Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 22. august 2018

Kategori

Kommune

Lavik kyrkje



Lavik kyrkje er ei åttekanta kyrkje i tre som ligg i bygda Lavik i Høyanger kommune. Kyrkja, som har 380 sitjeplassar, vart vigsla 10. desember 1865 av prost Thomas Erichsen. Arkitekt Christian Henrik Grosch laga teikningane. Lavik kyrkje er soknekyrkje for Lavik sokn og hovudkyrkje i Lavik prestegjeld.

Skipet sett frå våpenhuset.

Skipet sett frå våpenhuset.

Eigar: Lavik kyrkjekontor.

Datering: 1999.

Fotograf: Egil Danielsen.

Åttekanten - symbolsk meining

Lavik kyrkje er ei av dei få åttekanta, oktogon-forma, kyrkjene i fylket. Som det meste innan utforminga av kyrkjene, har dette ei djupare symbolsk meining. Den regulære åttekanten (same lengde på sidene og same vinkel mellom dei) er ei mellomform mellom kvadratet og sirkelen. Kvadratet symboliserer jorda, sirkelen himmelen. Åttekanten vert såleis ei mellomform mellom jord og himmel og skal symbolisere åndeleg gjenføding, som i dåpen.

Døypefonten er òg åttekanta, og det har den same symbolske tydinga. Talet åtte er dessutan sjølve symboltalet for dåpsvatnet. Åttetalet er også sterkt knytt til Jesus, det var nemleg på den åttande dagen, rekna etter palmesøndag, han stod opp frå dei døde. Åttekant-forma i Lavik kyrkje er gjennomført også i tårnhalsen og tårnfoten. Dette er noko av "bodskapen" som ligg i forma til denne staselege kyrkja i Lavik. Og slik ho i dag er plassert i landskapet, slik har kyrkjene i Lavik heilt tilbake til 1100-talet lege.

Kyrkjebygningen

Kyrkja vart bygd berre åtte år etter at soknestyret vedtok å kjøpe den tidlegare kyrkja på staden. Ho var alt den gongen for lita, og det tok difor ikkje lang tid før arbeidet med ei ny kyrkje kom i gang. Den åttekanta tårnfoten står på midten av kyrkjetaket, og tårnspiret endar i ein kross. Skipet er 13 x 12,7 m og koret 6 x 5 m. Innvendig er galleriet bygt ut langs fem av dei åtte veggene.

Då kyrkja var ny, var dei to fremste stolane på "kvinnfolksida" (nordsida) sett av til presten sine folk, og til kondisjonerte og storfolk elles. Resten var faste stolar for kvar grend eller gard i soknet. Dette er eit mønster som tidlegare var vanleg i dei aller fleste kyrkjene. I austenden har kyrkja sakristi i forlenginga av koret, og i vestenden våpenhus med trappeoppgang på nordsida. Sakristiet vart tidlegare nytta både som preste- og dåpssakristi, men i dag er dåpssakristiet ein del av nybygget attmed kyrkja. Det inneheld også bårerom, toalett og reiskapsrom.

Nye fargar inni

Då kyrkja var ny var veggene inne umåla, medan galleriet var kvitmåla. Dei åtte søylene i kyrkjeskipet som held oppe taket og kuppelen i midten var lysegule. Benkene var blåmåla. Seinare vart kyrkja måla om i nye fargetonar, og m.a. vart veggene måla grå. Rundt 1995 vart det gjort eit stort oppussingsarbeid, og då vart målinga på veggene luta av. No fekk kyrkja ein god del mørkare fargetonar enn tidlegare. Ein heller mørk grønfarge vart saman med raudfargen dominerande i kyrkjerommet. Det kvitmåla taket, dei luta veggene og ikkje minst dei store spissboga vindauga i kor og skip, er likevel med på å gi kyrkja eit lett preg. Fire av dei gir også lys på galleriet. Kyrkjebenkene vart også måla om i 1995, denne gongen grå. Tre år tidlegare vart kyrkja måla utvendig, samstundes som det vart montert innervindauge i mest heile kyrkja. Det førte til at kyrkja vart lettare å varme opp.

Kunst og inventar

Altertavla frå kring 1880 er ei gåve frå kaptein Peder Fredrik Hartwig. Tavla er eit oljemåleri på lerret av Christen Brun (1828-1905), som var konservator ved Nasjonalgalleriet i Oslo frå 1870. Motivet på tavla er "Kristus som stig fram frå grava". Soldatane er slått av redsle, engelen, med palmegrein, tilber. Måleriet er ein kopi av Adolph Tidemand (1814-76) sitt bilete "Christi Opstandelse" (1871) frå Bragenes kyrkje i Drammen.

På alteret står i alt fire lysestakar, to alterlysestakar og to toarma lysestakar i messing. Nattverdsutstyret er ein kalk frå 1865 og ein disk frå 1841. Disken har innskrifta "Givet til Ladvigs kirke Aar 1841 af Generaladjutant Ole Elias Holck og Frue Karen Sophie".

Døypefonten er av tre, og dåpsfatet og dåpsmugga er i sølv.

Orgelet er frå 1979 og har 11 stemmer. Her er to kyrkjeklokker; den eine er frå 1914 og den andre frå 1852. Den eldste vart skada i 1983 og omstøypt med innskrifta "Denne klokka er omstøypt i 1984 av Olsen og Nauen klokkestøyperi etter klokke gitt av generaladj. Holck's enke 1852".

Presten som vart stum!

Før 1807 låg Lavik under Eivindvik prestegjeld, og dermed måtte soknepresten i Eivindvik stadig på sjøferd til Lavik og dei andre annekskyrkjene. Ingen av prestane skal ha drukna på desse turane, men det var nære på i 1653 då sokneprest Størk Tomeson kollsiglde på veg heim til Eivindvik. I eit heilt døgn klorte han seg fast på båtkvelven, før der kom folk til som hadde skjøna at presten var ille ute. Dei tre skysskarane til presten forsvann i fjorden, men presten overlevde. Han vart likevel aldri den same. Hendinga gjekk slik inn på han at han mista målet. Etter kort tid måtte han difor skaffe seg personleg kapellan. Nesten tre år etter ulukka byrja soknepresten igjen så smått å snakke, men han vart aldri meir nokon talar. Størk Tomeson døydde i 1663, ti år etter ulukka.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.