Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 14. oktober 2005

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Fjaler Sparebank



Fjaler Sparebank er ein av tre bankar i Sogn og Fjordane som hardnakka har halde seg utanfor dei stadig større fusjonsbankane. Fjalerbanken har vokse fram til ein sterk småbank. I 1969 flytte banken inn i nytt hus som vart utvida i 1975/1976. Første kvartal 2005 opna Fjaler Sparebank filial i Bergen!

Fjaler Sparebank sitt hus i Dale.

Fjaler Sparebank sitt hus i Dale.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2004.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Banken i Dale
Fjaler Sparebank sitt bygg i Dale vart bygd i to byggjesteg. Det fyrste stod ferdig i 1969. Byggjenemnda føreslo i 1966 å reisa bankhus med kjellar og tre fulle høgder. Bygget vart redusert til ei høgd, men dimensjonert for å byggja på seinare. Det skjedde kort tid etter. I 1976 stod det "nye" bankhuset ferdig, med ei andrehøgd og valma tak. Banken har heile tida hatt leigetakarar i kortare eller lengre tid; lensmannskontoret, likningskonoret og andre.

Kort historisk oversyn
Fjaler Sparebank vart skipa i 1873 under namnet Ytre Holmedals Sparebank etter initiativ av Ytre Holmedals sokneselskap. Dei heldt skipingsmøtet hjå Mons Huustvedt i Flekke 7. juli 1873. Namnet vart endra til Fjaler Sparebank i 1916 etter at kommunen endra namn frå Ytre Holmedal til Fjaler kommune i 1912.
Dei fyrste åra kunne folk ordna bankforretningar ein dag i veka; frå 1906 heldt banken ope to dagar i veka. I 1914 tok banken til med bankdagar i Holmedal to gonger i månaden. Det vart jamvel kjøpt inn eigen færing til bruk for bankdagane i Holmedal.

Alt etter økonomisk resultat har Fjaler Sparebank i over hundre år delt ut gåver til allmennyttige føremål. I åra 1895-1898 fekk kommunen 9000 kroner til heradshuset og i åra fram til 1918 ytte banken gåver til m.a. Guddalskyrkja, Soldatheimen på Bømoen, misjonen, og til underskot på kommunen sitt kornkjøp i 1905.
Gåvelista i rekneskapet for 2003 viser 69 mottakarar, mest lag og organisasjonar, med Dale Idrettslag på toppen.

Fjaler Sparebank ligg i 2005 som ein bankenklave i Sparebanken Sogn og Fjordane sin breie akse Indre Nordfjord - Ytre Sogn. Spørsmålet om samanslåing har vore til handsaming fleire gonger, men det endelege resultatet har alltid blitt å halda fram "på eigne bein." Fjaler Sparebank har då også greidd seg godt i konkurransen om kundane til liks med dei to andre småbankane i fylket og fleire andre i landet elles.

Tilhald fleire stader
Sparebankane voks fram som bygdeinstitusjonar, oftast avgrensa av kommunegrenser. Alle fylgjer på fleire område eit nokolunde likt utviklingsmønster. Eit slikt mønster er kontorstaden, - frå ekspedisjon i private hus til større lokale og eigne hus. Fjaler-banken er ikkje noko unnatak.

1. 1873-1876 I den gamle tingstova i Dale.
2. 1876-1895 I huset til Wilken Nitter på eigedomen hans Sjøhaug i Dale.


3. 1895-1923 I heradshuset som var nytt i 1895.
4. 1923-1969 I eige hus, bankstova som ho er kalla i møteboka, og Gamlebanken på folkemunne, etter at nytt hus stod ferdig i 1969.


5. 1969- I noverande hus, ferdig påbygd i 1976.

Bankhistoriske skrift og det eldste arkivet
Det er óg eit mønster at sparebankane har sytt for sogeskriving, frå enkle bankhistoriske hefte til større bøker, gjerne fleire. Fjaler Sparebank har ikkje mindre enn tre.

1. Då banken runda 50 år i 1923 fekk banken laga heftet "Fjaler Sparebank. 1. juli 1873. 1. juli 1923." Det er på 21 sider og inneheld eit stutt historisk oversyn, namn og bilete og årsrekneskapane for skipingsåret og 1922, året før jubileumsåret.

2. Til hundreårsjubileet sende banken eit større skrift til alle heimane, boka "Fjaler Sparebank. 1873-1973." I føreordet opplyser redaksjonsnemnda at i tillegg til soga om Fjaler Sparebank inneheld hundreårsskriftet "eit lite attersyn over den økonomiske utviklinga i bygdene her og (..) litt frå industrien i det nye Fjaler."

3. I 2003 fekk alle heimane heftet "Fjaler Sparebank 125 år" som jubileumshelsing. Heftet handlar mest om banken dei siste 25 åra, om samanslåingssaka, bygningsmessige tiltak, nye tenester og tilbod, banksjef Bjarne Østensen - "banksjef i 28 år", og banksjef Aud Ingrid Espeland - "første kvinne på toppen", og litt frå Fjaler elles.

Fjaler Sparebank har fått ordna og registrert det eldre arkivtilfanget sitt. Dei viktigaste arkivseriane er møtebøker for styrande og kontrollerande organ, innskots- og utlånsbøker og årsrekneskap. Det eldste arkivmaterialet omfattar tida 1873 - ca. 1970.

Jakob Sande heidra to styresmenn
Eit tredje mønster går att hjå sparebankane, det at tillitsmenn og tenestemenn kunne sitja i årevis i verva sine. Dette var ofte folk som også hadde kommunale tillitsombod. Gardbrukar David O. Bakke (1857-1935) i Holmedal og lærar Andreas Holst er døme på to slike. Til ei tilstelling fyrst i trettiåra skreiv diktaren Jakob Sande eit heidersdikt til dei to. Her fylgjer eitt vers om kvar:

David O. Bakke
Han sat her i salen i mannsaldrar tvo
I bør fekk han kryssa, i motvind ro,
Frå Holmedal inn mot Dale.
Med verbitne nevar han rorstonga tok,
Og stod her som ordførar, velrøynd og klok
Og hine stod bak som ein hale.

Andreas Holst
Og så kom du hit med ditt gode humør,
og folk som sat sure som fjordgamal skjør,
vart smitta av deg so dei skratta.
Og når so det heile heldt på å slå klikk,
då løyste du alt med ein visshøvd replikk,
So møtet tok ende til natta.

kjelder:

Fjaler Sparebank 1873-1923. 1923.
Heggland, Johannes: Fjale Sparebank. 1873-1973. 1973.
Ness, Atle: Fjaler Sparebank 125 år. 1998.