Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 19. desember 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Hovudplagg for gifte kvinner i Sogn.



I fleire hundre år var hovudbunaden sjølve grunnstamma i kledrakta til kvinna. Den har sitt opphav i middelalderen og har fylgt klea gjennom skiftande tider, frå folkedrakter til bykjolar, fram til dagens bunadbrukarar. Hovudbunaden var meir normbunden og konservativ enn resten av klea.

Henjehue frå Kvamsøy.

Henjehue frå Kvamsøy.

Eigar: De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Tordis Gjevre.

Synte status
Hovudbunaden var bunden til høgtidene i livet, i enkelte høve også høgtidene i året, og den var det kleplagget som synte status, kven kvinna var. Fyrst og fremst om ho var ugift eller gift, om ho var enkje, "attegløyme", eller ugift mor. Konehua er det hovudplagget som aldri har vore heilt ute av bruk i Sogn.

God dokumentasjon
I Sogn, og serleg i indre område, er det svært god dokumentasjon på korleis folk var kledde, også på hovudet. Omreisande kunstnarar tidleg på 1800-talet laga teikningar og skreiv dagbøker. Dei beste kjeldene er J. Flintoe, J. Frick og A.Tidemand. Flintoe sine akvarellar blir rekna som grunnstamma. I museum og samlingar finst mange originalplagg som samsvarar med dette, men også i privat eige er det registrert fleire eksemplar.

Gift kvinne - gjekk alltid med hue
Det knytte seg mange skikkar til overgangen frå brur til kone. Sikkert er det, at frå dagen etter brurevigsla bar nyekona hue. Frå ho steig på golvet, som den fyrste om morgonen og til ho la seg om kvelden som den siste, var hua på. Ingen andre enn han ho var gift med, skulle sjå håret hennar. Korleis ho då stelte håret, veit me for lite om. Det er nemnt om valk under hua, og frå Vetlefjorden: " - at konene hadde ei fletta bakom kvart øyra, det høvde så godt for hua." I ytre Sogn kunne det henda at noko av det fine utslegne håret måtte skjerast av for å få plass i den smale huepullen til kjølhua. "Då gret eg, for eg hadde så fint hår -", fortalde ei kone.

Dei eldste
Pr. dags dato er det ikkje fullgodt oversyn over dei forskjellige huetypane, tidsperiode, geografiske område og gradering av bruk. Lat oss likevel sjå på det som er kjent.

Den eldste dokumentasjonen på hovudbunad frå Sogn, er truleg Grund-statuane i Nordmandsdalen på Fredensborg slot i Danmark. Her er ei kvinne frå Lærdal og ei frå Vik. Desse er daterte til 1760-åra.

Henjehua
Det er registrert tre ulike typar konehuer: Henjehue, hodnhue og kjølhue. Den eldste huetypen kan vera den som blir nemnt med fleire lokale namn: kollhua, henjehua, heilehue eller laskahua. Truleg var denne i bruk i heile Sogn, med unntak av Hyllestad, Gulen og Solund. Den er laga av eit rektangulert stykke, glatt over hovudet. Den tett rynka pullen er trekt saman med ei snor og knytt under hua i nakken, slik at den heng ned i ein jamn halvrunding. Mange av huene har meir eller mindre prydsaum tvers over hovudet. Det er lett å tru at det er dei gjevaste som er bevarte. Dei eldste huene er i lin, og mindre enn yngre huer av tunt bomullslerret.

Den eine statua i Nordmandsdalen, kona frå Lærdal, kan ha ei slik hue. Den har tydeleg ein valk under, slik det er fortalt i skriftlege kjelder. Det er registrert nokre fåe valkar i halvmåneform. Dei er laga av halmfletter og trekte med raudt tøy, slik at borda med utskurdsaum synte godt mot det farga underlaget.

I ytre Sogn, og då særleg i gamle Kyrkjebø kommune [del av noverande Høyanger kommune], var det vanleg å bruka henjehua lenge etter fotograferinga byrja. Her vart den stiva hodnhua også brukt til høgtids, men ikkje lenger ut enn gamle Lavik kommune, på båe sider av fjorden. I indre og midtre Sogn vart den stiva hodnhua dominerande.

Hodnhua
Hodnhua er samansett av to rektangulere tøystykke. Pullen er sydd til eit pannestykke, samantrekt med ei snor og har to små horn (hodn) oppe på hovudet. Dei eldste hodnhuene har smal pull, og har neppe vore stiva, slik dei vart seinare. Dei aller fleste hodnhuer er sydde av bomullslerret eller mønstra tunn bomull.

Etterkvart vart pullen på hodnhua større. Dei tok til med å stiva hua og setja den opp. Foldene skulle liggja som ein trekkspelbelg i vifteform om bakhovudet. Pannestykket hadde ein pipeforma knipling eller blonde etter framkanten til retteleg fint, ein leivning frå ei enno eldre tid. Eit bilete syner henjehue med pipeforma blonde (Kyrkjebø). Kvardagshuene var i grovare tøy, sidan stivelsen neppe heldt seg,- om dei i det heile teke var stiva.

Side om side?
Spørsmålet om hodnhua og henjehua har levd side om side i Sogn, eller om hodnhua etterkvart avløyste henjehua i indre/midtre strøk, er emne for studium, men det kan sjå slik ut. Då Ivar Aasen var i Vik i 1843, teikna han i margen og skreiv: "Konerne have ogsaa her hvide skiveformige Huer, der oventil have et Indsnit ligsom paa et Hjerte -".

