Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 08. mai 2022

Sist oppdatert 09. august 2022

Rå-data

Livet på Nigardsøyna i Ytre Bremanger



Nigardsøyna er ei lita øy, ytst ute mot havet i vest i Ytre Bremanger. Mot vest ligg det opne havet, i aust ligg Havrøyna og Håøyna, i sør Værøyna. Øya var berre busett i om lag 100 år. Naturtilhøva gjorde øya til ein utfordrande plass å overleve og arbeide som fiskarbønder. I periodar gjorde uver det uråd for dei som budde der å kome seg til lands. Etter 1960-talet har øya blitt brukt som sauebeite.

Kartutsnitt frå Fylkesatlas Vestland av Nigardsøyna. Utsnittet har topografisk grunnkart som bakgrunn og med temalaget «Stadnamn» lagt på.

Kartutsnitt frå Fylkesatlas Vestland av Nigardsøyna. Utsnittet har topografisk grunnkart som bakgrunn og med temalaget «Stadnamn» lagt på.

Øya

Øya er heller lita. Mot vest går berget bratt ned i havet, mot aust flatar terrenget seg ut. Den er ikkje spesielt grøderik. Det som veks her er lyng, gras og mose av ymse slag. Dei få trea som står på øya i dag er planta og busker som er frøsådd av desse trea. Det er tre haugar på øya, frå sør: Litlehogen, Mehogen og den høgste Ytstehogen i nord. Men fisket i havområdet rundt var rikt. Det var både rikt torskefiske og sildefiske. Bruk 3 hadde naust på austsida av øya. Der var det ikkje råd å la båten ligge utpå, fordi sjøen var for uroleg. Så båten måtte inn i naustet kvar gong etter bruk for ikke å bli slått i stykker mot berget. Når dei skulle utpå, måtte dei dra båten utpå og vente til båra førte båten inn mot land, då hoppa dei om bord.

«Skjer like mange som dagar i året»

Havområdet rundt Nigardsøyna har blitt kalla paddemark av nokre som brukar fritidsbåtar i dag. Det vil seie at området er fullt av båer, skjer, fluer og tarar. Solveig Nes fortel i boka «Oppvekst ved havet» at dei sa at det var like mange skjer som det var dagar i året. Så området var fårleg for dei som måtte ferdast på havet i all slags ver, slik fiskarbøndene måtte til ei kvar tid.

Eit skjer er definert som «bergrygg i sjø … like under eller over vassflata». Vest for Nigardsøyna finn vi fleire skjer. Nokre av dei: Heimkomeskjeret, Jensskjeret, Skarvesskjeret og Gyttaskjeret. Desse tre skjera er over vassflata. Ein båe er «ei grunne, eit blindskjer som sjøen bryt over». I dette området finn vi m.a. Skjerbåen, Ytstebåen og Tobåen.

Ei flu er «skjer eller grunne som er under vatn ved flo sjø og kjem til syne i fjære sjø». I sør finn vi både Belgetotfleda og Småflæene som er fleire småfluer. Ein tare kan definerast som eit «undervasskjer med tare på». Det er ganske mange tarar rundt Nigardsøyna. Skataren har ei spesiell historie knytt til seg.

Tidleg busetnad på Frøyen

Folk busette seg tidleg på Frøyen-gardane på Frøyalandet, truleg har det budd folk her i 1000-1500 år. Det er gjort funn frå steinalderen og frå eldre jarnalder. Det avgjerande var truleg den korte vegen til godt fiske i Frøysjøen. Fisket var nok meir attraktivt enn jorda. Gardane ligg i søraust på Frøyalandet. I samanlikning med dei andre gardane i Bremanger, så hadde Frøyen-gardane høg landsskyld.

Det var tre Frøyen-gardar: Utigard (Frøyen ytre), Nigard (Frøyen nedre) og Uppigard (Frøyen øvre). I 1863-1865 blei innmarka skifta ut for Frøyen ytre og Frøyen nedre. Her var svært mange små teigar om kvarandre og gardstuna låg tett saman og danna ein liten landsby. Utskiftingar var store omveltingar for jordbrukarar. Dei kjende jorda si svært godt og hadde stelt den over lenger tid. Difor hadde dei også kjensler for teigane sine. Det var ikkje uvanleg at bønder selde jorda si og flytte, viss dei ikkje var tilfredse med utskiftinga og det dei fekk att av jord.

Bruket på Nigardsøyna blei skilt ut frå alle bruka i Nigard i 1869. Det var etter utskiftinga der ein av brukarane, Bernt Andersson Nigard, ikkje var nøgd med den jorda han fekk att. Han miste eit jordstykke som han hadde dyrka opp og var spesielt fornøgd med. «Nu havde Beren arbeid sig op to pene aakrestykker paa en av sine teiger. Under utskjiftningen mistet han baade aakren og teigen. Da blev han saa lei sig at han begynte at snakke om og reise der fra. Han vilde tage husene med sig og reise ut i Nigardsøen.» (Peder Albertson Nigardsøy/Albert Mikalson Nigardsøy) Det tok litt tid før han fekk kona si med på å flytte ut i havgapet, til ei øy som tidlegare berre blei brukt til utslått. I 1874 blei bruket på Nigardsøyna delt i to bruk, bruk nr.2 ligg på sørspissen av øya og bruk 3 ligg om lag midt på, i eit søkk, «I Dala».

Oppbygging på Nigardsøyna

Bernt som flytte til Nigardsøyna tok med seg hus frå Nigard. Det første huset som blei sett opp var ein «skjå». Medan dei sette opp hus, budde dei i ei hole, Karistova. «Det første huset de reiv og flytted var en sjaa som stod i fjæren i Nigar. Den blev sat op her paa et berg som kaldes Hanstøberget.» Sidan flytte dei og sette opp stovehus, låve og naust. Oppbygginga har truleg skjedd etter 1865, men nok ikkje før 1869 då bruket var utskilt frå Nigard.

13.desember 1880

Den 13.desember reiste mannfolka på Nigardsøyna ut med to båtar, dei skulle fiske «krabbetorsk». («Før i tida fiska dei torsk med krabbe som agn. Dei hadde med seg levande småkrabbe som dei knuste på ei skiferhelle. Så hadde dei ull og ulltråd som dei rulla i krabberøra og hadde på angelen. Då fekk dei krabbetorsk.»)

Dei rodde saman inn frå sjøen, men då dei kom i le av Jeneskjer skilte dei lag. Karl og Hans rodde innover sør for Nigardsøyna og dei to som begge heitte Bernt, rodde innover nord for øya. Karl og Hans kom heim. Då den andre båten ikkje kom heim, gjekk Hans til Anne og spurde etter dei. Dei gjekk begge nord til Ystehaugen for å sjå etter dei to. På grunn av snøkave og mørke kunne dei ikkje sjå nokon ting. Dei to var og blei borte. Båten fann dei seinare inne i fjæra i Håøyna og fiskesnørene fann dei på ein tare nordvest av Nigardsøyna. «Steinen lå på bunden og sula lå og flaut.» Taren blei sidan kalla Skataren. Men dei to fiskarbøndene fann dei aldri att.

Denne desemberdagen i 1880 var det Bernt Elias Berntsson, fødd 1854 frå bruk 2 og Bernt Pederson fødd 1853 frå bruk 3 som drukna. På øya sat det då att to enker, Oline Gabrielline Persdotter og Anne Jakobsdotter.

Denne hendinga finn vi att i Ministerialbok for Bremanger prestegjeld 1864-1883 i «Protokol for Begravede og Dødfødte». I rubrikken «Om død af smitsom Sygdom, og da hvilken, eller ved ulykkelig Hændelse» førte presten opp: «Omkom sammen paa Søen (ikke gjenf[unden].» I rubrikken for gravferdsdato står det berre ein strek.

«Dei i Dala» på bruk 3

Anne Jakobsdotter og Bernt hadde vore gifte berre nokre månader då han omkom på havet. I juli året etter fødde ho dottera deira. Ho blei kalla Berntine Susanne etter faren. I 1882 gifte Anne seg opp att med svogeren sin, Mikal Kornelius Pedersen. Dei to levde eit langt og arbeidssomt liv på Nigardsøyna og fekk fire søner. For å klare å leve av eit lite bruk i havgapet, måtte dei vere oppfinnsomme og netthendte og det var dei begge to. Som dei fleste andre på kysten hadde de kyr, sauer og høner. Dei kjerna smør som dei selde i Kalvåg. Egg selde dei også der. Anne dyrka poteter, gulrot og lauk. Dei fiska både til eige bruk og for sal. Klippfisken var det mykje arbeid med før dei kunne selje den til oppkjøpar i Bergen. Mikal reiste også på fiske lenger borte for å spe på innkoma og han reiste på bygningsarbeid.

Torv til brensel henta dei i utmarka. Dei spadde den opp med torvspade, la den til tørk, og bar den heim på ryggen i kipe. Når Mikal hadde barnebarn på besøk om sommaren, fekk dei sitte i kipa på veg ut til torvmyra, så bar han torva tilbake i kipa. Høy bar han også heim på ryggen, men ikkje i kipe. Det brukte han børatog til. Øya var ikkje stor nok til at dei kunne ha hest. Om sommaren hadde dei beitedyr på Frøyalandet, sidan øya er så lita.

Mangesyslarar

Anne spann garn og farga det med plantefargar. På kommoden hadde ho alltid ein vase med strå i dei fargane ho hadde brukt. Så vov ho vadmål til kleda deira. Stampe (tove) vadmålen måtte ho få andre til å gjere, siden dei ikkje hadde tilgang til så mykje ferskvatn som trengs til stamping, Når ho fekk att den ferdige vadmålen, sydde ho kleda deira. Sokkeband vov ho på bandgrind.

Fiskarbøndene barka nøtene sine. Barking var ei naudsynt impregnering. For å få bark, fyllte dei båten med fisk og reiste inn i Nordfjord. Der bytta dei fisken i bark som dei brukte. Elles hadde karane ein verkstad på lemmen. Der laga dei mjølkespann, lanterner og andre ting som dei bytte i ting dei hadde bruk for.

Kosthald og måltider

Dei som budde på Nigardsøyna produserte og fiska mykje av maten dei trong sjølv. Men, mjøl, gryn, sirup og kaffi måtte dei kjøpe, truleg også salt. Dette kjøpte dei i Kalvåg når dei selde smør og egg.

Det gjekk mykje mjøl til mat, og ekstra mykje til graut, ofte til heile tre måltid om dagen.

«Grøtgryta blei satt på komfyren hver morgen. Så spiste de varm grøt. Seinere på dagen dukka så grøten opp som pålegg. Skiver av kald grøt på brødet med sirup og rømme over var god kost. Var det noe grøt igjen om kvelden, blei den varma opp i melk.» Til middagen brukte dei fisk eller kjøt av eigen produksjon. Poteter og grønnsaker som gulrot og løk, dyrka dei sjølve.

Mykje av mjølet dei kjøpte blei altså nytta til graut. Elles bakte dei brød, matkaker, sveler, natronkaker og vafler.

Fråflytting

Det var strevsamt å bu på Nigardsøyna. Veret og sjøen er røft så langt ut mot opne havet. Når veret var dårleg, kunne dei ikkje kome seg derifrå. Det er difor ikkje overraskande at øya var busett i så pass kort tid som om lag 100 år. Øya blei fråflytt midt på 1960-talet. Peder Albertson Nigardsøy, som overtok bruk 3, gifte seg med ei jordmor. Ho måtte jo kunne ta seg av dei fødande uavhengig av veret. Difor busette dei seg nærare Kalvåg, på garden Steinset der ho vaks opp. Peder, eller Per, dreiv likevel jorda og hadde husdyr på øya etter at dei flytte. I dag blir øya framleis brukt som sauebeite.

kjelder:

Melvær, Erna (fødd Michelsen 1926-2017): Til barnebarna, 1995 – 98. Eit privat notat.


Nigardsøy, Peder Albertsen: Mine forfædre paa farssiden. (Eit privat notat, 1969.) 18 s. Dette er kan hende diktert av faren hans, Albert Mikalson Nigardsøy, eller opphavleg nedskrive for hand av han.


Nes, Solveig: Oppvekst ved havet. Levekår i eit øysamfunn i Sunnfjord. Bergen 2000. ISBN: 82-995633-0-5


Svihus, Årstein: Bremanger bygdebok, band 1, Gards- og ættesoge Ytre Bremanger, gnr. 1-24. ISBN: 82-997414-1-6.


 Bremanger Sokneprestembete, SAB/A-82201/H/Haa: Ministerialbok nr. A 1, 1864-1883, s. 179


Bremanger Sokneprestembete, SAB/A-82201/H/Hab: Klokkerbok nr. A 2, 1866-1889


Fylkesatlas Vestland med stadnamn frå den store stadnamninnsamlinga i 1985/86


Munnleg informasjon frå:

-Trygve Hågøy: Om å fiske krabbetorsk. Svar på eit spørsmål på facebook-gruppa «Sunnfjorduttrykk» vinteren 2022,

-Annbjørg Håøy

-Sveinung Håøy

-Leif Stafsnes

-Kartverket v. Erlend Trones.

PERMANENT IDENTIFIKATOR