Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 26. mai 2014

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Grunnlovsjubileum - 1814 i Vik prestegjeld



Kva skjedde lokalt i Vik i 1814? Val til grunnlovsforsamlinga på Eidsvoll starta i prestegjeldet med val av to valmenn til det samla amtsvalet som gjekk føre seg i Vik. Så var det val til omframt storting om hausten 1814 som også fann stad i Vik.

Hopperstad stavkyrkje bygd ca.1130 var hovudkykje og vallokale i Vik prestegjeld i 1814.

Hopperstad stavkyrkje bygd ca.1130 var hovudkykje og vallokale i Vik prestegjeld i 1814.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 1897 - 1903

Fotograf: Nils O. Reppen

Særskild bededag

Biskopen i Bergen Stift, Johan Nordahl Brun, sende tidleg i mars 1814 brev til alle prostane som så sende vidare skrivet til sokneprestane i stiftet, også til sokneprest Jakob Thode i Vik. Dette var kunngjeringa frå Prins Christian Frederik, Noreg sin regent, om at det i heile landet skulle haldast ein spesiell «bededag». Dagen skulle helst vere fredag den 25. februar. Dersom brevet ikkje kom fram så fort, skulle dei nytte ein fredag etter dette. Bededagen skulle dei halde i hovudkyrkja i prestegjeldet. Hovudkyrkja i Vik var då Hopperstad. I alle prestegjelda i stiftet utanom Eivindvik blei 18. mars bededag.

Programmet for bededagen var bestemt på førehand av andre enn presten. Presten skulle lese opp kunngjeringar og halde «een kort og fyndig Tale over Psalmen: 62-8, 9 v». Så skulle presten lese opp brevet frå kongen om avståing av Noreg til Sverige og regenten sitt opne brev. Kyrkjelyden skulle sverje ein høgtidleg eid på å krevje sjølvstende for landet, og om nødvendig «vove Liv og Blod for det elskede Fædreneland». Så skulle presten be ei bøn for det norske folket.

Den 18. mars i Vik

Soknepresten i Vik var på denne tida mykje sjuk. Også denne dagen var sokneprest Jakob Thode for sjuk til å kunne forrette. Det var kapellanen frå Leikanger, Ludvig Daae, som gjekk inn i hans stad. Men soknepresten var med blant dei seks som underskreiv adressa og fullmakta som vart skriven. Samanlikna med liknande skriv frå andre kyrkjesokn, skreiv dei i Vik ei heller lang adresse. Denne blei sendt med dei to valmennene til Vik og sendt vidare til Eidsvoll.

Til Norges Regent, Christian Frederich, Prinds til Danmark, Hertug til Slesvig, Holsteen, Stormarn, Ditmarsken og Oldenborg.

Efter høieste Bestemmelse, samt efter udstædt Indkaldelse til Wiigs Præstegjelds Indvaanere, have Disse i Dag i Hopperstad Hovedkirke under Følelsen af den inderligste Taknemmelighed til Deres Høihed, som nu i Norges Stats iværende slibrige Stilling, faderligen paatog Dem at være vore Regent, og at værne om Statens Sikkerhed, Frihed og Rolighed, høitideligen med Fædrenelands-Sind, og med oprakte Fingre aflagt Eed paa: «At hævde Norges Selvstændighed, og at vove Liv og Blod for det elskede Fædreneland». Hvorefter fornævnte Wiigs Præstegjelds Menighed eendrægtigen valgte Fogden over Yttre og Indre Sogns Fogderi Hr. Rasmus Endresen og Gaarmand Ole R. Hopperstad, til paa dens Vegne at infinde sig paa det af Amtmanden bestemte Sted Wiigøren den 30te Martii førstkommende, for der paa alles vores Vegne tilligemed de øvrige Menigheders afsendte Befuldmægtigede, at vælge 3 af Amtets meest oplyste Mænd at møde i Eidsvold næstkommende 10de April, og da saaledes, som Deres Høiheds aabne Brev af 19de Februarii fastsætter, paa Nationens Vegne at antage og bestemme Kongeriget Norges Regjeringsform, samt denne vor underdanigste Adresse at overlevere i Deres Høiheds egen Haand, som Fuldmagt for Valget og til Bevaring i Rigets Archiv. – Den algode Gud give saavel den elskværdige Regent, som det gandske Folk Held og Lykke til denne aflagde Eeds Fuldbyrdelse!

Wiig den 18de Martii 1814. –

Underdanigst
Jacob Thode, Sognepræst til Wiigs Præstegield.
Rasmus Endresen, Foged for Yttre og Indre Sogn.
Thomas Fasting, Oberst-lieutenant af Infanteriet.
Ludvig Daae, Personel Capellan til Legangers Præstegjeld, som forrettede paa ovenomtalte Bededag i Sognepræsten Hr. Thodes Svaghed.
Johan Benjamin Liljedahl, Klokker I Wiigs Præstegield.
Jan Reutz, Gaardebruger.

Til å representere Vik prestegjeld på amtsvalet den 30. mars vart med andre ord valt ein embetsmann, futen for Indre og Ytre Sogn Rasmus Endresen, og ein bonde Ole R. Hopperstad. Dei hadde kort reiseveg til amtsvalet, sidan det gjekk føre seg i Vik, på Vikøyri, nærare bestemt i det huset som seinare blei kalla «Lychehuset» på Vange.

I Vik var det berre seks som skreiv under på fullmakten, det var eit minimum av underskrifter. Av desse var dei to geistlege og klokkaren i Vik prestegjeld. Det var berre ein gardbrukar, Jan Reutz. Han var gift med Gjertrud Kristofferdotter og dei budde på Sæbø. Son til Jan Reutz, Adam Munthe Reutz, var i 1839 fjerde varamann til stortinget. Elles var det både ein offiser og ein fut som skreiv under.

Vik prestegjeld i 1814

 I folketellinga frå 1801 er det oppført 3 400 personar i «Wiig» prestegjeld. Den 1.jan.1808 blei Kyrkjebø sokn skilt ut frå Vik og lagt til Lavik. I 1814 omfatta Vik prestegjeld hovudsoknet med Hopperstad og Hove kyrkjer, Kvamsøy steinkyrkje frå 1280-1300 og Nese i Arnafjord frå midten av 1600-talet. Hopperstad stavkyrkje frå 1130 var hovudkyrkja i 700 år fram til 1876-77 då Vik kyrkje stod ferdig. Hove kyrkje er ei steinkyrkje frå ca. 1170. Kyrkjesokn var Hopperstad og Hove, Kvamsøy og Arnafjord.

 Det var nok ingen bispevisitas i 1814, men i 1812 kom biskop Johan Nordahl Brun på visitas frå Bergen. Sokneprest Jakob Thode skulle ha kome til Kvamsøy som var møtestaden, men var for sjuk. Prestefrua møtte i staden for han. Losjiet var ikkje så bra. Det var lopper i sengene og maten vart tilberedt på ei steinhelle. Fru Wilhelmine Sophie Thode sov i spiskammerset for å unngå loppene.

Visitasmeldingar frå 1819 i Vik viser ein stad med eit høgt forbruk av brennevin. Biskop Pavels klagar over at gravferdsfylgjer og brudefylgjer kom drukne til kyrkje. Det blei selt brennevin ulovleg. «Natteløperi» var også utbreidd. Ein prostevisitas i 1820 legg vekt på utskeiingar på Vikøyri, mens «Arnefjord» kyrkjelyd levde moralske og kristelege liv.

Under sokneprest Jakob Thode var det nok også drukne menn i kyrkja. Det blir fortalt om ein Johannes Guttormson Tryti (1759-1826) som snakka frekt til presten mens han stod på preikestolen. Han orsakar seg sidan til presten og seier han var drukken.

Soknepresten i Vik

Sokneprestane spelte ei viktig rolle i 1814. I «Bygdabok for Vik 1» med skriftstyrar Olav Hoprekstad står det om soknepresten i Vik i 1814 i kapittelet om prestar etter reformasjonen:

«Jakob Thode vart so utnemnd i desember 1785 og vart i Vik nær 32 år, til han gjekk burt. Han var son av domprost Thode i Trondheim, fekk god presteeksamen, var kapellan hjå faren og vart i 1773 sokneprest i Nesodden ved Oslo, i Vang i Valdres i 1776 og derifrå kom han til Vik. Det at han var så kort tid i Nesodden, hadde visst ein serskild grunn. Ved ein altergang kom han i skade for å dela ut vin før brød, og då var det på tale um å få han avsett for det, men han slapp med å betala 5 riksdalar i bot til eit fatighus, og gjera «afbigt» for kyrkjelyden frå preikestolen. I 1815 var det brand på prestegarden i Vik tvo gonger, mange hus brann ned, og mykje innbu. Jakob Thode stod seg godt med folket i bygdi, og biskop Johan Nordahl Brun som var der på visitas, var vel tilfreds med han som prest. Han var barnlaus mann, endå han var gift tvo gonger. Dei siste åri var Thode sjukleg, døydde i 1817 og ligg gravlagd ved Hoprekstad-kyrkja. Gravsteinen er der den dag i dag. Ettermælet hans er godt i bygdi. I hans tid, frå 1. januar 1808, vart Kyrkjebø sokn skilt ut frå Vik og lagt til det nye Lavik prestegjeld.»

