Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. januar 2003

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Hafslo kyrkje



Hafslo kyrkje er ei langkyrkje i tre som ligg i bygda Hafslo i Luster kommune. Kyrkja, som har 300 sitjeplassar, vart vigsla 4. desember 1878. Arkitekt J. Faye laga teikningane. Hafslo kyrkje er soknekyrkje for Hafslo sokn og hovudkyrkje for Hafslo prestegjeld.

Stolt og fager ruvar Hafslo kyrkje like ved Hafslovatnet. Nærast frå kvart einaste gardstun i heile bygda kan ein sjå kyrkja eller tårnet.

Stolt og fager ruvar Hafslo kyrkje like ved Hafslovatnet. Nærast frå kvart einaste gardstun i heile bygda kan ein sjå kyrkja eller tårnet.

Eigar: I Luster lokalhistorisk årbok 1995.

Datering: 1995.

Fotograf: Oddrun Marie Dyrdal.

Ville utvida stavkyrkja

Alle kyrkjene våre har noko ved seg som er verd å trekkje fram, enten ein vel å fokusere på bygningen i seg sjølv eller historia rundt han. Når det gjeld Hafslo-kyrkja er sjølve utgangspunktet for denne kyrkja ei historie for seg sjølv. Etter planen skulle ho aldri vore bygd.

Den staselege kyrkja, no over 120 år gammal, var knapt tema for byggjenemnda som diskuterte stoda på 1870-talet. Det dei diskuterte var å få restaurert og utvida den gamle stavkyrkja, slik at ho kunne romme så mange som kyrkjelova av 1851 kravde, 1/3 av folket i soknet. Det er oppsiktsvekkjande å sjå kor langt planane faktisk var komne før alt vart omgjort.

Ny kyrkje likevel

Så seint som 3. januar 1877 skreiv byggmeister K. Askeland kontrakt med soknepresten Ole Christian Rasch. Sistnemnde hadde fått fullmakt frå Hafslo heradsstyre til å inngå ein avtale som omfatta restaureringsarbeid og utviding. Arbeidet skulle utførast etter teikningar av bergensarkitekten Faye, og innebar mellom anna nytt tårn, utviding av skipet, forlenga tak, nye dører og vindauge, to nye sakristi og nytt inventar, med unnatak av preikestolen og altertavla.

Ei knapp veke etter at avtalen var underteikna, ombestemte byggjenemnda seg. Dette skjedde i samråd med soknepresten som få dagar i førevegen hadde skrive kontrakt med byggmeisteren. Nemnda og presten kom til at kyrkja uansett ville bli i minste laget, og då var det betre å få reist ei ny. Og dermed følgde ei brevveksling med Kyrkjedepartementet og diskusjonar om kva teikningar dei kunne godta og ikkje. Det må ha vore nokså strevsamt for dei som stod midt oppe i det. I tillegg til at byggjenemda hadde skrive kontrakt etter dei gamle teikningane, var ein god del materialar alt skaffa etter mål.
Då Kongen i statsråd gav løyve til bygging av ny kyrkje, var gamlekyrkja alt rivi, 14.-21. mai 1878.

Kyrkjebygningen

Kyrkja i Hafslo er ei mellomstor langkyrkje, og ho ligg på nordsida Hafslovatnet. Ho er bygd på same staden som den førre kyrkja, og under golvet ligg framleis kister frå den tida det var vanleg å gravleggje folk der. Dagens kyrkje fekk nytt golv så seint som i 1977, og då vart det bestemt at kistene skulle få vere der dei var. Under det gamle golvet vart det også funne rosemåla søyler og plankar frå gamlekyrkja, og desse er tekne vare på.

Sjølve kyrkjeskipet er høgreist med kvelving i midten både i skip og kor, og flatt tak på sidene. Taket er kvitmåla slik det også opphavleg var. Då kyrkja stod ny, var veggene måla fiolette, og galleriet var gulmåla med marmorerte felt. I dag går hovudfargane i raudbrunt og grått. Nokre stader, som i listverket, er dekorfargen i gullmåling. Fram til 1962 var der grønmåla border langs veggene over den nedre grønmåla delen. I dag er veggene lyse, gallerifronten har gråmåla felt og benkene raudmåla endestykkje.

Tre søyler på kvar side midt i skipet gir eit solid inntrykk av berekonstruksjonane i kyrkjerommet. To ekstra søyler er plasserte under det frambygde galleriet. Den bakerste går gjennom gallerigolvet. Søylene som går opp i taket, har enkle kapitél med stiliserte planteornament. I koret stod der tidlegare både klokkarstol og medhjelparstol, men desse vart tekne bort i samband med restaureringa i 1962. På same tid vart preikestolen senka, og det vart utført ein god del målingsarbeid.

Hafslo kyrkje har dei vanlege sakristia på kvar side i koret, og to vindauge på kvar av sideveggene. På sidene i skipet er der fire vindauge i spissboge med farga glas øvst i trekanten. Dei bakerste vindauga gir også lys til galleriet. Det særmerkte i Hafslo-kyrkja er glasmåleriet som erstattar altertavla. Motivet er Jesus som den gode hyrdingen, og både i fargar og form er det eit svært innbydane og godt motiv å feste blikket på. Våpenhuset er lite, og har trapp på nordsida opp til galleriet. Utvendig merkar kyrkja seg ut med eit forseggjort tårn. Tårnfoten har fire takutspring, og tårnhalsen er utforma i same mønster. Sjølve tårnspiret er kopartekt.

Kunst og inventar

Krusifikset frå 1780 er i tre, og er laga av Hans Hansson Hess (f. 1735) frå Hafslo. Han budde på husmannsplassen Grøt under Beheim. På alteret står to lysestakar i messing frå 1700- eller 1800-talet. Nattverdsutstyret er ein kalk og ein disk (truleg frå før 1878); og ei oblatøskje og ei vinkanne frå 1878, alle i sølv.

Her er to bilet-teppe frå 1975, kopiar av to av dei seks bileta frå Mariateppet frå tidleg 1600-tal. Dei er laga av Åshild Melheim og Borgny Morken, etter mønster laga av Marta Ljøsne. Epitafiet frå 1781 er ei minnetavle, utan bilete, over presten Schrøder. Det heng over døra i våpenhuset.

Kyrkjeklokka frå 1844 har innskrifta "Me fecit Knud Andreas Lundt. Af E. Wengum er denne klokke bekostet omstøbt i Bergen MDCCCXLIV". Kyrkjeklokka frå 1878 er laga ved Laxevaags Værk, og har innskrifta "Støbt til Hafslo Hovedkirke". Orgelet frå 1987 har 21 stemmer, og er bygt av Gunnar Fabricius Husted Orgelbyggeri ApS i Danmark.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR