Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Mannseidet - kongeveg og nasjonalt verneobjekt



Dei gamle ferdselsvegane over Mannseidet og Dragseidet på Selje var sentrale i sambandet langs kysten, og har vore nytta for å sleppa å sigla det lunefulle Stadhavet. Mannseidet var difor både ein snarare og tryggare veg dersom ein skulle nordover eller sørover. I dag er vegen over Mannseidet eit verna kulturminne.

Her ligg garden Eide og den gamle vegen over Mannseidet gjekk opp til venstre for garden og følgjer den nye vegen inn mot skaret til høgre.

Her ligg garden Eide og den gamle vegen over Mannseidet gjekk opp til venstre for garden og følgjer den nye vegen inn mot skaret til høgre.

Eigar: Statens vegvesen Region Vest

Datering: 1994

Fotograf: Olav Handeland

Det farlege Stadlandet

I 1771 skildra den danske geografen Hans J. Fyhn eida på denne måten: "Stadlandet er udsat for Havbølgers Indbrudd paa alle Kanter, fordi ingen smaae Øer eller Holmer findes der omkring som kunne tiene Landet til Bedækkelse, men derimot mange blinde Skier og Klipper (..) Deraarsage er det meget farligt at seigle Stadt-Pynten forbie med Baade, hvorfor de Reysende gemenlig heller betiener sig af Lande-Veyen over Eidene."

Ein tidleg hovudveg

Både Dragseidet og Mannseidet var heilt frå vikingtida rekna som hovudvegar. Den siste var kortast, tre km lang. Dragseidet var over to km lenger. Vegane var mellom dei første opparbeidde vegane på Vestlandet. Fleire av dei gamle kongesogene fortel om reiser over Mannseidet. Dei var som oftast i tilknytting til maktkampane mellom ulike vikingekongar og mellom dei norske og danske kongane. Vi finn Mannseidet nemnt i soga om Harald Hårfagre, Håkon den gode, Olav Tryggvason og soga om baglarane og birkebeinarane.

Ein veg for pilegrimar

I katolsk tid, før reformasjonen i 1537, var heilagdomane på Selja kloster eit kjent pilegrimsmål. Hit kom dei både sjøvegen og landevegen. Det er difor ikkje urimeleg at mange nytta vegen over Mannseidet på ferda si mot Selje kloster. Garden Eide i Moldefjorden høyrde truleg til Selje kloster, som óg hadde jordegods i Vanylven på Sunnmøre. Det medførte stor ferdsel over Mannseidet av klosterfolk og leiglendingar.

Ein kongeveg

På folkemunne vert gjerne den gamle vegen over Mannseidet kalla Kongevegen avdi tre dansk-norske kongar la reiseruta si over eidet. Det var Christian V i 1685, Frederik IV i 1704 og Christian VI i 1733. Christian V kom frå Trondheim i juli 1685 på veg til Bergen. Det var dårleg ver og følgjet drog over Mannseidet. Kongen reid på hest, og dei kom ut for tjukk tåke. I bladet Vidar, som kom ut i 1889, sto det slik om turen:

"Dette Mans Eyde er ikkuns et forfærdeligt høit Birge, nesten dobbelt saa høit som Doffrefield og lige saa slemt at passere baade for dets Steilhed skyld at opp og neder komme saavelsom og for dets onde og smale udi Klippen udhugne og ujævne vey, hvor hesten fra et Stykke til et andet faar at springe."

Då kong Cristian VI reiste same vegen nær 50 år seinare, var også han til hest, men måtte gå til fots fleire stader, då det var så bratt og ulendt at han ikkje våga å sitja på hesten. Eit stort følge på 188 mann frå hoffet og sentral-administrasjonen var med kongen. Over tusen sjøfolk bemanna skipa som følgde kongefølgjet til Noreg. Dronning Sofie Magdalene og mor hennar, markgrevinne av Bayern, Sofie av Brandenburg, vart begge borne over Mannseidet. Resten av følgjet måtte gå til fots. Etter ferda laga kongen eit minnestaup i gull som kosta vel 8000 riksdalar. Eit bilete av kong Christian VI si ferd over Mannseidet heng på Norsk folkemuseum i Oslo.

Køyreveg i 1918

I siste del av 1800-talet var det stadige drøftingar om å byggja betre vegar over Dragseidet, Mannseidet og Sandvikseidet. Men før nokon av desse vegane vart bygde, kom Morkedalsvegen i 1875, bygd frå Leikanger og nordover. Ny veg over Dragseidet vart bygd i 1884-89. Deretter sto vegen over Sandvikseidet (8 km) ferdig i 1901. Då hadde det vore lang strid om prioriteringa av veg mellom Sandvikseidet og Mannseidet. Før dei bygde ny veg over Mannseidet fekk dei veg frå Seljevågen og til Eide i 1895. Den nye vegen gjekk eit godt stykke opp i den bratte lia ved Hellebakken, og ein del av den gamle Mannseidvegen frå Eide vart lagt ned. Først i 1918 sto heile vegstykkjet over Mannseidet om Einehaugen til Kjøde ferdig. Då var vegnettet i Selje knytt til riksvegnettet over Maurstadeidet. I 1919 hadde Selje eit vegnett på 55 km både på langs av halvøya og på tvers. I 1956 vart den gamle vegen over Mannseidet omlagt og utbetra.

Mannseidet er eit verna kulturminne

I 1997 fekk Statens vegvesen pålegg frå Samferdselsdepartementet om å utarbeida ein nasjonal verneplan i samband med "Handlingsplan for kulturminneforvaltning". Kvar statsetat fekk no eit eige ansvar for å ta vare på sine kulturminne. Alle fylka registrerte sine særmerkte kulturminne. Den gamle vegen over Mannseidet vart plukka ut som verneverdig, og er mellom dei 350 vegkulturminna som er valde ut frå heile landet. I argumentasjonen frå Statens vegvesen heiter det at "Vegen er et godt bevart eksempel på en typisk eideveg". I dag er vegen ein mykje nytta tursti.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Os, Edvard: Selje og Vågsøy Bygdene og Bygdesamfunnet. Band 1/5 bolk II i rekkja Jacob Aaland; Nordfjord frå gamle dagar til no. Oslo 1957.
Eide, Hans P: Om garden Eide og Eidslåna i Selje. I Årbok for Nordfjord, s. 109-116, 1988.
Djupedal, Torkjell: Selja. Kulturhistorisk handbok. Selja forlag 1996.
Johannessen, Finn Erhard: Alltid underveis. Postverkets historie gjennom 350 år. Bind I, 1647-1920. Erlanders Forlag 1997. Åland, Knut: Den Gamle Kongevegen. Landskap og historie langs den gamle ferdselsvegen over Mannseidet. Semesteroppgåve, Høgskolen i Molde 1997.
Nasjonal verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminner, Registreringsrapportar frå 1999-sesongen. Statens vegvesen Sogn og Fjordane, 1999.
Vegvalg Nasjonal verneplan. Statens vegvesen, 2002.

PERMANENT IDENTIFIKATOR