekk. Dei to forfattarane, far og son Elster, har fått ei gate kalla opp etter seg i Førde, Elstervegen på Prestebøen.

kjelder:

PERMANENT IDENTIFIKATOR