Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 19. mars 2019

Kategori

Kommune

Språk

Hjalmar Christensen - kulturkritikar og forfattar frå Førde



Hjalmar Christensen var kulturkritikar og forfattar frå Førde. Han utfalda størst aktivitet i hovudstaden, men heldt ved like sine røter til heimbygda livet ut. Miljøet til embetsmannsfamiliane og bondekulturen i Sunnfjord går att i forfattarskapen hans.

Diktarstova til Hjalmar Christensen på Kapteinsgarden. Vi skimtar hovudbygningen til høgre på biletet.

Diktarstova til Hjalmar Christensen på Kapteinsgarden. Vi skimtar hovudbygningen til høgre på biletet.

Eigar: I Sogeblad frå Førde kommune.

Datering: 1998.

Fotograf: Olav Øygard.

Oppvekst og utdanning

Hjalmar Christenesen vart fødd 5.5.1869 i Førde. Foreldra var amtsingeniør og kaptein Michael Sundt Tuchsen Christensen (1827-1895) og Frederikke Sophie Elster (1838-1927). Han var gift tre gonger. Han var bror til Ingolf E. Christensen (1872-1943) som var fylkesmann og statsråd. Forfattaren Kristian Elster d.e. var onkelen hans.

Etter middelskule i Førde tok han examen artium i Bergen i 1887, og drog deretter til Kristiania. Han studerte språk og historie, gjekk så over til jussen og vart cand. jur. i 1892.

Forfattaren

Som ung debatterte han flittig i avisene, og 20 år gammal fekk han gitt ut sin første roman, "En frisindet". I 1903 var han med på å skipe Den norske Forfatterforening, og det var som allsidig forfattar og skribent han vart mest kjend. I bøker og artiklar tok han opp tema om historie, politikk og litteratur, og var ein sentral bidragsytar i nasjonsbygginga før og etter 1905. Christensen hadde sin mest produktive periode i tiåra rundt 1905. Han kunne forfekte sterke meiningar som eggja til debatt. Forfattarskapen hans er merkt av oppveksten i ein embetsfamilie i Førde, som gav han sterke røter i bygde-Norge.

Embetsmenn og bønder

Temaet i mange av bøkene hans dreia seg om livet til embetsmenn og bønder. Han er mest kjend for boka "Fogedgården", med undertittelen "Af en bygds historie", der bygda er Førde. Dette er ei kulturhistorisk skildring av livet på futegarden i Førde og bygda Førde. Den lokale embetsstanden, med fut, prest, sorenskrivar, og den lokale prokuratoren, vert inngåande skildra og avkledd i Christensen sine skildringar.
Mange av bøkene hans er basert på hendingar i bygdene i Sunnfjord. Han skreiv i alt 32 bøker utanom ei rad artiklar i tidsskrift, vekeblad og aviser. Han var òg ein flittig brevskrivar og har samla sett ein stor produksjon.

Diktarstove i Førde

Etter 1916 budde han mykje i Førde, og skreiv boka "Skeid 1821-1921". Christensen drøymde om å få seg ein bustad i heimbygda, og i 1920 fekk han realisert draumen med økonomisk hjelp frå forlaget sitt, Aschehoug.

Det vart mykje pendling mellom hovudstaden og Førde. Helsa hans skranta, og på ei reise vestover vart han sjuk. Den 29. desember 1925 døydde han i på eit sjukehus i Bergen. Straks etter vart han gravlagd på familiegravstaden i Førde. Diktarstova hans står enno. Han har fått oppkalla ei gate etter seg i Førde, Hjalmar Christensenvegen på Prestebøen.

kjelder:

Skåre, Jon: Førde i litteraturen. I Sogeblad frå Førde kommune.Hefte 16. Førde 1998.
Sogeblad frå Førde. Hefte 5. Førde 1987.
Norsk biografisk leksikon. 1999.
Førde Bibliotek: Tilrettelagde opplysningar om diktarar frå Sunnfjord.