Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Fløtrastøylen



Fløtrastøylen ligg kring 100 m ovanfor og utanfor Holestøylen i ei høgd på ca. 690 m o.h. Den høyrer til Fløtre, gard nr.103. På stølen står i dag 2 sel, hustufter og restar etter steingard. Den grøne stølsvollen får etter kvart innslag av einekratt.

Fløtrastølen med to sel og restar etter fjøs.

Fløtrastølen med to sel og restar etter fjøs.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1997.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

I dag er det kring 2 km rås frå riksveg 60 på Utvikfjellet. Frå eldre tider var det nokså lang tur opp gjennom bygda på dei utlagde stølsråsene.

Bruk av stølen

Jakob Fløtre fortel: "Stølen var framtil om lag 1927 brukt til mjølkekyr og sinakyr om lag 3 mnd for året. Talet på dyr kunne variere mykje. Mjølka vart for det meste bore heim i hylkje på ryggen, men ein del sett til rømaske til mat for stølsfolk og dei som kom på gjesting. Dei som gjekk til støls starta heimanfrå kl 04 om morgonen og turen tok om lag 1,5 time i vanleg gangfart.
Stølen var også brukt til overnatting og opphald for rypejegarar, då det i dei dagar var mykje ryper i området rundt stølen. Husdyrgjødsla vart delvis teke vare på og henta med hest og slede på vinterføre."

Etter Ålandsboka: "I 1600-aarstalet var det strid millom Flytra og Støyva med Bjørnerheim um fjell- og stølshamnen. Flytra som fyrr hadde støl i Holemarki, tok fyre 1650 stølshamn i Støyva- og Bjørnerheimsmarki". Det var fleire stridigheiter fram gjennom åra om dette. "Aar 1658 var det aastadsak der retten dømde at Flytra skulde ha støl som fyrr i Holi-marki daa Støyva og Bjørnerheim hadde so ring stølshamn at dei um sumaren maa leiga hamn i anna prestegjeld, og skulde andre støla paa dei, maatte dei "blifue fordærvet og gaa tilgrunde".
Restar etter hustuft noko nedanfor Fløtratjørna kan vere der Støyva hadde stølshus i denne tida.

Nokre fakta

Fløtre, gard nr. 103, hadde 5 bruk i 1890.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 5. (Upublisert, november 2000).
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR