Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 05. april 2017

Sist oppdatert 06. januar 2022

Rå-data

MS «Lofoten» - ein av Sogn og Fjordane «sine eigne båtar»



År 2015: I oppgangen akterut på hurtigruteskipet «Lofoten» finst opphengd fleire kommunevåpen. Dei to hurtigrute-kommunane i Sogn og Fjordane, Flora og Vågsøy, manglar. Det har Flora-ordførar fått brev om. MS «Lofoten» har segla kystleia i Sogn og Fjordane sidan 1964, og vore innom Florø og Måløy kring 1500 gonger på kvar stoppestad. Såleis er MS «Lofoten» også ein Sogn og Fjordane-båt.

MS «Lofoten», bygd 1964, i sørgåande rute til kai i Florø, 2. mars 2015.

MS «Lofoten», bygd 1964, i sørgåande rute til kai i Florø, 2. mars 2015.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2015

Fotograf: Hermund Kleppa

Byggnummerplate – MS «Lofoten»

Mange båtar har ei byggnummerplate i metall godt fastskrudd ein eller annan stad. Det står namn på skipsbyggjeri, årstal, byggnummer og av og til skipsnamn. «Lofoten» si byggnummerplate er festa framme på overbygningen. Ho er ikkje lett å koma til. Det må ordnast med særleg adgang og assistanse av mannskap, og helst når båten ligg til kai.

På byggnummer-plata står det: AS Akers Mek. Verksted. Oslo (-) Skip – nr. 547 (-) 1964 (-) Skrog (-) Akers Verft. Oslo.

Byggnummer-plata på MS «Lofoten»

«Skip nr. 547» blei sjøsett 7. september 1963 og same dato døypt «Lofoten» av Asbjørg Bergsmo. Skipsbyggeriet overleverte nybygget til rederiet Vesteraalens Dampskibsselskab (VDS) 27. februar 1964, og ms «Lofoten» la ut på første turen sin i hurtigruta frå Bergen 5. mars. Gudmora, Asbjørg Bergsmo (1899-1988), var kona til dåverande styreleiar i VDS, Ivar Bergsmo (1894-1964).

Kystleia Sogn og Fjordane

Hurtigruteleia frå Bergen går nord Hjeltefjorden og Fensfjorden til det første av fire opne havstykke langs den vel 15 mil lange kysten av Sogn og Fjordane: Sognesjøen, Buefjorden, Stavfjorden og Stadhavet. I Solund kommune går hurtigruta ytre Steinsundet og Tangenesosen før Buefjorden og Geita fyr. Etter Buefjorden går leia vidare i Askvoll kommune mellom Alden (vest) og Atløy før Stavfjorden og leia vidare i Flora kommune, til Stabben fyr og innseglinga til første stoppestaden, Florø. Florø har vore fast hurtigrute-stoppestad sidan 1914/1915.

Etter Florø styrer hurtigruta nord mot Bremanger kommune og Frøysjøen. I Skatestraumen ruvar Hornelen vel 700 meter «over skipet». Etter Skatestraumen kryssar leia Nordfjord og går inn i Ulvesundet mellom fastlandet og Vågsøy. Måløy, Vågsøy kommune, har vore hurtigrute-stoppestad heilt frå starten i 1893. Frå Ulvesundet kjem hurtigruta inn i Selje kommune og ut på ope hav; Sildegapet og Stadhavet. Heile turen i leia på kysten av Sogn og Fjordane tek om lag åtte timar.

Frå fleire rederi til eitt selskap

I 1993 gav posten ut særfrimerka «Hurtigruten 100 år». Det var i juli 1893 at DS «Vesteraalen» frå det vesle rederiet Vesteraalens Dampskibsselskab (VDS) med hovudsete på Stokmarknes, gjekk første turen Trondheim – Hammerfest i den seinare vidgjetne Hurtigruta. Etter kvart vart Hurtigruta utvida til daglege avgangar Bergen – Kirkenes, som pr 2015 framleis er endehamnene, med 32 stoppestader i mellom.

«Hurtigruten 100 år», særfrimerke 17. juni 1993. Motiv: Kaptein Richard With og DS «Vesteraalen»

Opp gjennom åra har fleire rederi vore inne i Hurtigruta med eitt eller fleire skip; t.d. Det Bergenske Dampskibsselskab, Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab og Det Stavangerske Dampskibsselskab. Ved fusjon i 2005, med verknad frå 1. mars 2006, vart noverande rederi Hurtigruten etablert. Eit resultat av den siste omorganiseringa var at alle tidlegare skip fekk nye kjennemerke; nytt flagg og ny skorstein. Eldre merke vart tekne bort. Men så, i 2015, skjedde det motsette med MS «Lofoten»; - tidlegare kjennemerke kom på plass igjen.

«maritim nostalgi»

Det var initiativ nedanfrå, frå mannskap, som fekk tilslutning i leiinga: å satsa på ein historisk båt som alternativ til større og moderne skip. Ideen var å tilby reisande «maritim nostalgi», som meir konkret innebar: 1) å by på eit interiør meir i samsvar med det opphavlege frå 1964, 2) å invitera til ein matsalong med servise og servering, meir i samsvar med slik det var før, 3) å ta tilbake tidlegare maritime kjennemerke, VDS sine merke på skorsteinen, i baugen, på servise m.m., men samstundes halda heile konseptet under namnet Hurtigruten, og Hurtigruten sitt flagg i masta.

Det synte seg å vera eit godt grep. «Vi tilbakefører skipet til klassisk stil,» uttalte ein entusiastisk hotellesjef til Sunnmørsposten etter verkstadopphald på Fiskerstrand Verft våren 2015. Og «nye «Lofoten» kunne snart visa til stor interesse for det nye produktet, og melda om «fullt belegg».

1964: «Lofoten» - eit nytt og framifrå skip»

Tilbake til «klassisk stil», til «Lofoten» 1964: - «eit nytt og framifrå skip», brukte Firda Folkeblad som overskrift. Jomfruturen til MS «Lofoten» gjekk ikkje ubemerka. Rederiet ønskte å visa fram det nye skipet og inviterte utvalde gjester om bord på stoppestadene. Avisene langs leia skreiv i begeistra ordelag om det dei såg og høyrde.

«Nytt moderne snøggruteskip», MS «Lofoten», til kai ved Akers Mek. Verksted våren 1964. (Firdaposten, Florø, 4. mars 1964). «Lofoten» gjekk jomfrutur frå Bergen torsdag, 5. mars 1964.

På stoppestadene Måløy og Florø blei kommune, næringsliv og aviser invitert om bord på sørgåande, om kvelden, måndag 18. mars 1964. Kaptein Eriksen ønskte velkommen, viste rundt, orienterte og stod føre ei enkel samkome i spisesalongen på 1. klasse.

Måløyavisa Fjordenes Tidende og Florø-avisene Firdaposten og Firda Folkeblad var tilstades.

«Vakre linjer» - god lastekapasitet for ferskfisk

Avisoppslaga har mange opplysningar om sjølve fartøyet. Fjordenes Tidende oppsummerer med følgjande avsnitt:

«Lofoten» (…) har en lengde over alt på 87,40 meter, dyptgående på 4,60 meter og en netto tonnasje på 1340 tonn. Skipet har vakre linjer med sterkt hellende, «soft nose», forstevn og krysserhekk. Av spesiell interesse for mange kan det være at skipet har egen godt utstyrt mødrelugar. Luke og lasterom er forut, maskineriet akter og salonger og lugarer midtskips. Det er plass til 700 [det rette: 500] passasjerer og lugarplass til 235 på 1. og 2. plass. I de 4 lasterommene på 25 000 kubikkfot finnes (…) fryserom (…) på 1000 kubikkfot som holder minus 25 grader C og lasterommene ellers holder en temperatur på minus 3 grader C. Det er iset ferskfisk man regner med utelukkende vil bli transporter sørover.»

Mannskap på første turen

Avisene fortel og noko om mannskapet på jomfruturen. Følgjande er nemnde med namn: 1) kaptein Svein Eriksen, Trondheim, 2) overstyrmann Rolf Holtan, Melbu, 3) maskinsjef Haakon Sandberg Beer, Tromsø, og 4) restaurasjonsjonsjef Thorolf Karlsen, Bergen. Kaptein Eriksen inkluderte heile mannskapet i talen sin då han viste tile VDS sin tilårskomne DS «Lofoten», bygd 1932: «også vi [mannskapet] som representerer den menneskelige faktor (…) vil gjøre vårt ytterste – for å følge opp gamle «Lofoten» sitt opparbeidde omdømme.»

