Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. juli 2008

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Amtmann og prest i nappetak om fattigprotokoll



".. til eegenraadige (..) Amtmand Mons Teistes udødelige æreminde..", står det innført i protokollen for fattigkommisjonen i Leikanger år 1772. Det var soknepresten i Leikanger som skreiv denne heilt eineståande innførsla om amtmann (fylkesmann) Mons Teiste. Dei hadde kort tid i førevegen på det næraste vore i tåttane på kvarandre for open scene om protokollen.

Fattigprotokollen for Leikanger prestegjeld/kommune 1756-1886 er ei sentral kjelde til kunnskap om fattigstellet (sosialhjelpa).

Fattigprotokollen for Leikanger prestegjeld/kommune 1756-1886 er ei sentral kjelde til kunnskap om fattigstellet (sosialhjelpa).

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2008

I tingstova

Dramaet om fattigprotokollen utspelte seg på sommaren 1772 i tingstova på Syrstrond med amtmann Teiste og sokneprest Friis i hovudrollene og "almuen" som tilskodarar. Det stod om makt og myndigheit mellom to embetsmenn, og fattigprotokollen blei sjølve symbolet på rang og autoritet.

Beinhardt mot kvarandre

Bakgrunnen finn me i forordninga av 1755 om fattigstellet i Bergen stift. I kvart prestegjeld skulle det vera ein fattigkommisjon (også kalla soknekommisjon) med soknepresten som sjølvskriven formann. Det var formannen sitt ansvar å oppbevara og føra rekneskap i ein autorisert protokoll.

Amtmannen hadde bede presten om å møta fram med fattigprotokollen for kontroll. Då amtmannen fann at bokføringa ikkje var heilt som han meinte ho skulle vera, forlangte han at det straks skulle ordnast med innføringar for inneverande år, noko presten på si side meinte var unødvendig. Amtmannen køyrde fram argumenta sine godt understreka av alvorstunge sitat både frå lov og forordning, medan presten på si side ikkje var til å rikka. Han hevda at fattigsaker så vel som fattigprotokollen var det han som styrde med i eigenskap av "chef for Sogne-Commissionen".

Ville tilriva seg protokollen med makt

Ordkrigen enda med open kamp om protokollen ved at presten "greb fatt i Protocollen, og vilde borttage den". Amtmannen reagerte lynsnart med å halda fast i sin ende "i Haab om at vinde Tid" for å kunna tala motparten til rette, noko som ikkje lukkast. Då presten med makt prøvde å tilriva seg protokollen, ropte amtmannen fleire gonger varselropet "Vold! Vold!", og tok alle som var tilstades til vitne.

No måtte presten bøya av og sleppa taket i protokollen. Frå eldgamle tider hadde det nemleg vore slik at på tingstaden måtte ingen ta seg til rette med makt og vald. For presten såg slaget ut til å vera tapt. Han samla med seg nokre lause papir og gjekk ut or tingstova. Amtmannen prøvde å få presten tilbake ved å oppsøkja han med ein delegasjon. Det nytta ikkje. Heller ikkje let det seg gjera å halda fattigkommisjonsmøte utan at presten tilstades.

Episoden godt dokumentert

Omtalen av protokoll-episoden på Leikanger i 1772 byggjer så langt på fleire tettskrivne sider i fattigprotokollen ført i penn av ein Holtroed "Efter Amtmandens Forlangende". Innførsla på kvar av sidene er streka over med kraftige blekkryss. Dei var det presten som stod bak då han seinare fekk protokollen tilbake. Nå var det hans tur til å skriva, og til å kjenna seg ovanpå.

Presten skriv at amtmann Teiste i mellomtida var blitt suspendert og at "det skjønne dicatur" på dei føregåande sidene i protokollen helst "burde være udslettet og ikke meere findes". Men etter nærare ettertanke hadde han kome til at det skulle få stå, slik "at det til egenraadige (..) Amtmand Mons Teistes udødelige æreminde skal blive bevaret."

Amtmann Teiste

Mons Teiste var fylkesmann i Nordre Bergenhus Amt i åra 1771-1779. Han vart suspendert i 1776 og avsett i 1779. I suspensjonstida vart embetet styrt av stiftsamtmann de Schouboe.

Fattigomsorga i 1772

Den kongelege forordninga av 17. august 1755 for "Bergen Bye og Stift" var ein milestolpe i fattigomsorga. Eit grunnprinsipp var at alle skulle vera med på å yta midlar til fattigkassen gjennom gåver og utlikna bidrag. Sjølveigande gardbrukarar ytte sin del gjennom den eldgamle legdordninga, dvs. dei blei pålagde å ha fattigfolk buande hjå seg i ein nærare fastsett periode.

Den eldste fattigprotokollen for Leikanger

Fattigprotokollen amtmann og prest "slåst om" i tingstova på Hanahaug i 1772, vart autorisert hjå biskopen til "Debet- og Creditprotocol", dvs. rekneskapsprotokoll for fattigkassen, inntekter og utgifter. Protokollen er på "284 Fol" som vil seia 284 blad eller 568 sider. 344 sider er brukt. Den første innførsla vart gjort i 1756, den siste i 1886.

Verdfull kjelde

Protokollen er svært verdfull som kjelde til kunnskap om fattigstellet (sosialhjelpa) i Leikanger prestegjeld/kommune i perioden 1756-1880. Me får kjennskap til kva dei hadde av midlar til fattighjelpa, korleis dei skaffa ressursane til vegar og kva dei brukte dei til. Rekneskapet for 1865 kan trekkjast fram som døme. På inntektssida står oppført hovudpostane:

1) Kassbeholdning frå føregåande året, 2) skattar og avgifter, 3) bøter, 4) ymse inntekter og 5) refusjonar - på utgiftssida: 1) "almisselemmer", 2) "Fattige Børns Opfostring", 3) "Syges Kuur og Pleie", 4) løn til rekneskapsføraren, og 5) ymse utgifter.

Føringa

Protokollen er noko ujamnt ført. Dette kan for ein del skuldast snaue retningsliner og ulik oppfatning hjå dei personane som til ei kvar tid hadde ansvaret for bokføringa. Hovudmønsteret er ei utvikling frå det stadvis mangelfulle og sterkt samanfatta, til eit meir detaljert oppsett av inntekter og utgifter i fleire underkapittel, frå byrjinga av 1800-talet. Protokollen er ført med gotisk skrift fram til 1830 då sokneprest Normann tok til å skriva med latinske bokstavar. Handskriftene er jamt over rimeleg gode, til dels svært tydelege og lette å lesa.

kjelder:

Kommunearkivet i Leikanger: Fattigprotokoll 1756-1885