Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Kålsstøylen



Kålsstøylen høyrer til Kåle, gard nr. 80 i Gloppen. Stølen ligg ca. 550 m o.h., rett ovanfor fjellgarden(skilje utmark-fjell) og tett inntil Hetlestølen. Stølen er plassert på ein rund bergskolt der husa ligg fritt med fin grasmark kring. Stølsvollen er kransa av skog. No står att eit tømmerfjøs og to sel.

Stølsbøen med fjellheimen bak.

Stølsbøen med fjellheimen bak.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1998.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

I dag er det 3 km skogsbil-/dyrkingsveg opp til Hjelltunet. Vidare 1 km traktorkøyrd rås. Det var svært mykje tyngre tidlegare å traske råsa oppover i vel 1 time.

Bruk av stølen

Kari Kolbotn fortel at fjøset og det eine selet høyrer til bruk nr. 11 og bruk nr 5. Dei er i gamal stil, bygde før 1900. Selet har enno den gamle senga og mjølkehylla med treaskar. Det andre selet høyrer til bruk nr.1 og ligg heilt utpå kanten med fin utsikt til Bøafjellet, Skjorta og Rettilen med Ryssdalshornet. Under krigen gjekk ungdomane på dei næraste stølane saman og bygde ein danseflake rett vest for stølen. Ungdomane på Kvile og Jordanger fekk og vere med på moroa.

Frå rett gamal tid var stølstida frå jonsok til barsok. Etter barsok flytta huldra inn. Etter kvart var nok veret vel så viktig som huldra med omsyn til flyttetid. Slåtten var viktig. Det er oppgjeve at dei hausta kring 2000 kg høy. Alt vart slege med stuttorv og i fint ver var det gjort på 5 dagar. Høyet vart køyrt heim på vedaslede utan stålskoing på meiane. Lange bjørkegreiner på sleden gjorde at dei kunne lesse store lass. Kring 1950 var det slutt med både stølsdrifta og slåtten.

Nokre fakta

Kåle, gard nr. 80, Breim sokn, hadde 4 bruk i 1890.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 5. (Upublisert, november 2000).
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR