Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 22. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Påting - eit ressursvennleg palefiske



I sommarhalvåret stemde ein skare av motorbåtar frå ytre Solund mot vest i kveldinga. Målet var dei mange fiskeplassane ytst ute, der palen gjekk i svære flak og beit villig. Reiskapen var bambustroer og heimeavla agn. Dette fisket kalla dei påting.

Her ser me ein typisk motorbåt kosta for småfiske, han var seint og tidleg på feltet med påtetroene. Karl Storøy er på veg ut til fiskeplassane. Båten vart bygd i 1934 og har Sabb-motor. Det var vanleg å byggje ruff over motoren slik som på biletet. Framfor ruffen låg fiskebrønnen med luker over. Når ein opna ventilane og sjøen strøymde inn i brønnen, var båten nokolunde 1/3 lasta.

Her ser me ein typisk motorbåt kosta for småfiske, han var seint og tidleg på feltet med påtetroene. Karl Storøy er på veg ut til fiskeplassane. Båten vart bygd i 1934 og har Sabb-motor. Det var vanleg å byggje ruff over motoren slik som på biletet. Framfor ruffen låg fiskebrønnen med luker over. Når ein opna ventilane og sjøen strøymde inn i brønnen, var båten nokolunde 1/3 lasta.

Eigar: Eigar:Fylkesarkivet, SFFf-88178.0017.

Datering: 1950.

Fotograf: Ukjend.

Med påtetroer og fleskesvor

Med påtetroer i båten og fleskesvor i munnen hadde folk frå gammalt rodd og segla ut til skjer og båar i kveldinga. Ei påtetroe - først av tre, seinare ei bambusstong - var 5-6 meter, alt etter storleiken på båten. Taumen var jamlang med troa og var av bomullstråd med ei lita famn påtestreng (messing-) mot enden. Der sat det ein ongel som dei hekta fleskebeite til. Fleskesvoren, som dei hadde togge kvit og mjuk, skar dei opp i 2-3 tommars lange strimler, spissa av bakover. Etter kvart kom gummimakk, svivel og jamvel sterk nylon til taum. Det var kjapt gjort å dra inn fisk med påtetroer.

Lukka var ein 24-fotar med Sabbmotor

Frå 1920-åra vart det meir vanleg med opne motorbåtar til dette fisket, som dei kalla påting. Han er ute og påtar, sa dei, eller ute på påten. Var sjølve fiskereiskapen rimeleg, røynte det økonomisk å skaff seg ny motorbåt. I 1935 kosta ein nybygd, open 24-fotar 425 kroner. Fiks ferdig med 5 hk Sabb, fiskebrønn og ruff over motoren, kom båten på kring 1500 kroner. Nettopp denne båtstorleiken og sabbmotoren var populær. Og så måtte dei til handelsmannen i Indrøy og kjøpe seg 6 påtetroer. Berre på Oddekalven var det på den tida 5 slike påtesabbar av ulik storleik i drift.

Fisken levande i brønnen

Dei som dreiv hardast, var 3 mann på båten. Bak, med rorkult i hand, stod "skipperen". Han måtte vere årvaken, passe motor, påtefart, sjøar, og sjølvsagt unngå det lite ærefulle å renne borti andre, sjølv om enkelte aldri veik ein tomme! Han administrerte dessutan to troer, slepa etter båten. Framme stasjonerte ein på kvar side. Dei fiska med to troer kvar og sat eigentleg på troeendane. Mellom to tversgåande skott stod sjøvatnet, som sirkulerte inn og ut gjennom solide messingventilar frå Lågøy slipp. Fisken hamna levande i brønnen straks han kom om bord. Vel heimkomne, håva dei fangsten over i "mæra", som det heiter på dialekten.

Best bit om kvelden og på morgonsida

Å påte kokefisk og teinemat kunne ein gjere mange plassar. Men fiska ein for sal, måtte ein legge kursen til dei ytste skjer og nakkar. Her var best bit, og morten (palen) var større og dermed dyrare.
Sesongen varte frå tidleg sommar til noko ut på hausten. I sjutida om kvelden kunne ein heil flåte vere på veg til feltet. På lysaste årstida beit fisken heile natta. Når nettene mørkna, tok han ein pause på det skymmaste. Karane sleppte dregg bak ein holme, gnog ei kjærkommen brødskive, krølla seg rundt motoren, prøvde halde varmen til dei så vidt merka daggryet.

Brønnfarty førte fisken til Bergen

Sjølv om fisket gjekk føre seg i sommarhalvåret, låg dei vestapå alt land. Det skal lite vind til før det vert eit farleg graps i elvande straum. Mang ein gong var det nære på at dei nådde land.
Ulike oppkjøparar frå Bergen kom trottig med brønnskøyter og henta fisken. Det skulle lite til før dei "klassa ned" fangsten (sette han ned i lågare kvalitetsklasse). Fiskarane måtte godta det dei fekk, men harde knyttnevar gjekk i styrehusveggen. Neste gong skøyta kom att, var alle blide.
Som så mangt anna, er dette historie i halvlys. Men den som leitar, kan kanskje finne ei bambustroe på naustlemmen enno.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Oddekalv, Jacob: Om å påte, artikkel i bladet Firdaposten. Florø 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR