Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. mars 2001

Sist oppdatert 05. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Sogningen Olaf Huseby - publisist i Kristiania og Amerika



Olaf Huseby, fødd 1856 i Leikanger, død 1942 i Amerika, gjekk lærarskulen på Stord, men slutta i læraryrket etter tre år. I staden vart han utgjevar og forleggjar, fyrst i Kristiania, seinare i Amerika. Han vart gravlagd på ein kyrkjegard i Michigan. Grava er der enno, men ingen gravstein.

Olaf Huseby starta i 1893 tidsskriftet <i>Kringsjaa</i> saman med redaktøren Hans Tambs Lyche. Det var Huseby som kom på det treffande namnet Kringsjaa.

Olaf Huseby starta i 1893 tidsskriftet Kringsjaa saman med redaktøren Hans Tambs Lyche. Det var Huseby som kom på det treffande namnet Kringsjaa.

"..skapt impulsiv.."

Mot slutten av livet sitt sende Olaf Huseby nær 60 brev til leikanger-avisa Sogn og Fjordane. I eitt av dei siste oppsummerte han sitt lange og mangslunge liv i fylgjande ord:

" Eg var skapt impulsiv: eg fylgde ein ide; det laut bresta eller bera. Um eg fekk leva um att, so vilde eg ganga same vegen, berre gjera betre arbeid, for røynsla gjennom eit langt liv, er ein god læremeister."

Barndom

Portrettbilete av Olaf Huseby.

Olaf, fødd 12.12.1856, var eldst av 5 syskin og vaks opp hjå besteforeldra, skulehaldar Arne Frekaland og Brita, fødd Husabø. Dei budde i nærleiken av prestegarden på eit skrint jordstykke like ved det vidgjetne fornminnet Baldersteinen. Bestefaren var føregansgmann i fruktdyrking. Han fekk frukttre hjå presten Nils Normann og utvikla den fyrste frukthagen i Leikanger nest etter presten. Olaf hadde heile tida god kontakt med foreldra og syskina som budde på ein husmannsplass under same garden. Faren abonnerte på Søren Jaabæk sitt blad Folketidende. I opppveksten fekk han høyra om kongar og krigarar i norrøn tid, om Henrik Wergeland og Søren Jaabæk. Olaf gjekk allmugeskulen på den einaste fastskulen i prestegjeldet. Han hadde toppkarakter i alle fag utanom rekning, og særs god songstemme.

Folkehøgskule og lærarskule

Vinteren 1871/72 gjekk vegen til Sogndals Folkehøgskole der presten Jakob Sverdrup, seinare kyrkjestatsråd, var lærar. Året etter byrja han på lærarskulen på Stord og avla lærarprøva våren 1875 med tredje beste karakter. Karakterprokollen viser m.a. at han hadde hovudkarakter 1,8 i teoretiske fag og 1,8 i praktiske. Her møtte han fyrste gongen Sven Aarrestad, jærbuen som seinare gjorde seg sterkt gjeldande i målrørsla, venstre-politikken og fråhaldsrørsla.

Frå skule til bokhandel og forlag

I åra 1876-1879 var Huseby lærar ved Brevig Borgerskole, men også verksam på andre område, som bibliotekar i bybiblioteket og som skribent i den nye radikale avisa Breviks Avis. Det siste skapte bekymring i skulekommisjonen. Då kommisjonen våren 1878 skulle tilsetja andrelærar, gjekk fleirtalet i mot å tilsetja Huseby. I ein uttale heiter det: "men man har samtidig heller ikke nogen Forventning om, at beholde Husebø i længere Tid, selv om han blir ansat som Andrelærer, hvortil kommer, at han i den senere Tid har overtaget nogen befatning med en her udkommen ny Avis, hvilket man ikke finder hældigt i Forbindelse med Skolegjerningen." Huseby gjorde sitt val. Det fekk "bresta eller bera." I mai 1879 sa han opp stillinga si og reiste til hovudstaden. Han ville bli forleggjar og utgjevar av litteratur.

Eigen bokhandel etter fire år

I Kristiania arbeidde Huseby to år hjå bokhandlar Albert Cammermeyer. I denne tida vart han mellom fleire kjend med målgranskaren Hans Ross og trønderen Olaf Olsen Norli. Men Huseby ville ut i verda og læra meir om forleggjarfaget. I 1881 reiste han til bok- og litteraturbyen Leipzig der han studerte ved Deutschen Buchhandlerschule på kveldstid og arbeidde i forlaget Principalen om dagen. Han gjorde også ei ferd til Berlin og til England. I London budde han hjå visekonsul H. L. Brækstad, som ga han gode råd med på vegen attende til heimlandet hausten 1883. I desember same året starta han og Olaf Olsen Norli "den fyrste venstrebokhandelen i hovudstaden:" Olaf Huseby & Olaf Olsen, BOGHANDEL, Karls Johansgade 39.

Bilete av ei annonse om Olaf's nye bokhandel på Karl Johan.

Bilete av eit nynorsk-tiltak frå 1899 av Olaf, med nynorske salmar.

Våga når andre veik unna

"Venstrebokhandelen" på Karl Johan ga ut fleire kontroversielle bøker andre forleggjarar fann det tryggast å halda seg unna. Ei var Amalie Skrams Constance Ring, ei anna andreutgåva av Garborgs Bondestudentar. I festskrift til Olaf Norli i 1933 fortel Huseby om korleis det siste bar til i:

"So hende noko reint uventa. Ein dag i 1884, då Hans Ross og eg åt middag på Hotell Royal, vart me sitjande attmed trelastgrosseraren Johan Sørensen. Me kom i prat og kom til å tala um Bondestudentar av Arne Garborg. Me fortalde kva Garborg vilde med den boki, um bondeguten Daniel Braut og so burtetter, men at boki var utseld, og at boghandlar Nygaard i Bergen ikkje vilde våga eit nyt upplag. Sørensen, som var ein eldbrand, slo i bordet og sa, at eg skulde på flygande flekken ganga til Garborg og kjøpa retten til trykkjing. Han vilde låna meg pengane. Eg greidde dette med Garborg same dagen".

Huseby i Kristiania

Samarbeidet mellom Huseby og Norli gjekk ikkje knirkefritt. Dei var for ulike. Etter to år reiste Norli til Paris for å læra meir. Huseby dreiv vidare åleine til Norli kom attende i 1890. Då gjekk Huseby ut av firmaet som seinare vart det kjende Olaf Norlis forlag, no Norli-Tanum. Huseby tok etterpå fatt for seg sjølv, dels i kompaniskap med den pengesterke trelasthandlaren Johan Sørensen, til han utvandra i 1903. Dei største tiltaka denne tida var utgjevinga av billegbøkene i serien De tusen hjems bibliotek og ei utgåve av Landstads Salmebok med Blix sine nynorsksalmer som eige vedlegg, også kalla Huseby-salmeboka.

Bilete av framsida på tidsskriftet "Kringsjaa" ifrå 1895.

Huseby i Amerika

Olaf Huseby utvandra med familien i 1903. Han sette straks i gang med publiseringsverksemd og hadde heilt konkrete mål for auga. I løpet av 1904 ville han gjennom firmaet sitt Olaf Huseby Publishing House i Minneapolis - ny norsk bokhandel i Amerika - gje ut og spreie 1000 eksemplar av Dei fire store - Bjørnson, Ibsen, Lie og Kielland sine samla verk.

Olaf Huseby sitt publiseringsarbeid i Amerika i åra 1904-1935 er ikkje kartlagd. Frå spreidde kjeldeskrift kan det summerast opp med at han var svært iderik og aktiv. Han etablerte og dreiv publiseringsverksemder fleire stader i statane Minnesota, Illinois og Nord Dakota. Ein stor tanke heile tida var å sikra soga til dei norske innvandrarane, ei slags Landnàmabok. Han samla inn mykje personalhistorisk tilfang, og prøvde i 1912 å gje ut noko av dette i subskripsjonsskriftet Den nye heimen. Han heldt då til i Fargo i Nord Dakota.

Bilete av ei reklamebrosjyre for ei dagsavis Olaf ga ut i Illinois.

I åra 1935-1940 sende han kring 60 brev til avisa Sogn og Fjordane." Dei handlar om tilhøve i Amerika og om minne frå barndomsriket Systrond og ymse anna frå Noreg.

Namnet

Olaf Huseby har fortalt at då han vart boren til dåpen sa gudmora høgt og tydeleg at barnet skulle heita Ola, men presten skreiv Ole Husebø i kyrkjeboka. Heime i Sogn vart han i daglegtalen kalla Ola. Frå 1883 brukte han offisielt Olaf Huseby som og er det oppgjevne namnet i dødsattesten hans, men dei vel 60 breva han sende heim til Leikanger-avisa "Sogn og Fjordane" underteikna han med Olav Husaby. Han meinte elles at Husaby var var ei meir opphavleg namneform enn Husabø.

Grav utan gravstein

Olaf Huseby levde dei siste åra sine saman med kona Ingeborg, fødd Skjeggstad, i småbyen Hillsdale, Michigan. Han døydde der 3.10.1942, og vart gravlagd på Lakeview Cemetery tre dagar seinare. Grava er der framleis, men utan gravstein.
Redaktør Einar Svartefoss (1910-1999) hadde ein artikkel om Olaf Huseby i Sogn Avis 6.1.1994. Her tek han til orde for å reisa Olaf Huseby ein minnestein.

Bilete av dokument som viser at Olaf er gravlagd på Lakeview Cemetry i Michigan.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Huseby, Olaf: Attersyn og kringsjå. Halv hundrad års minnestubbar. I Olaf Norli. Festskrift. 1933.
Huseby, Olaf: Samling av kring 60 prenta brev. I Sogn og Fjordane. 1935-1940. Leikanger.
Tveterås, Harald L.: Olaf Norlis Forlag 1890-1990. Oslo 1990.
Myre, Olav: En norsk bok- og publisistveteran fyller 80 år. I ei dagsavis. 1936.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane:
Diverse skriftstykke i arkivsamling SFF-93119 Olaf Huseby.

PERMANENT IDENTIFIKATOR