Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 18. august 2017

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kommune

Rå-data

Bjørka i Skeidesvingen



«Det er snart kvelden for den gamle kjempa i Skeidesvingen» (overskrift i avisa Sogn og Fjordane, 31. oktober 1980). Dei heldt på å byggja gang- og sykkelveg langs riksvegen, og bjørka stod midt i trasèen. År 2017, 37 år etter at bjørka i Skeidesvingen vart felt, er det berre eldre folk på Systrond som hugsar «den gamle kjempa»; stadnamnet Skeidesvingen og, for den del. Både tre og stadnamn har si avgrensa levetid.

Skeidesvingen er namnet på den slake svingen kring 150 meter utom ungdomshuset på Hermansverk. Her stod det fram til 1980 ei staseleg bjørk på oppsida av vegen.

Skeidesvingen er namnet på den slake svingen kring 150 meter utom ungdomshuset på Hermansverk. Her stod det fram til 1980 ei staseleg bjørk på oppsida av vegen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2017

Fotograf: Hermund Kleppa

Tok til orde for å la bjørka stå

Avisa Sogn og Fjordane, Leikanger, sette søkelys på bjørka i Skeidesvingen. Ho stod eit par hundre meter utom ungdomshuset på Hermansverk. Arbeidet med gang- og sykkelveg mellom Hermansverk og Hanahug var godt i gang. Busker, fruktre og andre småvokstrar måtte vika for anleggsmaskinane, utan at «landskapet» endra seg noko særleg. Men no stod eit mykje større tre på spel; eit landemerke, bjørka i Skeidesvingen. Avisa si meining er ikkje til å misforstå: La bjørka få stå.

Om bjørka

Oppslaget inneheld nokre «fakta». Alder: Bjørka er kring 80 år, «ein åttiåring». Tilstand: Ho ser «frisk og hyrig ut». Avstand frå våningshus: Grunneigaren har ikkje noko imot at bjørka blir felt. Bjørka kan blæsa ned når som helst og påføra huset stor skade. Det var det ingen fare for, meinte avisa: «med temmeleg ordinært augemål er det ikkje særleg problem med å sjå at ho aldri vil nå huset dersom stormen ein gong skulle leggja ho flat.». Fotoet viser ei høg og rank bjørk; «fleire av denne sorten har me ikkje på strondi», skreiv Sogn og Fjordane. (Merknad: Ei liknande bjørk, Palnabjørka, vart felt fem år før. Ho stod eit par hundre meter innom Skrivareiki.)

«Sterke reaksjonar»

Godt og vel ei veke seinare hadde Sogn og Fjordane eit nytt oppslag, no med overskrifta: «Framleis von for siste bjørke-kjempa på Systrond». Det var kome «sterke reaksjonar», og avisa konkluderer med at det er «ei allmenn meining mellom folk at den høge bjørka bør få stå i fred.» Men no hastar det. Vegstellet sine folk og maskinar står berre «eit halvt hundre meter frå det omtala treet».

Sogn og Fjordane hadde vore i kontakt med kommuneingeniør Kåre Risnes og fått opplyst at det aldri hadde vore «drøfta om bjørka skulle vekk i samband med framføringa av gang- og sykkelvegen.» Bjørka står i «rabatten», i skråninga mellom riksvegen og den planlagde gangvegen, og vil såleis ikkje «verta rørd» av vegarbeidet. - Vegstellet kan ikkje ta vekk bjørka utan kommunal godkjenning, var kommuneingeniør Risnes si oppfatning, i følgje Sogn og Fjordane. Så, «kanskje det ennå er von om å få ha den siste store bjørkekjempa på strondi», skreiv avisa til slutt i oppslaget sitt.

Skrøpelege røter

Det blei likevel med den vesle vona. Bjørka i Skeidesvingen år 1980 var nok ikkje så «frisk og hyrig» som ho såg ut til. Kåre Risnes fortel år 2017 at det synte seg at rotsystemet ikkje var som det skulle vera. Bjørka hadde ikkje skikkelege siderøter, rota gjekk på ein måte rett ned. Dermed var det berre ein ting å gjera: å saga ho ned.

Kyrkjesongar skapte stadnamn

Kvifor heiter det Skeide-svingen? Kyrkjesongar, lærar og gardbrukar Amund Skeide (1857-1950), fødd i Balestrand, flytte til Leikanger kring 1890. Han var gift med Anna Larsdotter Henjum. Huslyden Skeide budde tett oppom riksvegen, eit kort stykke før den slake svingen utom ungdomshuset. Svingen utom huset til Skeide vart heitande Skeidesvingen; og huset hans: Skeidehuset.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Avisa Sogn og Fjordane, 31.10., 12.11.,1980.


Munnleg informasjon:
Kåre Risnes, Leikanger
Per Holen

PERMANENT IDENTIFIKATOR