Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Jordkjellaren på Markus-plassen



Markus-plassen er det lokale namnet på Instebøen på garden Tauning, til vanleg kjend som Tonning. Der kan ein i dag sjå ein samansigen jordkjellar for poteter eit kort stykke frå riksvegen.

Jordkjellaren på Markus-plassen på Tauning i dag. I framkant er kjellaren samansigen under ein hegg, som fekk veksa fritt oppå taket. Heggen er no nedsaga, og vi kan sjå stubben stå att. Inni skal kjellaren vera intakt. Jordkjellaren ligg omlag 50 m fra RV 57, sør for heimebøen og gardstunet på bruk 1 på Tauning. Dette er eitt av fleire kulturminne i Hyllestad som treng rehabilitering. Jordkjellaren vender mot vest, og biletet er teke i kveldssol.

Jordkjellaren på Markus-plassen på Tauning i dag. I framkant er kjellaren samansigen under ein hegg, som fekk veksa fritt oppå taket. Heggen er no nedsaga, og vi kan sjå stubben stå att. Inni skal kjellaren vera intakt. Jordkjellaren ligg omlag 50 m fra RV 57, sør for heimebøen og gardstunet på bruk 1 på Tauning. Dette er eitt av fleire kulturminne i Hyllestad som treng rehabilitering. Jordkjellaren vender mot vest, og biletet er teke i kveldssol.

Eigar: Per Bygnes.

Datering: 2001.

Fotograf: Per Bygnes.

Markus-namn

Namnet har plassen fått etter Markus Bendikson, som var plassmann på Instebøen i åra 1881-1906. Som ein del av mangfaldet på garden vart det dyrka poteter på denne husmannsplassen, og potetåkeren låg i ein vestvend bakke kalla Bakkane sørvest for potetkjellaren. No vert staden gjerne kalla Markus-bakkane.

Nyttig jordkjellar

Potetkjellaren var bygd inn i terrenget. Slik vart potetene verna mot frosten. Framføre sjølve potetkjellaren var det ei smie. Smia og jordkjellaren hadde eit samanhengande tak. For å koma inn i kjellaren og henta ut poteter, måtte folk gå gjennom smia. Men når potetene skulle førast inn i jordkjellaren, slapp folket å bera dei gjennom smia. Gjennom ei luke i bakkant av taket var det lett å kvelva potetene ned i bingen. Kjellaren på Markus-plassen var i bruk til slutten av 1940-åra.

Samansigen jordkjellar

I dag er jordkjellaren på Tauning samansigen i framkant. Berre gjennom ei glipe under jord-taket kan ein få ein ørliten gløtt inn i rommet. Ein stor hegg har fram til nyleg vakse på taket og pressa kjellaren saman. Men truleg er sjølve jordkjellaren intakt.
Viss det kan finnast tilskot til rehabilitering, kan grunneigaren tenkja seg å setja inngangen til kjellaren i stand, og slik ta vare på dette kvardagskulturminnet.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Kellmer, Inger og Førsund, Finn B. (red): Hyllestad bygdebok. Soga om folket. Bind 2. Hyllestad kommune 1993.
Notat v/Per Bygnes 06.11.99 etter samtale med Harald Tonning, Hyllestad.
Skriv frå Harald Tonning, datert 29.9.2001.

PERMANENT IDENTIFIKATOR