Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Revårstøylen



Revårstøylenl høyrde til Re, gard nr 100, i Gloppen. Kjell Råd skriv at stølen i Restranda ikkje kom i bruk før kring 1905, då brukarane slutta å slå markaslått der. Dei ville heller bruke slåttemarka til beite. Det som står att av vårstølen er eit sel som dei har halde vedlike. Det ligg mellom vatnet og vegen.

Eitt sel står att på Re vårstøl.

Eitt sel står att på Re vårstøl.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1997.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

I dag går det på bilveg rundt Breimsvatnet. Tidlegare var det å frakte både folk og fe med båt over vatnet til Restranda og Vårstøylen.

Bruk av stølen

Først var dyra 2-3 veker på vårstølen i Restranda. Både dyr og folk måtte fraktast med båt heimefrå til Vårstøylen. Ved jonsoktider vart dyr og folk ført med båt langs stranda til Lyngneset og vidare oppover råsa til Restølen. På sommarstølen var dei til august - september då dei flytta ned att på vårstølen eit par veker og så heim. Sjå eigen artikkel om Restøylen.

Brita K. Reed, fødd i år 1900, fortel at dei i Stranda hadde tre sel og seks gardfjøsar som låg litt frå kvarandre. Både sela og fjøsane stod like ved strandkanten. Kyrne beitte oppover liene. Re vårstøl vart brukt til vår- og hauststøl.

Nokre fakta

Re, gard nr 100, Breim sokn, hadde 12 bruk i 1890.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 5. (Upublisert, november 2000).
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR