Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 23. november 2018

Sist oppdatert 23. november 2018

Kategori

Kommune

Kumle bedehus - vigsla 1963



Måndag 20. april 1961 handsama kommunestyret i Askvoll søknad frå byggjenemnda for bedehus på Kumle om tilskot på 10 000 kroner. Byggjearbeidet var godt i gang, men det stod att mykje både ute og inne før huset kunne takast i bruk. Kommunestyret løyvde pengane, og fleire i kommunestyret kom med lovord om bedehusarbeidet. Håkon Olset var imponert, og meinte det var «ei æressak for heradet å hjelpa ved slike høve.»

Kumle bedehus

Kumle bedehus, vigsla søndag 4. august 1963.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2007

Fotograf: Hermund Kleppa

Godt i gang 1960

«Dei har arbeidt med dette tiltaket på Kumle heilt sidan 1944», blei det opplyst i kommunestyret; mykje dugnadsarbeid og samla inn over 60 000 kroner. I august 1960 var råbygget på 16 x 12 meter «mura opp» på støypt kjellar, og det skulle leggjast tak. Huset stod på god grunn. Det var sprengt ut 500 kubikkmeter stein og sett opp ein solid forstøtningsmur. Mesteparten av alt arbeidet var gjort på dugnad.

Vigsla 1963

«..nytt flagg og ny vimpel med namnet Helgtun helsa alle hjarteleg velkomne.» Dagen var søndag 4. august 1963, og folk kom frå fjern og nær til vigslingshøgtid på Kumle. Firda Folkeblad hadde oppslag med utførleg omtale dagen etter. Programmet var tredelt; føremiddagsmøte, matpause og ettermiddagsmøte. Nedanfor følgjer nokre avsnitt:

(…)
«høgtida vart opna med velkomehelsing av formannen i byggenemnda og [salmeverset] «Guds ord det er vår fedrearv». Deretter heldt han ein kort tale ut frå 1. Korintarbrev 1.18 om Krossen. Sina Askevold las ein velskriven og djupt personleg prolog, og det var song av brørne Olset.

Etter tre skriftlesingar heldt biskop Indrebø vigsletalen over dagens tekst om dei to vegar, den breie og den smale. Det var ei alvorleg og manande preike om valet og livet som må fylgja etterpå, og det var djup høgtid i dei fylte salane då han til slutt sa huset vigsla i namnet til den treeinige Gud.»

(…)
«Kl. 16 vart ettermiddagsmøtet opna med ein fin orgelkoral med lærar Magnus Nybø ved orgelet. Formannen i byggenemnda gav so utgreiing om bygget. Det er arkitekt Torgeir Alvsaker, Bergen, som har teikna huset. Frå 1946 til 1958 har to foreiningar samla ca 45 000 kroner. Sidan den tid har huset vore under arbeid. (…) Heile utgreiinga vitna om samla innsatsvilje og ein stor offerhug.

Då ordet vart gjeve fritt, var det iat 12 som kom fram med helsingar med ordf. Flokenes som den fyrste og Johan Midtun som den siste. Alle tykte at bygda hadde fått eit vakkert og praktisk samlingshus, som bygda kunne vera tent med i lange tider.»
(…)

Indonesia-basaren

Kumle bedehus heldt i mange år ein basar til inntekt for Frelsesarmeen sitt misjonsarbeid i Indonesia. På basaren sommaren 1985 var major Oskar Enstad, fødd på Kumle, og kona Klara til stades. Begge hadde vore misjonærar i Indonesia. Enstad viste lysbilete og fortalde om eit nytt sjukehus dei i samarbeid med NORAD heldt på å byggja på øya Palu. Pengane som kom inn på denne basaren, i alt 14 200 kroner, skulle brukast til utstyr på det nye sjukehuset.

År 2018 – Møteplassen

Bedehuset på Kumle 2018 er det same huset som stod ferdig i 1963, med storsal og småsal oppe og full etasje i kjellarhøgda. Det har ikkje vore nødvendig med bygningsmessige tiltak utanom å skifta vindauga og vanleg vedlikehald. Huset er i god stand og godt tenleg som samlingshus. Det er bygda som eig bedehuset og det har i alle år vore ein allsidig bruk av huset. År 2018 er Møteplassen Helgtun den mest «synlege» aktiviteten. Sidan 2009 har avisa Firda hatt kunngjering om onsdagstreff i kjellaretasjen, «for vaksne i alle aldrar», av og til med ekstra programinnslag, elles ein open møteplass for «hyggjeleg prat» og kaffi.

kjelder:

Firda Folkeblad 22.08.1960


Firda Folkeblad 20.04.1961


Firda Folkeblad 05.08.1963


Firda Folkeblad 02.03.1981


Enstad, Nils-Petter: I ferdiglagte gjerninger . Oslo: Nye Luther, 1991


Opplysningar frå Lise Saltskår, Atløy


Firda Folkeblad 06.06.1985