Utanpå hua
Til høgtids- og vinterbruk knytte dei eit silkeplagg i fine fargar om hovudet utanpå hua. I Luster vart det kallalestingaplagg. Det gjekk to gonger rundt hovudet og knytt i ei sløyfe framme. Om sommaren, og når ein ikkje var høgtidskledd, vart det vanleg med ei kvit blonde eller hekla band som vart knytt om hua. Då er pipekanten fråverande, som han også var til kvardags.

Det ser ut til at dei eldste huene ikkje let noko av håret syna. Seinare, etter fotograferinga byrja, er håret synleg framme i panna, med bein reik og håret sletta.

Kyse
Ein annan type konehue er kysa. Den er svart, vattert, pryda med svarte perler og lisser og ein pels/skinnkant framme. Etter nederkanten er påsydd ein krage som vernar halsen. Kysa er eit kjøpt moteplagg frå siste del av 1800-talet.

Huetypar i ytre Sogn
I Hyllestad og Gulen finn me kjølhue, svartehue, kvitehue også kalla Vindkløyva. Huene syner slektskap med naboområda, Masfjorden i sør og Sunnfjord i nord. Huene er mindre til lenger ut og nord ein kjem i området. Om det har med alder eller geografi å gjera, er ikkje klarlagt, men mykje kan tyda på at alder har sitt å seia. I øykommunen Solund, er det førebels registrert lite materiale. Kanskje fordi den ligg midt i leia, som i eldre tid var mykje påverka av gjennomfart og handel, og som etter kvart sette sitt preg på folk og klede.

Svartehue
er ei konehue til høgtidsbruk. Hua er samansett av to stykke tøy som møtest i ein kjøl over bakhovudet, og som i framkant nede har såkalla øyreflippar. Den er laga av svart, silkedamask, eller glatt, svart silkesateng og fóra. Hua er trekt saman i nakken med ei snor som har farga perler og duskar i endane. Framme er påsydd eit svart, mønstra silkeripsband. Under dette er nesta ein kvit blondekant, knipla eller hekla. Kvite håkeband til knyta er festa i hjørna framme, og kan vera pryda med kroklisser, engelskbroderi eller hekla.

Kvitehue
er konehue til kvardags og helgebruk. Fasongen er som svartehuene, men har ikkje tilsvarande ripsband og øyreflippar. I motsetning til svartehuene er desse ikkje fóra, men sydd i eitt stoffstykke med stoffbrett oppe på hua, og dei er stiva. Blonden, som ofte var hekla, er sydd etter framkanten. Nokre av huene har hakeband, og bomullssnora i nakken kan og ha duskar og glasperler.

Kappe
er konehovudplagg til kvardags, men også til helg. Kappa er sydd av eit spissovalt stykke bomull, trekt saman med snor, og har ei dobbel blonde etter framkanten. Blonda vart stiva så den stod som ein krans om hovudet. Til helg hadde dei gjerne eit plagg eller ein klut over hua.

Plagg eller klut
Både koner og jenter byrja å bruka plagg eller klut mot slutten av 1800-talet. På Hafslo heiter det at " - det var ingi vinning for venleiken." Dei eldre tykte ikkje om dette hovudplagget som mange sette i samband meddei reisande. Difor var det mange som i byrjinga kalla detfenteplagg. Desse plagga var oftast i tunn fin ull, og dei var kvite, svarte eller brune, med eller utan frynser. Dei kvite var til konfirmasjon og helg, dei svarte ved sorg.

Til fint vart kluten bretta dobbelt diagonalt og knytt laust under haka med ein enkel knute. Framkanten var bretta opp. Til kvardags kunne den knytast på andre måtar. Med knuten bak i nakken, over eller under snippen, var greitt om sommaren. Når det var kaldt, kunne snippane kryssast under haka og knytast utanpå i nakken.

For jentene vart snart dette det einaste hovudplagget, medan konene heldt fram med å bruka hua til stas. Fram til midten av 1900-talet var det heilt vanleg å bruka bomullsplagg på hovudet i arbeid med vask, koking og fjøsstell og anna arbeid. Då vart plagget også knytt andre vegen, slik at snippen og knuten kom oppå hovudet framme. Etter kvart vart det greitt, og meir og meir vanleg å gå berrhovda.

kjelder:

Noss, Aagot: Johannes Flintoes draktakvarellar. 1970.
Noss, Aagot: Joachim Frichs draktakvarellar. 1973.
Aagot Noss: Statuane i Normandsdalen.1977.
Aagot Noss: Lad og Krone.1991.
Aagot Noss: Krone og Skaut.1996.
Aagot Noss: Folkedraktene i Sogn og Fjordane. Særtrykk av Bygd og By i Norge. 1980.
Sigurd Grieg: Strandebarmkronene. I By og Bygd i Norge,XIV 1960.
Anna Knutsen: Bunaden. I Norske bygder. Bind IV, Sogn.
Åse Asheim Lange: Kvinnebunaden i Brekke. Magisteravhandling 1974.
Rapport frå Nordisk hovudbunadseminar på Valdres Folkehøgskule 1989.
Rapport frå hovudbunadseminar, Valdres Folkehøgskule 1992.
Informasjon frå
Brita Myren, Instefjord, Gulen.

PERMANENT IDENTIFIKATOR