«Lofoten»-tradisjon

Kaptein Eriksen sa elles i sin tale at «Lofoten» ikkje representerte noko «radikalt nytt»». Båten var bygd på «samme skrog» som «Harald jarl» (levert 1960) og Finmarken» (levert 1956). Kapteinen orienterte vidare om det beste i utstyr og sikringstiltak i samsvar med «de strenge lovene som er satt». I talen sin kom kaptein Eriksen også inn på ein ting som hadde «slått han» på stader skipet hadde vore innom: kor sterkt alle hadde kome inn på «den gamle «Lofoten» og «den rike tradisjon» den hadde «båret videre»; DS «Lofoten», bygd 1932, vidgjeten for fart og regularitet; berar av ein tradisjon som forplikta, sa kaptein Eriksen.

Hurtigruta viktig for utvikling og framvokster

Både i Måløy og i Florø vart det halde talar og bore fram helsingar. I Måløy ønskte ordføraren i Vågsøy kommune, Marius Larsen, til lukke med det nye skipet. Han uttrykte glede over at det var lagt vekt på førsteklasses kapasitet for varetransport. «Vi er avhengige av hurtigrutene», sa ordføraren, «og vi er glade for at selskapene stadig satser på nytt materiell.» Han «utbragte en skål» for Vesteraalens Dampskibsselskab» og uttrykte håp om at selskapet ville få glede av det nye skipet.»

Sverre Fønstelien representerte Måløy Handelsforening. I talen sin heldt Fønstelien fram at ein av dei viktigaste grunnane til at Måløy hadde vokse fram til «et så stort sted som i dag», var at Måløy var komen med som hurtigrutestoppestad frå starten av i 1893. Han ønskte kaptein, rederi og Hurtigruta til lukke med det nye skipet og overrekte kapteinen ein blomsterbukett.

«reknar snøggrutene som sine eigne båtar»

I Florø helsa ordførar Odd Færøyvik Vesteraalske til lukke med det nye skipet. Han peika i talen sin på at «folket på kysten reknar snøggrutene [hurtigrute-skipa] som sine eigne båtar», og heldt fram at dei gler seg over «det nye som skjer». Ordføraren ynskte kaptein Eriksen og mannskapet hans «lukke og held i siglinga på kysten».

2015: MS «Lofoten» - fleire rekordar

I 1964 blei «den gamle «Lofoten», DS «Lofoten» frå 1932, på ein måte takka av for å ha «tråva» kysten i «over 30 år», for regularitet og godt omdømme. Knapt nokon tenkte den gongen at nye MS «Lofoten» pr. 2015 skulle slå gamle DS «Lofoten» på fartstid med 20 år. MS «Lofoten» kan elles briska seg med noko som kan henda er verdsrekord for ruteskip: same hovudmotor i 51 år, ein sjusylindra Burmeister & Wain har sytt for framdrift på ei strekning som tilsvarar tur-retur jorda-månen 5, 6 gonger. God motor, «bygd for å vara» og «godt vedlikehald», vert gjerne nemnt som forklaringa. Båtmotor-interesserte passasjerar får høve til å koma ned i maskinen. Dei tek av seg huvene.

2020: slutt - som skip i hurtigrutefart

Reiarlaget Hurtigruten ASA hadde konsesjon på å ha MS "Lofoten" i fart ut år 2021. Men då var det slutt for godt. Båten stetta ikkje krav til universell standard. Det var likevel pandemien Corona 19 med utbrot i Noreg i mars 2020, som sette sluttstrek ved sterkt redusert hurtigrutefart. "Lofoten" vart liggjande i opplag, og hausten 2020 seld til Stiftelsen Maritim videregående skole Sørlandet. År 2020 hadde "Lofoten" segla nær 56 år i hurtigruta, lenger enn noko anna skip.

kjelder:

Fjordenes Tidende. 04.03., 18.03.1964


Firdaposten. 18.03.1964


Firda Folkeblad, 21.02,1963


Firda Folkeblad, 19.03.1964


Maritimt Magasin: Hurtigruteskipet Lofoten blir skoleskip 

PERMANENT IDENTIFIKATOR