Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Hyenesstøylen



Hyenesstøylen ligg ovanfor tuna på andre sida av fjellhøgda mot Skjerdalen i ei høgd på ca. 420 m o.h. Stølen høyrer til gard nr. 36, Hyenes. Stølen ligg solrikt og fint til, ikkje langt frå den bratte fjellkanten ned til Skjerdalen. Alle materialane til husa måtte berast opp den bratte råsa. Likevel er husa store og romslege. Dei er òg spesielle på den måten at det er plass både til sel, fjøs og lade under same tak.

Hyenesstøylen. Kvart hus har sel, fjøs og lade.

Hyenesstøylen. Kvart hus har sel, fjøs og lade.

Eigar: Erik Holme.

Datering: 1960.

Fotograf: Maria Holme.

Tilkomst

Hyeneset ligg ved fjorden og båten er transportmidlet til og frå. Opp til stølen er stølsråsa den einaste vegen. Den kan vere både bratt og tung. I den bratte fjellsida før toppen av fjellhøgda har dei etappevis lagt ned stort arbeid med vegen. Dei har mura med stein bratt oppover med plass for kjerre eller slede. Men vegen er ikkje avslutta. Det er parsellar med rås mellom slik at den ikkje er køyrbar enno. Løypestreng vart òg nytta til å få stølshøyet heim.

Bruk av stølen

Opplysningane om stølen har vi frå Per Lyder Holme, Gloppen.
Stølstida var frå først i juli til kring 15. september - altså 2 1/2 månad. Her var berre mjølkekyr der fjøsen var i eine enden av huset og selet i den andre. I midten høylade. Driftsopplegget var som vanleg for mjølkestøl der stølsjentene gjekk til støls bortimot kvelden, mjølka og stelte mjølka. Heim att om morgonen etter mjølking.

I eldre tider slo dei mjølka opp i treaskar der den stod til syrning. Etter 3-4 dagar fløyta dei rømmen av og stølsjenta bar han med seg heim. I seinare tid kom separatoren til og rømeasken var meir for gjestebod og når det kom gjester til støls. Tradisjonell stølsdrift tok slutt kring 1960-1970 åra.

Som det viser på husa, var slåtten viktig omkring stølen. På våren vart høyet pakka i sekker som dei bar bortimot 0,5 km til løypestrengen. Kvart bruk hadde sin løypestreng med endepunkt på heimebøen. Løypestrengen vart nok òg brukt til vedtransport.

Geologisk forsking

Stølen har vore ein del brukt som base for forskarar. Fjellet høgare oppe og vestover høyrer til Hornelens Devonfelt og er konglomorat og lagdelt sandstein som har vore opptil 20 km tjukt. Det vart avsett i havnivå i Devontida for 350-400 million år sidan - altså våre yngste bergartar. Ved Svartevatnet, som ligg like oppunder Gjegnalundsbreen, kan forskarane finne plantefossiler, dei kan sjå bølgjeslagsmerke i sandsteinen og dei kan telje "årringar" i sandsteinen.

Nokre fakta

Hyenes, gard nr. 36, Vereide sokn, hadde to bruk i 1890. Det budde 26 personar på garden i 1865, medan talet i 1900 var 21.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 4, side 81. Sandane 1992.
Per Lyder Holme, Gloppen.
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR