Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Eid kyrkje



Eid kyrkje er ei langkyrkje i tre som ligg i enden av Eidsgata på Nordfjordeid. Kyrkja, som har 750 sitjeplassar, vart vigsla 29. oktober 1849 av biskop Peder C. H. Kjerschow. Arkitekten var handelsmann Claus Wiese frå Eid. Kyrkja erstatta ei korskyrkje i tre som vart riven i 1849, og er den femte kyrkja på staden. Eid kyrkje er soknekyrkje for Eid sokn og hovudkyrkje i Eid prestegjeld.

Nordfjordeid er rekna som den eldste kyrkjestaden i Nordfjord etter Selja. Her stod den fyrste heradskyrkja i Nordfjord, og fram gjennom hundreåra har her truleg stått i alt fem kyrkjer. Den siste har passert ein alder på 150 år, og er kjend som den rosemåla kyrkja i Nordfjord.

Nordfjordeid er rekna som den eldste kyrkjestaden i Nordfjord etter Selja. Her stod den fyrste heradskyrkja i Nordfjord, og fram gjennom hundreåra har her truleg stått i alt fem kyrkjer. Den siste har passert ein alder på 150 år, og er kjend som den rosemåla kyrkja i Nordfjord.

Eigar: I Eid kyrkje 150 år.

Datering: 1998.

Fotograf: Lars Lunde.

Romsleg kyrkje

Vedtaket om å byggje ny kyrkje vart gjort våren 1846. Dei tre åra som gjekk fram til bygginga starta i mai månad 1849, vart nytta til tømmerhogst og anna førebuingsarbeid. Her som elles vart bønder og plassmenn utkommanderte til pliktarbeid. Det var 17 faste arbeidarar som bygde kyrkja, og ho stod ferdig i oktober månad. Då den nye langkyrkja stod ferdig, vart gamlekyrkja riven.

Eid kyrkje er den romslegaste kyrkja i heile Nordfjord. Opphavleg hadde ho heile 900 sitjeplassar, ved seinare ominnreiingar redusert til 750. Ved vigslinga var det trass i regnvêr samla veldig mykje folk, og det var naudsynt å setje inn militær vakt slik at det ikkje skulle verte trengsel eller annan uorden.

Særmerkt tårn

Kyrkja i dag er ganske annleis å sjå til enn då ho stod ny i 1849. Den gongen var ho enkelt dekorert innvendig. Taket og søylene ved inngangen til koret var kvitmåla. Men så var det heller ikkje dekoren som opptok kyrkjelyden på Eid rundt midten av 1800-talet. Dei ønskte framfor alt å få ende på diskusjonen som hadde pågått i mange år, om dei i det heile skulle byggje ny kyrkje, og kva dei i så fall skulle gjere med den gamle? Fleirtalet meinte at den om lag 250 år gamle korskyrkja var både for lita og for skral. Nokre talte varmt for å verne gamlekyrkja, men dei måtte til slutt gi tapt.

Det særmerkte med Eid kyrkje, i tillegg til den innvendige utsmykkinga, er at tårnet er plassert over midtskipet. Dette er nok ei plassering som var inspirert av den tidlegare korskyrkja på staden. Tårnet er bygt som ein takryttar, har åttekantform og er øvst pent avrunda i overgangen til spiret. Kyrkja var frå fyrst av bygd utan sakristi. Dette var upraktisk, og i 1860 påpeika biskop Kaurin då han var på sin fyrste og einaste visitas på Eid, at denne mangelen måtte utbetrast. Fyrst i 1915, i samband med det store restaureringsarbeidet i kyrkja, vart det bygt sakristi attåt koret. Samstundes vart det lagt inn elektrisk lys og varme.

Restaurert av Kinsarvik

Det var kunstmålaren og treskjeraren Lars T. Kinsarvik som i 1915 stod ansvarleg for det store restaureringsarbeidet i Eid kyrkje, og som omskapte kyrkjerommet til eit sjeldan storslått prydverk med eit sterkt nasjonalromantisk preg. Han gjennomførte ei total oppussing som omfatta dekorasjonar både i tak, vegger og på søylene. Han skar ut og måla ny preikestol, laga ny ramme til altertavla og nye kyrkjebenker. Kinsarvik laga i tillegg nye brure- og forlovarstolar.

Arbeidet var svært omfattande. I skipet vart taket måla blått og dekorert med sirlege bordar. Dei mektige søylene vart måla med ulike ornament i fleire felt. Veggene både i skip og kor vart måla gulgrøne med raud brystning, men i koret vart heile midtfeltet påført bibelske motiv. Skissene fann Kinsarvik i biletbibelen til den franske illustratøren Gustav Doré, og av desse gjenskapte han i alt 12 sentrale historier frå Jesu liv.

I koret elles vart taket heilt dekka til med planterankar. Galleriet, som er frambygt på sidene, vart måla med ulike dekorasjonar i dei mange felta som dekkjer fronten. Inventaret elles fekk nye fargar som skulle stå i stil med resten av målarkunsten.

Resultatet var ei "ny" kyrkje innvendig, sterkt prega av det som var grunntanken i arbeidet til Kinsarvik, det norske eller norskdommen. I målarkunsten kom dette til uttrykk i stiliserte ornament, ofte bandslyngjer, medan utskjeringane var inspirerte av stavkyrkjene og drakestilen. Arbeidet heldt seg godt fram gjennom åra, men i 1965 vart rosemålinga i taket restaurert, etter at ho byrja å flasse av. I år 2000 var det igjen på tide med eit større restaureringsarbeid. Restaureringa denne gongen vart kostnadsrekna til 0,5-1 mill kr.

Inventaret

Altertavla er frå 1892 og måla av Cecilie Dahl (sjå bilete og bilettekst). Råma på altertavla har vorte til i to etappar. Råma nærast biletet vart laga i 1892 i Holmøyane, etter teikningar av arkitekt Trapp Meyer. Lars T. Kinsarvik teikna, og sonen Arne Kinsarvik skar ut toppstykket og sidevangane i 1915, dei vart måla i sterke fargar. Midt på toppstykket står St. Mikael, erkeengelen, som overvinn draken. Stjernestaven syner at det er erkeengelen Mikael.

I Eid kyrkje er det 12 måleri frå 1915, måla på veggen i koret av Lars T. Kinsarvik. Elleve av motiva har den franske teiknaren Gustav Doré (1832-83) sine bibelteikningar som direkte førelegg. Biletet "Nedtakinga av krossen" har eit anna førelegg.

Her er i alt fire alterlysestakar i messing, to frå 1849 og to frå 1961. Krusifikset er også frå 1961. Nattverdsutstyret i sølv er: ein kalk og ein disk, ei brødøskje og ei vinkanne, alle frå 1962. Preikestolen er frå 1915 og døypefonten frå 1885, begge dekorerte av Lars T. Kinsarvik.

Eid kyrkje har to kyrkjeklokker. Den eine er frå 1700 støypt av smelta metall som låg att på branntomta då korskyrkja brann ned i 1689. Den andre er frå 1903, med innskrift frå Johannes openberring 22,17: "Hvo der vil, tage Livsens Vand uforskyldt".
Eid kyrkje fekk nytt orgel i 1961.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.
Eikum, Rolf Schanke (red.): Eid kyrkje 150 år. Nordfjordeid 1999.

PERMANENT IDENTIFIKATOR