Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 26. mai 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Turistskyss i Fjærland



Mot slutten av 1800-talet vart turisme ei viktig inntektskjelde mange stader i fylket. Fjærland var mykje besøkt av turistar som ville sjå breane. Dit måtte dei skyssast med hest og kjerre. Det skapte grunnlaget for eit organisert skyssopplegg og betre vegar. Fjærland fekk sitt første skysslag i 1889.

'Veien til Bøyumsbræ', står det på postkortet.  Hest  og vogn er på veg oppover Bøyadalen til Bøyabreen. Den rundt 5 km lange køyrevegen frå den øvste garden til breen vart bygd av Fjærland skysslag som privatveg.

'Veien til Bøyumsbræ', står det på postkortet. Hest og vogn er på veg oppover Bøyadalen til Bøyabreen. Den rundt 5 km lange køyrevegen frå den øvste garden til breen vart bygd av Fjærland skysslag som privatveg.

Eigar: Hotel Mundal

Datering: 1910.

Fotograf: Ukjend.

Bygdevegar

Den store turistattraksjonen var isbreane. Fjærland hadde ein fordel framfor andre stader ved at både Bøyabreen og Supphellebreen nådde heilt ned til dalbotnen og berre snaue 10 km frå dampskipskaien. I 1874 løyvde fylket 218 spesidalar til omlegging på vegen frå Mundal til Mundalsskreda fordelt over tre år. Det var 1/5 av kostnadsoverslaget. Arbeidet måtte bøndene gjera sjølve. Ved århundreskiftet var det offentlege bygdevegar til Øygard og Vårstølen i Bøyadalen og til Supphella i Supphelledalen. Fram til breane i Bøyadalen og Supphelledalen var det berre gang- og kløvvegar. I byrjinga måtte turistane gå det siste stykket inn til breen.

Køyrevegar heilt fram

Den 12. januar 1889 vart Fjærland Skydslag skipa. 28 gardbrukarar frå Hamrum til Ødejord og Supphella melde seg inn i laget. Medlemskapen vart knytt til garden. Skysslaget tok på å byggja kjerrevegar slik at laget kunne skyssa turistane heilt inn til breane. 1. juli 1891 var den 5 km lange vegen frå Øygard inn til Bøyabreen ferdig. Dei bygde og eit vegstykke på 1 km frå fremste Supphella til Supphellebreen. Ei engelsk dame som besøkte Fjærland same sommaren kunne fortelja at vegen ikkje var særleg god. Men vegen gjorde god nytte. Det var mange turistar og stor trong for hesteskyss. Denne sommaren opna Hotel Mundal.

Viktig attåtnæring

Skyssinga vart ei viktig attåtnæring for bygdefolket. I 1926 vart det utbetalt til saman 40.000 kroner i skysspengar frå omlag 25 skip. I tillegg fekk skysskarane drikkepengar. Det var skysskaffaren si oppgåve å syta for at skyssoppdraga vart likeleg fordelte på medlemmene. På ein travel skyssdag, når det til dømes kom to skip, kunne det vera fleire hundre turistar som skulle skyssast til og frå breen. På slike dagar kunne det verta både to og tre turar for skysskarane opp til breen, og over hundre hestar var med.

Klager på tilstanden

Av og til kom det klager på skyssinga. Reiseselskapet Cook`s Verdens-Reisebureau skreiv i 1903 til hotellet at dei hadde fått klager frå fleire på "den slette Tilstand af flere af de kjøretøier som benyttes ved Udflugter til Bræerne, der skal nok være adskillige gamle Skranglekjærrer iblandt dem ligesom Sæletøiet heller ikke skal være i den bedste Orden." Det hadde då vore ei ulukke i Nærøydalen på grunn av for dårleg køyretøy. Dessutan klaga dei på at 9-10 år gamle gutungar var kuskar. Dei klandra ikkje hotellet, men om ting ikkje vart ordna, måtte dei åtvara reisande mot breturane.

Nytt fylkestilskot

Dei gamle vegane fekk hard medfart av den store turisttrafikken om sommaren, og i vegplanframlegget av 1905 var vegen Mundal-Bøyum føreslegen omlagd. I vegnemnda sin argumentasjon heiter det: "Umlegget Mundal-Bøyum er sett som bygdeveg med amtstilskot, daa der er gode bygder, som tenar bra paa vegen med skjuss, og kostnaden ikkje er svært stor."

Med T-Ford til breen

I 1921 fekk hotelleigar Dahle løyve til å køyra gjestene sine med bil, ein T-Ford. Men han kunne berre køyra på dei offentlege vegane til Supphella og Ødejord. Det var skysslaget som eigde vegane fram til breane. I 1926 skipa hotellet og skysslaget Fjærland Billag, men skysslaget heldt fram som eigar av vegstykka inn til breane.

Utvida køyring

I mange år dreiv billaget berre køyring om sommaren, men etter kvart vart rutekøyringa og viktig for folk i bygda. Billaget hadde skuleskyss, ei bygderute som gjekk ein gong i veka, kyrkjerute om søndagane og drosjekøyring. Fjærland billag hadde køyringa til 1. januar 1984 då Firda Billag tok over etter at fylket hadde gjeve billaget konsesjon på all rutekøyring i Balestrand kommune.

Husflidproduksjon

I tillegg til skyssinga skapte straumen av turistar også høve for andre til å tena pengar. Det voks etter kvart fram ein stor husflidindustri i bygda. Britha Dahle, gift med hotelleigar Olaus Dahle, gav opplæring i veving. Så godt som alle hadde vevstol. Teppe og andre husflidsartiklar vart god salsvare til turistane om sommaren, og på desembersal i hovudstaden. Hotel Mundal sette opp si eiga salsbu ved Bøyabreen som utanom husflidartiklar og suvenirar, også selde mat og drikke. Det var til og med råd å kjøpa iskrem laga ved hjelp av kuldeblanding (is og salt), lenge før dei fleste i bygdene rundt visste kva iskrem var.

kjelder:

Nordre Bergenhus Amtsthings Forhandlinger i Aaret 1906. Bergen 1906.
Bøyum, Johannes A.: Om skyssing i Fjærland. I ..so han sa.., Sogndal Sogelag, Lokalhistorisk årshefte 2003.
Privat billag dreiv med overskot og betalar skatt. I Jol i Sogn 1976.
Haugen, Kåre H.: Turismen kom tidleg til Fjærland. I Sogn og Fjordane, 30.05.1986.
Pedersen, Arne Stein: Utan veg kjem vi ingen veg. Veg ut av Fjærland. I ..so han sa.. Sogndal Sogelag/Fjærland Sogelag 2006.

PERMANENT IDENTIFIKATOR