Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. januar 2004

Sist oppdatert 30. juni 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Rebekkakrukker - i Jostedal og andre stader



Rebekkakrukke. Ordet finst ikkje i gjengse ordbøker og oppslagsverk. Men rebekkakrukker er reelle nok. I 1891 løyvde kommunestyret i Sogndal pengar til innkjøp av to "Rebækkakrukker" og i Jostedal står to rebekkakrukker bortsette i eit eldfast skåp.

Rebekkakrukkene i Jostedal. Begge har lók. Den eine er i perfekt stand. Den andre er hankelaus og har mista litt av krossmerket.

Rebekkakrukkene i Jostedal. Begge har lók. Den eine er i perfekt stand. Den andre er hankelaus og har mista litt av krossmerket.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2005.

Fotograf: Hermund Kleppa

Rebekkakrukker i Jostedal

Rebekkakrukkene i Jostedal er laga av kvitt porselen (fajanse). Dei har spraglet mønster i brunt og er pryda med ein kross framme. På undersida står produksjonsmerket FEYER stempla i brun farge. Begge har lók. Den eine er i perfekt stand. Den andre er hankelaus og har mista eit stykke av krossmerket.

Historia deira er ukjend. Til denne tid har det ikkje lukkast å oppdriva fullgode opplysningar - verken skriftlege eller munnlege - om når krukkene vart innkjøpte, kva dei vart brukte til eller når dei gjekk ut av bruk. Derimot veit me noko meir om rebekkakrukker andre stader og om rebekkakrukkene meir allment.

Dokumenterte innkjøp i møtebøker

Fylkesarkivet har registrert gamle formannskapsprotokollar (formannskaps- og kommunestyremøte) i nokre kommunar. Frisøk i denne databasen på %Rebekka%, gjev fem treff fordelt på fire kommunar:

1) Gloppen 1869: Innkjøp til kyrkjene på Vereide og Gimmestad, tre "saakaldte Rebekkakrukker til Brug ved Altergangen", og i 1878 vedtak om "at anskaffe 2 Rebekkakrukker" til kyrkjene i Hyen og Gimmestad.
2) Hornindal 1870: Innkjøp av rebekkakrukker til bruk for kyrkjevin.
3) Askvoll 1882: Innkjøp av rebekkakrukker.
4) Sogndal 1891: Innkjøp av "2 Rebekkakrukker".

Laga i Egersund

Rebekkakrukker var eit produkt ved Egersund Fayancefabrik, grunnlagd 1847. I reiseskildringa "En Stavangers Cicerone", av C.S. Lous frå 1868, står: "Herfra [Egersund Fayancefabrik] komme de bekjendte Rebekkakrukker, "som altid skaffer friskt Vand."

I fabrikken sin priskurant frå 1909 står "Rebekkakrukker (til alterbrug)" oppført med tre variantar:

a) "svampet" med kvitt eller svart kross,
b) - med forgylt kors, og
c) - med svart "Fond" og gullkors.

Prisen var høvesvis høvesvis 30, 35 og 60 kroner pr. 10 stk. I fabrikken sin varekatalog frå 1931 står det same produktet oppført som "Altermugg".

Bruk

Det kan sjå ut til at rebekkakrukkene har vore brukte både til nattverdvin og dåpsvatn. Innkjøpet i Gloppen 1869 og dei to varekatalogane vitnar om alterutstyr. "Friskt Vand" og fyrste delen i namnet, - Rebekka, går derimot meir i retning av dåpshandlinga, ei mugge for dåpsvatn. Me kan heller ikkje sjå bort frå at bruken kan ha endra seg over tid, frå å vera ei mugge til bruk ved nattverdsmåltidet til ei mugge for dåpshandlinga.

Rebekkakrukkene i Jostedal vart i si tid sette bort då det ikkje var bruk for dei lenger. Eit døme på kuriøs gjenbruk har me frå Hadsel kyrkje i Vesterålen. Her vart to rebekkakrukker i år 2004 brukte som blomstervasar ved gravferder.

Kyrkjeinventar i porselen

Rebekkakrukkene er døme på kyrkjeinventar av eit meir forgjengeleg materiale enn bruksutstyr av meir varig materiale som sølv og tinn. Porselen-gjenstandane var meir utsette for å knusast eller verta skadde, særleg munnstykket og hanken på mugger. Heilt uskadde rebekkakrukker er sjeldne. Såleis er begge eksemplara i Egersund Fayancemuseum skadde.

Egersund Fayancefabrik var ikkje einerådande på alterutstyr i porselen. Bing & Grøndahl i København laga ikkje berre mugge til altarbruk, men også oblatøskje. Feios kyrkje har komplett og uskadd sett, det same har Vik kyrkje i Vesterålen.

Med krukke på aksla

Rebekka er ein av dei godt kjende bibelske personane. Ho var dotter til Betuel som budde i Mesopotamia og 1.Mosebok, kapittel 24, fortel om korleis det bar til at Rebekka vart kona til Isak, sonen til patriarken Abraham.

Abraham budde i Palestina. Då han var komen opp i åra, sende han eldste trælen sin med stort fylgje og mange gilde gåver austover til det tidlegare heimlandet sitt Mesopotamia ved Eufrat og Tigris. Ærendet hans var å finna ei kona til Isak. Vel framkomen stogga Betuel ved brunnen utanfor ein by og bad til Gud om hjelp til å finna den rette:

".. No står eg her attmed kjelda medan dei unge jentene i byen kjem ut etter vatn. Seier eg til ei jente: Halla på krukka di, så eg får drikka, og ho svarar: Drikk du, og kamelane dine skal eg og gje vatn - lat det då vera henne du har etla til Isak, tenaren din. På det skal eg skjøna at du har gjort vel mot husbonden min."

Betuel vart bønhøyrd. Før han var komen til endes med bøna si, kom Rebekka ut med ei krukke på aksla. "Det var ei ovven jente, ei ungmøy som ingen mann hadde vore nær," står det i Bibelen. Ho let Betuel få drikka frå krukka si, og ho henta vatn til kamelane hans og.

kjelder:

Opplysningar frå:
Vilhelm Feyling, Egersund.
Lisabet Risa, Hå.

PERMANENT IDENTIFIKATOR