Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 06. april 2017

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kommune

Rå-data

Løypestreng i Fatla – med jording



År 2015: «Siden kabelen ruster og treverket råtner vekk, vil også løypestrengene være forsvunnet som kulturminne om en del år.» (Wikipedia). Leikanger kommune har i alle høve ein løypestreng som pr. 2015 ikkje er borte, om enn strengen er rusta og stramme-rullen av tre ved endepunktet nede, ber preg av rotning. Eit jordingsfeste og jordingskabel i kopar, derimot, ser nesten ut som nytt. Løypestrengen er å finna i Fatla. Han kryssar råsa mellom Sanden og Korahola.

Ein løypestreng kryssar råsa frå Sanden til Korahola i ura om lag 100 meter frå der råsa kjem ut or eit granfelt.

Ein løypestreng kryssar råsa frå Sanden til Korahola i ura om lag 100 meter frå der råsa kjem ut or eit granfelt.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2009

Fotograf: Hermund Kleppa

Ikkje langt frå elva Fatla

Folk på tur frå Sanden til Korahola treffer på to løypestrenger. Den første er løfta og festa i ein trestamme slik at turgåarar går uhindra under. Den andre kryssar råsa kring 100 meter inne og oppe i den store ura det siste stykket inn mot elva Fatla. Her må folk enten skreva over eller krypa under. Strengen er rusta; og kring 10 mm i diameter. Løypestrengen går rett ned mot fjorden og fylkesvegen; den andre går beint opp til han blir borte mellom tre og busker. Avstandet frå løypestrengen og inn til Fatla, grenseelv mellom Leikanger kommune og Sogndal, er omkring 250 meter. Heile den bratte lia innover frå Sanden mot elva Fatla blir omtala som Fatla. Folk seier t.d. at dei har vore «i Fatla» og leita etter sopp.

Løypestreng-festet nede – tett attmed fylkesvegen

Det går greitt å ta ein avstikkar nedover frå råsa til endefestet. Her er etter måten store og faste steinar, og berre spreidd vegetasjon. Festet ligg kloss i vegen. Kring 15 meter oppom festet deler strengen seg i to og endar med fleire vindingar rundt ein rund ein trestokk som er plassert i to jernbøylar festa i ein stor stein. Rullen har fleire hol; i eit av dei står ein jernbolt. Rullen er konstruert slik at strengen kunne strammast og slakkast ved hjelp av to jernboltar. Eit slikt endefeste vart kalla spelet.

Jording

I strengen er skrua fast ein koparkabel. Kabelen går ned og under ein stein, til jord. Dette vart gjort fordi strengen gjekk under ei kraftline. Det var påbode å jorda løypestrenger som gjekk under kraftliner.

Høgspentlina Sogndal – Njøs (22kV) i Fatla vart bygd i 1944. Paragraf 720 i forskriftene for elektriske anlegg som galdt då, handlar om «kryssing av taubane, løypestreng». Det står mellom anna at «taubanekabler eller løypestrenger må jordes» og at «jordledningen skal ha tverrsnitt av minst 25mm²".

Oppover

Frå kryssingspunktet oppe i råsa er det råd å følgja løypestrengen vidare oppover, enten ved ta seg rett opp der strengen går, eller ved å gå råsa vidare innover og oppover og så ta av mot høgspentmast, og vidare vestover mot neste mast. Her er og god ur å ta seg fram i. Løypestrengen kryssar under høgspenlina i ein avstand av mindre enn 1 meter. Rett nedom masta ligg strengen nedpå ein stor stein. Oppover frå masta har strengen god høgd til han går or syne i tjukkare skog.

«Høgspenning»

På masta er festa eit nyare varselmerke i metall, og det er spor av feste etter eit eldre. Det eldre skiltet var nok det same som framleis finst på neste masta vestover, Der står:

«Høgspenning (-) livsfårleg (-) å røra (-) leidningane» I små skrift nede: «Laga i Noreg L. 52» Og i småskrift på matallbrikke festa oppe: «Betonmast (-) Oslo (-) Bygg 368 Mast 193 (-) Stolpen er garantert»

Teknisk nyvinning – letta transporten

Løypestreng, også kalla rennestreng, kom i bruk på slutten av 1800-talet, og var eit viktig hjelpemiddel på mange gardar til inn på andre halvdel av 1900-talet. Særleg kom løypestrengen til nytte på brattlendte gardar. I Fatla, til dømes, kunne folk ved hjelp av løypestreng utnytta ressursane i utmarka med mindre arbeidskraft og i eit heilt anna omfang enn før. Brennved, never, hasselvyrke til tønneband, lauv og utmarkshøy, m.m. kunne no sleppast ned på fleire løypestrenger innetter lia. Passelege «lass» festa til strengen, ofte med C-forma jernkrokar, for nedover i rasande fart, til mjuk landing i ein risdunge nede ved endepunktet.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Informasjon frå: Jon Lidal, Sognekraft, Per Norvald Henjesand (overmontør)


Knut Andreas Hågvar: Løypestrengen. Teknisk nyvnning og kulturhistorie. I Årbok for Sogn, 2011.


Uteløe på Mollandsmarki


Wikipedia : Løypestreng

PERMANENT IDENTIFIKATOR