Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 15. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Helle Teglverk



Frå 1890-åra til kring 1920 var gamle Fjaler kommune best forsynt med industriell aktivitet i Sogn og Fjordane. To teglverk vart dei største tiltaka før 1900. Helle Teglverk vart starta opp i 1895, og Vårdal Teglverk i 1897. I 1905 var 52 personar sysselsette på dei to verka. Tidleg på 1960-talet vart Vårdal Teglverk kjøpt opp av Helle Teglverk, som var i drift til 1978.

Helle Teglverk. Huset bak den minste pipa er styrarbustaden. Verksbygningen brann ned i 1993.

Helle Teglverk. Huset bak den minste pipa er styrarbustaden. Verksbygningen brann ned i 1993.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane/ Kjell Eikemo.

Datering: 1991.

Fotograf: Kjell Eikemo.

Marknad for teglstein

Både i Helle og Vårdal var det store førekomstar av leire. Denne var grunnlaget for produksjon av teglstein. Det var bergensaren Johan Jenssen i Holmedal som i 1895 tok initiativ til å starte Helle Teglverk A/S. På den tida var det høg byggeaktivitet i byane, og i Bergen var det stor trong for teglstein. Fleire stader kom nye teglverk i drift.

Drift til 1978

Men etter 1900 gjekk etterspurnaden etter teglstein frå Helle nedover, og avsetnaden svikta. I 1907 gjekk Teglverket konkurs. Etter dette tok den tidlegare driftsleiaren på Vårdal Teglverk, Jørgen Helgerud, over verket på Helle. Drifta vart modernisert, noko som innebar omlegging til maskinforming av mursteinen, innkjøp av valseverk og kjedegravemaskin og omlegging til elektrisk drift.
Etter 1907 var Jørgen Helgerud mellom dei nye aksjonærane i teglverket. Med tida vart Helgerud-familien eineeigarar. Dei skaffa seg og halvparten av aksjane i Vårdal Teglverk, og kjøpte resten i 1968. Omsetnaden av teglstein vart betre. Helle Teglverk var i drift kvart år til det vart avvikla.

Konkurranse og råstoffvanskar

I oppbygginga av landet etter krigen 1940-1945 vart mange byggevarer rasjonerte. For teglsteinen sin del galdt dette heilt fram til 1957. Teglsteinen møtte konkurranse frå andre typar stein, som sementstein, siporex og leca. Desse sortane overtok raskt marknaden som teglsteinen tidlegare hadde dekt.

Leira på Helle er grov og inneheld mykje sand. Dette gav stor slitasje på maskineriet. På grunn av den dårlege kvaliteten på leira vart teglstein frå Vårdal og Helle for det meste nytta som bakmurstein.

Bilete av ei vagge som vart brukt til å frakte rålaire frå leirhola.

Arbeidsplassar og fagorganisering

Teglverka ved Dalsfjorden gav tiltrengte arbeidsplassar i dei små bygdene, med om lag 35-40 ved kvart verk. Mange kombinerte arbeidet ved verka med å drive eit lite småbruk. I dårlege tider med fulle lager av teglstein, kunne det vere godt å ha fleire bein å stå på. Etter krigen vart verka moderniserte, og i 1950-åra var 65 til 70 mann sysselsette på dei to verka.

Bilete av teglverksarbeidarar.

I 1920-åra gjekk salet av teglstein dårleg, og det vart ofte permitteringar. Fleire vart gåande arbeidslause i periodar. Men i Dalsfjordområdet, der industriarbeidarane hadde sin bakgrunn frå småbruk, og ofte hadde småbruk sjølv, kom den organiserte arbeidarrørsla seint i gang, nemleg ikkje før i 1930. Då vart Vårdal Arbeidarforeining skipa.

Arbeidarforeining

Helle Arbeidarforeining vart skipa i 1936, og det ser ut til at lønskampen var hovuddrivkrafta bak denne organiseringa. Teglverksarbeidarane organiserte seg samstundes i Bygningsarbeidarforbundet. Straks etter vart det betre løns- og arbeidsvilkår. Men forholdet til leiinga ved teglverka vart til tider tilspissa, noko som resulterte i oppseiing av aktive fagforeiningsmedlemer. Teglverkforeiningane i Vårdal og Helle vart slegne saman i 1974, og i 1988 vart dei attståande medlemene innlemma i den lokale avdelinga til Fellesforbundet.

Bilete av arbeidarar som tek pause.

Avvikling

Utover i 1960-åra gjekk salet av teglstein dårleg. Året 1976 vart det siste med produksjon på Helle Teglverk, og drifta vart heilt avvikla i 1978. Etter nedlegginga vart det etter ei tid bestemt at anlegget skulle restaurerast og takast vare på. Men i 1993 brann teglverket ned.

Bilete av Helle Teglverk som brann ned (1993).

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Zakariassen, Hans: Teglindustriens historie. Side 191 f.
Sogn og Fjordane fylke, femårsberetning 1901-1905.
Losnegård, Rolf, o.fl.: Dalsfjordboka. 1999.
Sogeskrift for Askvoll kommune. nr. 3. 1990 og nr.10, 1997.

PERMANENT IDENTIFIKATOR