Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 03. april 2019

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Jekt «Norma» forliste vest av Alden 1898



«Jægten kantrede Mandag Morgen Kl. 7 tvers af Alden. Et Mandskab omkom. En engelsk Lastedamper bjerget os igaarmorges (Tirsdag) Kl. 5 ½.». Dette stod å lesa i Morgenbladet, Christiania, sommaren 1898. Av ei anna notis i same avisa går det fram at jekta heitte «Norma» og høyrde heime i Steinkjer. Ho var på veg frå Lofoten til Bergen lasta med turrfisk.

Forlis, jekt «Norma» 1898. Øya Alden i Sunnfjord, sett frå Bulandet, vest av Alden. Alden ragar 460 meter til vers, og har til alle tide vore eit landemerke og referansepunkt for sjøfarande.

Forlis, jekt «Norma» 1898. Øya Alden i Sunnfjord, sett frå Bulandet, vest av Alden. Alden ragar 460 meter til vers, og har til alle tide vore eit landemerke og referansepunkt for sjøfarande.

Datering: 2015

Fotograf: Hermund Kleppa

På Stadhavet – «tvers af Alden»

Fleire aviser hadde oppslag om forliset «tvers af Alden» på «Stadhavet», måndag 4. juli 1898. Stadhavet var på denne tida namnet på eit mykje større område enn berre det næraste havstykket rundt sjølve Stadlandet. Handelsjektene i fart mellom Nord Norge og Bergen gjekk til vanleg leia utaskjers. Øya Alden i Sunnfjord, også kalla Norskehesten, ragar 460 meter til vêrs, og har til alle tider vore landmerke og referansepunkt for skipsfart langt til havs.

«Norma» tilhøyrde handelsmann Kleven i Steinkjer, og var ved høvet leigd av (befrakta av) handelsmann Ellingsen, Å i Lofoten, til å føra ei last turrfisk til Bergen. Heile mannskapet på fem var truleg frå Inntrøndelag. To er nemnde med namn, styrmannen (skipperen) hadde namn av Petersen, og mannen som omkom var Jørgen Gangstad frå Inderøy.

Jekta kantra og dreiv til havs

«Norma» var ei råsegljekt, med storsegl og toppsegl (jfr. foto av ei anna råsegljekt ovanfor). Farkostar rigga med råsegl var avhengig av unnavind, og seglføringa måtte tilpassast vindstyrken. Natta før ulukka hadde «Norma» segla for «passende» nordleg bris, men då vinden auka på med større sjøgang, hadde dei måtta redusera seglføringa, først ved å ta ned toppseglet. Dei heldt på med å ta rev i storseglet då jekta brått «skar fuld», det vil seia la seg over, tok inn sjø, og kantra, men utan å kollsegla, gå rundt. To mann kom seg opp i ein lettbåt, men båten blei straks etter knust av ein «vældig Bræksjø» (brotsjø), og den eine mannen kom bort. Dei fire andre klamra seg fast framme i stamnen på vraket som stadig dreiv lenger til havs. Forfrosne og heilt utmatta vart dei neste morgon berga av ein engelsk lastebåt.

Om forliset i Sunnmørsposten

Den engelske dampbåten var på veg frå England til Bodø. Ved 0000 gjekk dei overlevande frå «Norma» om bord i ein losbåt og vart vidare tekne inn til Ålesund. Dagen etter, onsdag 6. juli, hadde Sunnmørsposten oppslag om forliset med ein av mannskapet som kjelde. Andre aviser tok inn Sunnmørsposten sitt stykke, jamvel den norsk-amerikanske avisa Nordisk Tidende i Philadelphia. Utskrifta nedanfor stod i Indherredsposten, 12. juli 1898.

«Det var Mandag Morgen de forliste ret ud for Alden i Søndfjord. Udover Natten havde de havt passende Bris. De gik med Topseilet [i tillegg til storseglet]. Men saa øgede Vinden paa mere og mere. Sjøerne var store og krappe. Topseilet var for lengst taget. De skulde netop reve Seilene, da Skuden skar fuld.

