Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. januar 2006

Sist oppdatert 11. april 2023

Kategori

Kommune

Rå-data

Pressemannen og historikaren Albert Joleik



Pressemannen og historikaren Albert Joleik (1880 - 1968)vart fødd og voks opp i Florø. Etter eit omflakkande liv m.a. som offiser i Kongo, var han i mange år redaktør for aviser han dreiv sjølv. Først Spegjelen og sidan Fjordaposten, som kom ut i Bergen. Mest kjend i dag er Joleik for sine bygdebøker frå Sunnfjord.

Albert Joleik (1880-1968) var ein utprega familiemann. Her eit sjeldant bilete av han og kona og dei 11 borna deira.

Albert Joleik (1880-1968) var ein utprega familiemann. Her eit sjeldant bilete av han og kona og dei 11 borna deira.

Eigar: Jostein Joleik.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Ukjend.

Slekt og oppvekst i Sunnfjord
Albert Sigvard Joleik vart fødd 14. mars 1880 i Florø. Faren Abraham Andersen (22.02.1854 - 08.10.1931) var handelsmann i Florø. Mora var Susanne Abrahamdotter Vasset (17.12.1854-12.12.1951) Han var døypt Albert Sigvard Andersen, men fekk i 1905 løyve til å nytte "Joleik" som etternamn. Han fortel sjølv at grunnen til namneskiftet var at "[D]et i Oslo var meir enn 3000 som skreiv seg Andersen, so eg var leid av aa bere eit slikt etternamn. So laga eg meg eit gamalnorsk mannsnamn, Joleik."

Skule- og ungdomstid
Joleik gjorde det godt i skulen. Faren sende han til Hambros renommerte privatskule i Bergen. Med hjelp frå velståande kjøpmenn i Bergen tok han til på Universitetet i Oslo. Han vart cand. real i 1902, berre 22 år gamal. Same år fullførde han krigsskulen og vart sekondløytnant i 1903.
Joleik vart tidleg interessert i språk og historie. Han skreiv sine eksamensoppgåver på eit radikalt nynorsk, tydeleg inspirert av miljøet rundt Vestmannalaget i Bergen.

Offiser i Belgisk Kongo
Joleik strevde med å skaffa seg arbeid i åra etter at han vart ferdig på universitetet. Men som han fortel i eit attendeblikk: Våren 1905 let han seg verve som "peletonschef" i kong Leopolds hær i den belgiske kolonien Kongo. Her var han i 3 år, i nærleiken av Lusambo, -men ikkje berre som offiser i hæren: "[Eg] var elles likso mykje fut og forlikskommissær og sjukepleiar o[sic] agronom." I Kongo fekk han ein son - Olav - med Wanga, dotter av ein kongolesisk embetsmann. Sonen Olav tok han med seg da han reiste frå landet i 1908.

Joleik som bladmann
Etter heimkomsten frå Kongo vart han lærar på lærarskulen på Stord og seinare i Levanger. I 1911 flytta han til Trondheim, der han saman med kona Olava starta opp avisa Spegjelen for oppsparte midlar. Den første nynorskavisa i byen var ikkje nokon økonomisk suksess, og i 1913 la han ned bladet etter 304 nummer. Så fekk han tilbod om jobb i Gula Tidend i Bergen. Han flytta dit og arbeidde der i fleire år. Gula Tidend sleit tungt økonomisk i 1920-åra, og i 1923 vart brorparten av dei tilsette oppsagt, også Joleik.

Den 28 september 1923 tok han til å gje ut Fjordaposten i Bergen. Det var ein avis "for norskt næringsliv og national-demokratisk politikk". Det var eit blad skriven på nynorsk med nyhende frå heile Vestlandet. Avisa kom ut ein gong i veka, og hadde eit opplag på 2300 - 2600 eksemplar. Kona til Joleik var og involvert; han som redaktør, ho som forretningsførar, korrekturlesar mm. Siste utgåva av Fjordaposten kom ut 4. april 1940.

Lokalhistorisk arbeid - bygdebøker
Joleik hadde ei livslang interessere for lokalhistorie. Men det var først etter krigen at han for alvor engasjerte seg i sogegransking. Eit større stipend frå overlege Johan Yttri i Florø og årlege statlege stipend frå 1946 gjorde det mogeleg å reise til Riksarkivet og andre stader for å studere kjelder. I over 20 år, frå 1946 -1968, sat han dagleg på Statsarkivet i Bergen i vinterhalvåret og granska kjelder og skreiv historie. I 1959 kom Sunnfjordsoga. Seinare kom det bygdebøker for fleire av sunnfjordkommunane: Jølster (1967), Bremanger (1969) og Flora (1980).