 Gudmund Balvoll har i «Gards- og ættesoge for Vik i Sogn» ei noko anna skildring av Jakob Thode:

«Jakob Thode (1740-1817) var son til ein domprost i Trondheim. Han vart sokneprest på Nesodden i 1773, Vang i Valdres i 1776 og frå desember 1785 i Vik. Han gifte seg med Anne Catharine Bernhoft (1736-1808). Dei hadde ikkje born. Han gifte seg på nytt med Wilhelmine Sophie Antze (1774-1851) frå Ytre Holmedal. I følgje den gamle bygdeboka var Thode ein populær prest i bygda. Men å arbeida med skjema og protokollar var han svært dårleg til, og feil og manglar i kyrkjebøkene er særleg omfattande i hans periode på 32 år i Vik. Medverkande til dette kan vera at han var sjukleg. Då biskopen var på visitas i 1802 såg «Hr. Thode saa godt ud som nogensinde». Det fekk kona hans æra for! Ved ny visitas i 1812 kom han ikkje til møtestaden Kvamsøy, og på spørsmål om han framleis var sjuk, var svaret «Jo, han er meget syk!» og madam Thode (altså den nye kona, 38 år gamal) «beklagede sig over sin gamle mands svage tilstand»… Men om Thode ikkje heldt orden på kyrkjebøkene, passa han på at bønder, husmenn og strandsitjarar betalte det dei skulle. I 1812 var han såleis i forliksrådet med krav om korntiend for 12 år frå Hans Nilsson Karevoll. På same tid hadde han grunnleigekrav på gjestgjevaren Rolfsen, og ein husmann på Linde i Kvamsøy sokn hadde ikkje utført det haustearbeidet han skulle etter festekontrakten…"

Vik prestegard - Grov

Garden Grov, gard nr. 40, var allereie prestegard til Hopperstad kyrkje før svartedauden. (Til kyrkja på Tenål var det prestegard på Føli.) Prestegarden omfatta også Gildhus, Moane-Grov, noko av Kålhagen, Prestteigen-Midlang, Prestmyri-Balvoll og Prestteigen-Svolsvik. Prestegarden hadde heimstøl over Midlang og fjellstøl i Unnardalen.

Hovudhuset på prestegarden blei bygd kring 1760, truleg av prost Jonas Daae. Det står no på De Heibergske samlinger – Sogn folkemuseum. Det er eit tømra hus, har ein etasje og loft. Det er om lag 24 m. langt. Grunnflata er 188 m2.

I 1815 var det to brannar på prestegarden. Mange hus og mykje innbu vart øydelagt.

Amtsvalet i Vik

Amtmannen i 1811-1814, Herman Gerhardt Treschow, var dansk. Han sende eit rundskriv til alle prestegjelda om når og kvar amtsvalet skulle finne stad:

Til samtlige Sognepræster: Herved underrettes Deres Velærverdighed om at Giestgiverstedet Wiigøren i Wiigs Prestegield i Yttre Sogns Fogderie er udseet til Forsamlingsplads for de af de respective Menigheder i Overeenstemmelse med Regentskabets ved Biskoppen den … : Circulaire udvalgte Mænd, som at Tiden til denne Forsamlings Afholdelse, er berammet til den 30de i denne Maaned.
Treschow

Valet av representantar frå Nordre Bergenhus Amt til forsamlinga på Eidsvoll 10. april gjekk føre seg i «Lychehuset» på Vange i Vik. Datoen for dette var 30. mars. Her møtte dei to valmennene frå kvart prestegjeld. Dei tre som vart valde til å representere amtet på Eidsvoll var:

  • Sorenskrivar Lars Johannes Irgens frå Sogndal, Indre Sogn sorenskrivardøme.
  • Sokneprest Nicolay Nielsen frå Ytre Holmedal (Fjaler)
  • Gardbrukar Peder Hjermann frå Lærdal.

I tillegg var det to representantar som vart valde av det Bergenhusiske infanteriregiment, kaptein Ole Elias Holck og Musketer Nils Johannesson Loftesnes.

«Tak og Bønefest»

Den 17. mai var grunnlova ferdig og Christian Frederik blei valt til norsk konge. Kongen sendte ut eit brev til biskopane om å halda takkefest i dei norske kyrkjene. Truleg var det ein slik fest også i Vik, men vi veit ikkje når.

Mobilisering og krig

Krigen i 1814 mellom Danmark-Noreg og Sverige varte frå 27. juli til 14. august. Danmark-Noreg leid nederlag og dei skreiv under ein konvensjon i Moss.

Saman med mange andre frå Nordre Bergenhus Amt reiste også menn frå Vik i krigen mot svenskane. Det går gjetord om ein svært stor og sterk vikje i striden med svenskane. Han heitte Ola Alvsson Valsvik. Det vert fortalt at Ola og andre soldatar sat inne i ei stove å spelte kort medan dei var på vakt. Så kom det uventa ein svensk patrulje inn. Soldatane sat ved eit stort, tjukt og tungt bord. Han vinka vekk kameratane sine. Ola tok bordet, heldt det framfor seg, og gjekk mot svenskane. Bordet kvelvde han over dei med stor kraft, så svenskane blei slegne ned. Dei andre nordmennene hoppa opp på bordet, og svenskane vart drepne. Truleg var dette ein liten svensk patrulje på to menn.

Historia er stadfesta gjennom Ola Alvsson Valsvik (1856-1931) sin bestefar Tollak Valsvik. Gamle folk snakka seg i mellom om denne hendinga og kalla Ola for «den sterke vestlendingen». Lokalhistorikaren Arne Inge Sæbø har prøvd å finne ut kven denne Ola Alvsson Valsvik var, men har ikkje funne nokon som er fødd i Arnafjorden til rett tid.

Det var fleire frå Vik som var ute i krig frå 1809 til 1815. I tillegg til Ola Alvsson Valsvik var det i alle fall desse ni: Ivar Larsson Hove (1789-1831), Endre Guttormsen Tistel (1790-), Knut Sjurson Fjærestad (1787-1837), Per Knutson Midlang (1787-1869), Jon Ivarson Rislåg (1783-1829), Ola Torson Ovri (1790-1860), Knut Markusson Vikøren (1790-1817), Rognald Sjursen Sæbø (1776-1809) og Ivar Torson Orvedal (1782-).

Ny amtmann

Amtmannen Treschow gjekk av våren 1814. Då vart futen Rasmus Endresen konstituert. Den nye amtmannen vart «grunnlovens far» Christian Magnus Falsen. Han tok over om lag den 20. oktober. Han heldt til i Bergen.

Val til omframt storting

Vala i prestegjelda var denne gongen betre organiserte og førebudd enn valet til Eidsvoll-forsamlinga. Talet på utsendingar frå prestegjeldet skulle fylgje folkemengda.

Også denne gongen kom det brev frå Christian Frederik til biskopane. Dette var datert 13. juni. Brevet slo fast at det skulle setjast opp manntal i samsvar med grunnlova §51. Konvensjonen frå Moss av 14. august, artikkel 1, slo fast at eit storting skulle kome saman.

Den 23. september var det på nytt val på representantar frå Nordre Bergenhus Amt, denne gongen til omframt storting. Dette valet blei også halde i «Lychehuset» på garden Vange i Vik. Det var 58 valmenn som møtte. Ingen av dei valde var Eidsvoll-menn. Desse vart valde:

  • Soknepresten i Gulen Nils Griis Alstrup Dahl.
  • Tøger Halvarson Nes frå Luster.
  • Ole Torjussen Svanøe frå Kinn.
  • Våpensmed Eirik Olsen Nord frå Eid.

1815

Stortinget valde den 4. november Carl den 13., den svenske kongen, til Noregs konge. Dei tilpassa no grunnlova til unionen med Sverige.

 

kjelder:

Olav Hoprekstad: Bygdabok for Vik i Sogn I. 1951
Margrethe Henden Aaraas (red.) m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane, band 2, Sogn. Selja forlag 2000.
NRK: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Gudmund Balvoll: Gards- og ættesoge for Vik i Sogn. Vik lokalhistoriske arkiv, 2008.
Arne Inge Sæbø: Vikjer i krigen 1809-1815. Og Anne Marie Bøtun: Vikjer og fresvikjer i striden mot svenskane i 1814 I Pridlao nr.2/2001
Halkild Nilsen: Kirkelige og religiøse forhold i Bergen stift i biskopene Pavels’ og Neumanns tid. Gyldendal forlag, 1949.
Johannes Guttormson Tryti 1759-1826 kom på kant med presten Thode i Pridlao nr. 3/1999

PERMANENT IDENTIFIKATOR