Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Le i Arnafjorden



Garden Le er ein bratt høgdegard, 300 moh, som merkjer seg ut med eit svært rikt kulturlandskap. Her har gamle driftsmåtar vore nytta heilt til vår tid.

Skisse av tunet på Indre Le.

Skisse av tunet på Indre Le.

Fotograf: Teikning: Leif Hauge og Ingvild Austad.

Garden

Le ligg 300 moh på ein avsats i den bratte fjellsida. Over garden reiser fjellet Havren seg i 1000 m høgde. Garden har godt med sol, og våren kjem tidleg. Bygningane er samla i to tun, bruk 1 og 2 på Indre Le og bruk 3 og 4 på Ytre Le.
Begge stader er der gamle bygningar. På Indre Le står ei bu, smie, eit ombygt kvernhus, stabbur og våningshus. Kvernhuset sto fyrst på Brekke i Vik, derifrå vart det flytta til Dale og til sist til Le. Der vart det bygt om til grise- og sauehus.
På Ytre Le finn me våningshus, driftsbygning, kårhus, stabbur, eldhus og eit stovehus. Der er og restar etter eit kårhus og ei løe.

Ras

Det har vore mange ras på Le. Berre på 1900-talet har det vore fem større ras som har kravd mykje oppryddingsarbeid. Det var ras både i 1914, 1928, 1932, 1947 og 1975.
I 1873 og 1877 gjekk det to store ras som braut ned mykje skog og la att store steinar som enno kan sjåast.
Ofte har rasa kome etter periodar med mykje regn, og flaum i elvar og grøver. Folk på garden var flinke til å halda grovafara opne, men det hjelpte ikkje alltid.

Skader på hus og dyr

I 1928 gjekk det med mykje skog, og ei løe, Staksteløa, fekk store skader. Men på den tida var det mykje folk på Le, så oppryddingsarbeidet gjekk bra unna om våren.
I 1931 losna ein heller over husa, for rett gjennom tunet og knuste fleire små hus, men ingen menneskeliv gjekk tapt. Steinblokka som målte 11x4x2 m braste inn i Nyløa, gjennom løegolvet og ned i sauefjøset under. Hesten på garden vart drepen av dette raset. So var det atter ein gong å ta fatt på opprydding, og denne gongen måtte steinen borast og sprengjast.

Kulturlandskap

Til kulturlandskap reknar ein ikkje berre bygningar og anna byggverk, men og artsrike slåtteenger, styvingstre og hagemarker. Le er eit typeområde der tradisjonelle arbeidsteknikkar har vore nytta opp mot vår tid.
Mange bakkamurar støttar opp og jamnar ut dei bratte skråningane, slik har steinar som har kome med rasa vorte plasserte. Like ovanfor tunet er det eit løypestrengfeste. Løypestrengene var viktige hjelpemiddel på ein gard som Le.

Styvingstre

Det mest særmerkte ved kulturlandskapet er alle styvingstrea, hovudsakeleg alm og ask. Almen er planta, for å auka lauvavlinga. Trea står som levande skulpturar over heile innmarksarealet. Dei fleste stuvane er frå 1900-talet. Høgda på trea er frå 6 til 12 m. Sommaren 1987 vart dei gamle arbeidsteknikkane og kulturlandskapet på Le filma. Dei som har budd på Le har gjort ein viktig kulturhistorisk innsats.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Leif Hauge: Kulturlandskap og kulturmarkstypar i Vik kommune. HSF. Sogndal 1990.
Leif Hauge, Ingvild Austad: Kulturlandskapet på Lee. I Pridlao, nr 3, 1988. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.
Brita Lee: Litt soga om gardbruki på Lee. I Pridlao, nr 2, 1989. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.
Oddny Kjeldsen: Kulturlandskapet i kommuneplanlegginga: Lee. I Pridlao, nr 2, 1990. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.
Geir Haugli, Hildegunn Moland: Landskapsanalyse Framfjorden i Vik. Høgskulen i Sogn og Fjordane. Sogndal 1996.
Ingunn Bårtvedt, Ellen Marie Langfeldt, Marte Helene Lie: Lee - hyllegården under det levende fjellet. Kandidatoppgave i Landskapsforvaltning og planlegging. Høgskulen i Sogn og Fjordane. Sogndal 1996.
Olav Hoprekstad: Bygdebok for Vik, bind III. Vik i Sogn 1957.

PERMANENT IDENTIFIKATOR