Ideologi og samfunnssyn
Joleik var ingen partipolitikar, men målbar sterke ideologiske og politiske synspunkt gjennom heile livet. I Fjordaposten kom det særleg til uttrykk. Han var antisosialist og støtta general Franco’s kamp mot "bolsjevikane" under borgarkrigen i Spania på 1930-talet. Samstundes åtvara han sterkt mot Hitler og konsekvensane av Tysklands ekspansjonspolitikk før krigen. Den 9. april 1940 melde han seg som offiser til teneste for det norske forsvar på Voss, men 60-åringen var for gamal. På tross av sterk internasjonal orientering var han på mange måtar ein nasjonalist: opptatt av norskdom, bondekultur og sjølvbergingstanken. I mellomkrigstida såg føre han seg at "Noreg skulle styrast so det vert ein hugnad heim fyr 10-12 millionar menneskje; og at Noregsveldet vart attereist med grensor frå Magnus Lagabøtar si tid."

Familieliv og gardsbruk i Naustdal
Albert Joleik gifta seg med Olava Hjulstad 1912 i Trondheim. Han trefte ho på lærarskulen i Levanger der ho var elev.
I 1932 kjøpte dei gardsbruket Kleppstølen (gnr 148) i Naustdal. Heile familien flytta dit. I alt fekk Albert og Olava 11 born saman. Men dei var mykje i Bergen, særleg foreldra. Drifta av Fjordaposten i Bergen krov at dei var der store delar av året. Sjølv etter at Fjordaposten vart lagt ned i 1940, var Joleik i Bergen store delar av året, då særleg for å granske kjelder til Sunnfjords historie på Statsarkivet der. Nokon gardbrukar var Joleik ikkje. Det var stort sett ungane som dreiv garden, mens han var i Bergen. Men under heile okkupasjonen budde og dreiv Joleik Kleppstølen saman med familien sin.

Albert Joleik døydde 30.04.1968 i Bergen, 88 år gamal.

"Ein uvanleg merkeleg mann"
Sonen Olav omtalar faren sin som "ein uvanleg merkeleg mann". Det var mange som så på Joleik som ein person utanom det vanlege, ein original. Han var kvikk i replikken og kjempa med stor entusiasme for sine prosjekt. Det finst mange anekdotar og forteljingar om Joleik. Den mest kjende er frå tida hans som offiser i Kongo. Det vert fortalt at han kommanderte sine mørkhuda soldatar på vestlandsdialekt. Kommandolina var slik: - Hardanger-Sunnhordlandske-Dampskipsselskap!!!

Joleik var ein kjend figur i Bergen etter krigen med sitt lange kvite skjegg. Han var aktiv i bygdelagsmiljøa der. Kjartan Fløgstad fortel denne anekdoten i ein artikkel i Samtiden: "Alderen såg ikkje ut til å bita på han[Joleik]. Men etter nokre spretne reinlendarar i bondeungdomslaget Gimle i Bergen i 1968 merka den då 88 år gamle Joleik at han kjende seg noko svimmel. Legen fann at blodprosenten hans var på 50. "- Dei hev funne ut at eg er halvblods, sa Joleik, og døydde kort tid etter."

 

kjelder:

Botnen, Ludvig: Albert Joleik 1880-1980. I Jul i Sunnfjord. 1980.
Eithun, Gerdfinn: Høvdingen Albert Joleik. I Bergens Tidende. 24.09.1999.
Eithun, Gerdfinn: Eit portrett av Kongo-fararen Albert Joleik. I Nordmenn i Afrika, Afrikanere i Norge Kjerland og Bang (red.). Bergen 2002.
Fløgstad, Kjartan: Kvite flekkar, svart historie. I Samtiden, nr 4, 2003.
Joleik, Albert: Kleppstøfolkje i 400 år. 1980 (1999).
"Digitalarkivet": http://digitalarkivet.uib.no/sab/joleik.htm.
Joleik, Norhild: Albert Joleik, bladstyrar i brytningstid. I Pressehistoriske skrifter. Nr 4. 2005.
Joleik, Ottar: Kjære minne. I Jul i Sunnfjord. 1976.
Kleiveland, Geir: Naustdal bygdebok. Gards- og ættesoge. Band II. Naustdal Sogelag 1997.
Varpe, Jarle: Albert Joleik, ein fullblods. I Jul i Sunnfjord. 1993.
Stegane, Idar: Olav Joleik. I Nordmenn i Afrika, Afrikanere i Norge Kjerland og Bang (red.). Bergen 2002.

PERMANENT IDENTIFIKATOR