De forsøgte at sætte du Baad. Vor Meddeler [mannen som fortalde til avisa] og en anden af Mandskabet gik i den en af de to Baade. Men ikke før var de kommet op i denne saa kommer en vældig Bræksjø og knuser Baaden og begravet dem aldeles en lang Stund. Den ene fik fat i en Taugstump, som han holdt sig fast i. Da Sjøen var gaaet over, saa han den andre ligge fuldstændig rolig bagenfor ved siden af et Par Aarer. Saa kom en Sjø og begrov ham, og – borte blev han. Han havde nok, idet Baaden knustes, faaet et Slag, saa han blev bevistløs.

Ved Hjælp af et Taug, som Kammeraten kastede til ham, kom vor Meddeler sig i Læ, hvor de andre stod. Det første vi nu fik ar gjøre – fortæller han videre – var at holde tilbage en Bror af ham som kom bort. Han vilde absolut forsøge at redde ham. Men dette vilde kun have været hans visse Død.

Med sine Knive og en Øks de fik fat paa, blev Riggen kappet. Saa Jægten reiste lit på sig. De bandt sig nu fast i Stevnet alle fire, og her stod de da i 23 ½ Time. Sjøen skyllede stadig over dem. Imidlertid drev de fort vestover til Havs. Det blev ikke længe, før de begynte at udmattes, og fryse enda mere, let kledte som de var. De søgte at holde Varmen i sig ved at banke hverandre; men snart blev de for afmægtig til dette ogsaa. Ud paa Mandagen ved 11-12 Tiden aftog Stormen lidt; men endnu gik Sjøerne over dem.

De havde Tirsdag Morgen opgivet Haabet om at blive reddede, da de opdaget Røg fra et Dampskib i det fjerne. Dette gjød [sette] nyt Mod i dem, og gav dem nye Kræfter, idet der nu var Haab om Redning. De vifttede med et Lommetørklæde, fra Stævnen. De opdagedes, Baad blev sat du af Dampskibet. Om bord blev de behandlet med udsøgt Venlighed.

Dampskibet var engelsk og skulde til Bodø med Kul. Det var Meningen, at det skulde bringe de til Kristiasund, men saa fik de Anledning til at komme om bord i en Lodsbaad fra Haramsøen, og derfra kom de saa hertil [Ålesund]. De befinder sig alle efter Omstændighederne bra."

Vrak av ei jekt observert – «sandsynligvis» «Norma»

Det går fram av oppslaget i Sunnmørsposten at «Norma» heldt seg flytande etter kantringa. Fartøy og farm (last) gjekk ikkje til botnar. I ei anna avis står det at det blei sendt ut eit fartøy frå Bergen for å leita etter vraket. Det har ikkje lukkast å finna noko om resultatet av leitinga, men ei notis i Lofotposten, 25. juli 1898, handlar om eit jektevrak i posisjon eit stykke lenger sør enn «tvers av Alden». Onsdag 6. juli, dagen etter at dei overlevande blei berga frå «Norma», hadde nokre fiskarar sett vraket av ei jekt lasta med «Fisk og Tran». Notisen refererer ei melding frå fyrvaktaren på Hellisøy fyr (ved Fedje) om observasjonen. Namnet på vraket er oppgjeve til «Stevning», men avisa føyer til at vraket «sandsyndlig» var «skraaget» av «Norma».

Fra Hellesø Fyr skrives til «Annonce Tid.» [Bergens Annonce-Tidende, 1893-1922] den 8. Juli: Svenske Fiskere, som nu ligger på Fedje, indkommet for Uveir i Sjøen, har i dag været her paa Fyret og fortalt mig følgende:

Onsdag, en 6te ds, Kl 1 1/2 Eftm., ca 7 Mil VNV af Holmengraa [kystfyr] passerede Fiskekutter «Nordstjærnan», kaptein Andersson, Vraget af en større Nordlandsjægt, «Stevning», som Masten var gaaet over bord paa. Ingen af Mandskabet var at observere. Kutteren seilte rundt Vraget flere Gange, men Stormkuling med høi Sjø, hindrede dem at komme om bord. Fiskerene antog, at Jægten var lastet med Fisk og Tran, da fuldt af Fedolje flød paa Vandet rundt Vraget.

