Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Kjempebjørka på Indre Gil



På garden Indre Gil, 1 km vestafor Sørbøvåg og 50 m frå fylkesvegen, veks ei uvanleg stor bjørk. Truleg har kjempebjørka vore eit tidlegare tuntre.

Gilsbjørka sett frå aust. Bjørka er 18 m høg og har ei mektig krune. Ein høg steingard til høgre i biletet dannar skiljet mellom gammal innmark og utmark.

Gilsbjørka sett frå aust. Bjørka er 18 m høg og har ei mektig krune. Ein høg steingard til høgre i biletet dannar skiljet mellom gammal innmark og utmark.

Eigar: Avisa Firda.

Datering: 1996.

Fotograf: Atle Ness.

Eit prakteksemplar av ei bjørk

Kjempebjørka er 18 m høg og har ei "livvidde" på 3,4 m 1 m over bakken. Ingen veit kor gammal denne bjørka er. Sjølv dei eldste i bygda hugsar henne som eit stort tre. Det er rimeleg å tru at ho er langt over 100 år.
Og bjørka ber alderen godt. Ho har tett med kraftige greiner og eit friskt lauvverk. Til dessar har ingen sett teikn til rote. Men så har då bjørka ein ideell voksestad. Det er lunt oppi lia, oppunder steinura og bergskråninga bakanfor, og med godt vassig der treet står.

Truleg eit tidlegare tuntre

Kjempebjørka på Indre Gil var truleg tuntre då gardstunet låg lenger oppe i lia i høve til nåverande tun. Mellom bjørka og lia bakanfor går det ein høg, mosegrodd steingard i skiljet mellom innmark og utmark.

Kraftlaget viste omsyn

I 1995 var det fåre for at bjørka hadde vorte kappa ned i samband med fornying av kraftleidningane. Men grunneigar gjorde "anskrik". Meldinga kom fram i god tid, kraftlaget viste omsyn, og leidningstraseen vart flytta litt. Framleis kan Gilsbjørka glede oss med si kjempekrune.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Avisa Firda. Førde, 08.05.1996.

PERMANENT IDENTIFIKATOR