Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Høgdegarden Segestad



Garden Segestad ligg på ei fjellhylle lengst heime i Glomsdalen. Garden vart truleg teken i bruk noko før år 1000. I 1980-åra var garden til nedfalls, men stor innsats frå fleire hald har berga denne kulturperla.

Fjellgarden Segestad ligg lengst heime i Glomsdalen. Her var det større busetnad før Svartedauden. Ved ei synfaring i 1594 fann dei 10 hustufter i dalen.

Fjellgarden Segestad ligg lengst heime i Glomsdalen. Her var det større busetnad før Svartedauden. Ved ei synfaring i 1594 fann dei 10 hustufter i dalen.

Eigar: Anne Kjos-Wenjum.

Datering: Kring 2000.

Fotograf: Anne Kjos-Wenjum.

Gamal gard

Garden Segestad ligg på nordsida av Strynevatnet på ei fjellhylle lengst heime i Glomsdalen kring 300 meter over havet. Garden vart truleg busett kring år 1000 eller noko tidlegare. Etter svartedauen vart alle gardane i fjellgrenda lagde øyde, og det var berre Segestad som vart teken opp att. Det er funne mange fornminne i Glomsdalen. Når fråflytta gardar kom i bruk att, vart det gjerne tvist om rettar. På slutten av 1500-talet hadde ein fut bygsla Segestad bort til ein framand. Men ein gardbrukar på Ytre-Eide hevda at han hadde nytta Segestad som seter frå gamal tid. Under ei synfaring i 1594 fann dei 10 hustufter og ein gamal brønn.

Taubane først i 1931

Garden hadde gardskvern lengst framme på bøen i gjelet der Glomsdøla renn. Dei hadde og ei lita kvern bak eldhuset som dei kunne nytta når det var regn og flaum. På setra hadde dei sel og fjøs, og ei budeie laga gamalost og kinna smør. Geitene vart mjølka heime, og i eldhuset vart den gode geitosten laga. Alt som skulle til og frå garden måtte berast på ryggen på den smale stien mellom Segestad og Strynevatnet. Der hadde dei båt. Om hausten var det ei travel tid for husbonden. Då skulle han selja ost, smør, huder og skinn. Kjøtet vart salta i tønner og sendt med jekt til Bergen. Først i 1931 fekk dei taubane til Glomnes.

Manndomssteinen

Dei hadde ikkje springvatn på Segestad, og det hende at bekken gjekk turr. Då måtte dei bera vatn frå ei kjelde 250 meter borte og heim til den store buskapen. Når det var berrfrost, hende det at dei måtte ned i den djupe Glomsdøla for å henta vatn.
Garden hadde smie vest for husa. Der vart det laga øksar, grev og knivar. Det har gått på folkemunne til i dag at ein brukar som heitte Klaus Segestad var finsmed av rang. Han laga fine slireknivar med sølvbeslag som han selde på Strynemarknaden. Nord for husa på Segestad er det ei gammal hustomt. Der ligg ein tilhoggen stein. Segna fortel at i gamle dagar møttest tenåringane frå fjellgrenda for å løfta steinen. Ein gut var ikkje vaksen før han kunne makta å løfta manndomssteinen.
Den første plassmannen busette seg på Segestad i 1827. Den siste plassmannen flytte i 1902 på grunn av snøfonna som tok husa. Jon Segestad, som var siste brukaren på garden, døydde i 1961, 69 år gamal.

Garden vert berga

Då garden vart fråflytt, kom forfallet litt etter litt. Frå 1979 til 1984 stod fjerdedelen av bygningane utan tak. Segestads Vener vart skipa med det føremålet å berga denne kulturperla. Kring 1988 stod arbeidet i stampe på grunn av manglande finansiering. Men ting ordna seg. Mange engasjerte seg etter kvart både økonomisk og praktisk i dette arbeidet. I 1990 hadde husa fått nye tak. På heile 1990-talet vart det lagt ned mykje arbeid for å ta vare på Segestad. Inne i stova på garden er det fint og særprega interiør. Den sterke fargebruken me finn der var vanleg for eldre hus av denne typen. I 1999 vart det gjort vedtak om at Segestad skulle regulerast til spesialområde for kulturminne.

 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Notat frå Stryn kommune.

PERMANENT IDENTIFIKATOR