Flere Gjenstande som Kiste, Aarer og andet laa omkring. Hæksbaaden var borte. Vraget saa ganske nyt ud, blank med lysegraa Skandseklædning og Hæksdaviter af Jærn. Det er muligt at Mandskabet er ræddet, men man ved intet derom. Fiskerne hører hjemme i Kjærringø.

Eitt av dei mange forlisa

Boka Havet tok, Selja forlag 2003, omtalar 78 forlis og skipsulukker i Sogn og Fjordane. - Det er berre ein ørliten del av alle forlisa på kysten av Sogn og Fjordane, skriv forfattaren, Malvin Toft i føreordet. «Diverre hende det altfor mange gonger at skip forliste, og at ein kjær ektefelle eller familiefar kom bort for alltid.»

«Norma»-forliset sommaren 1898 var eitt av dei mange forlisa, og eitt av dei som kravde menneskeliv, ein familiefar: - «Den omkomne var Jørgen Gangstad fra Inderøen. Han var i 26 Aars Alderen og efterlader seg Kone og et Barn i trange Kaar.»

Meir om jekta og den omkomne

Artikkelen byggjer på omtale i aviser. Me blei nysgjerrige på meir, særleg om jekta og mannen som omkom. Ein førespurnad til Inderøy bibliotek ga godt resultat. Biblioteket vidaresende førespurnaden til Inderøy Museum og Historielag, og «frivillig arbeidar» for laget, Liv Skogstad Værdal, sende oss følgjande:

Om Jørgen Antonsen
Jørgen Antonsen ble født i Inderøy 11.10.1872, foreldre Maren Pettersdatter Gran og Anton Jakobsen Gran i Sakshaug sogn. Ugifte. Ved konfirmasjonen i Hustad sogn 1887 kaller han seg Gangstadplass, og ved folketellingen 1891 bor han med sin mor og stefar i Gangstadplass, han er ugift og jegtseiler.

Seiler Jørgen Antonsen Gangstad ble gift 27.10.1895 med Ane Marta Mortensdatter Krogshusplass født 1875 i Hustad sogn. 29. april 1896 fikk de sønnen Jon Martin og familien bor i Gangstadplass.

4. juli 1898 er innført i kirkeboka for Hustad sogn: Jørgen Antonsen Gangstad, gift, seiler, født 1872 på Gran druknet ved forlis på Stadthavet. 18. juli er innført lensmannens korte dødsmelding til presten.

Ved folketellingen 1900 bor enke Ane Marta Mortensdatter med sønnen Jon Jørgensen i Krogshusplass hos hennes foreldre. Jon Martin Jørgensen ble konfirmert i 1910 og bor da i heimen Breivik i Hustad sogn. Jon Martin ble gift i Hustad sogn i 1921 med Aslaug Valborg Jensen, født i Tromsø, men bor i Trondheim. Brudgommen er S/S skipsmatros.

Om jekta NORMA
Hun var en av de mest kjente Innherreds-jektene og var bygd ved Birkelands verft i Eggebogen ved Steinkjer.Asbjørn Birkeland og Oluf Steen var to båtbyggermestre fra Vestlandet som etablerte seg her fra 1877.Jekta ble bygd for Hans Bartnes og Lorents Petersen, Steinkjer og Jørgen Vigen, Verran trolig rundt 1880. Kravelbygd, drektig 1000 tønner. Forliste på Stadthavet med tørrfisklast.

(Kjelde: Bok «Jekter og jektefart fra Innherred – en artikkelsamling redigert av Olav L`Orange», 1989.)

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Morgenbladet 06.07.1898


Innherredsposten 12.07.1898


Lofotposten, 15.07.1898


Lofotposten 25.07.1898


Toft, Malvin: Havet tok : 78 forlis og skipsulukker i Sogn og Fjordane. Førde: Selja forl., 2003.

PERMANENT IDENTIFIKATOR