Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 14. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Ullebøvegen



Vaimslandet var før ei vanskeleg bygd å ta seg fram i. Fire strie elvar brusa gjennom tettaste bygda. Bruer var der ikkje, så kvar ein stad folk skulle, måtte dei ro. Langs med fjorden er det ville flog like i sjøen både her og der, så overalt var det robåten dei måtte lita på. Det skulle ta lang tid før Ullebøvegen var ferdig.

Ullebøvegen går frå Dyrneslia ved Vadheimsfjorden og over til Guddal i Fjaler. Den fyrste biten vart påbyrja i 1907, men ikkje før i 1972 vart vegen ferdig heilt fram til Guddal.

Ullebøvegen går frå Dyrneslia ved Vadheimsfjorden og over til Guddal i Fjaler. Den fyrste biten vart påbyrja i 1907, men ikkje før i 1972 vart vegen ferdig heilt fram til Guddal.

Eigar: Knut Haugen, Vadheim.

Datering: 1929.

Fotograf: Ukjend.

Ei ny tid med veg- og brubygging

Då kraftutbygginga i Vadheim byrja den 1. oktober 1906, merka straks utbyggjarane at det var stor trong for veg mellom anlegget og bygdesenteret. Alt måtte førast med båt. Ikkje minst støypesand som det trongst store mengder av.

Alt våren 1907 starta arbeidet med kjerreveg frå fabrikken til Vadheim, og bru vart bygd over både Dyrneslielva og Ytredalselva. Denne vegen gjekk like nede ved sjøen, og i storm slo byljene opp i vegbana. Ingeniøren som leia arbeidet med veg og bruer heitte Birger Olsen og kom frå Bergen. Han vart i Vadheim kjend med kontordama ved fabrikken, Maggie Sivertsen frå Sandane, Nordfjord, og dei vart seinare gifte.

Bilete av Birger Olsen og Maggie Sivertsen.

Bilete av fyrste brua.

Veg for bygdefolk eller for bedrift og turistar?

Då bilane tok til å koma, vart kravet reist om ein betre veg. Ikkje berre til fabrikken, men også for bruka i Lia og vidare til Ullebø. Med tida skulle vegen gå over fjellet til Guddal, var tanken. Det vart stukke fleire liner, og rekna og kalkulert i årevis. Bygdefolket meinte at likaste vegen var frå Lia og utover mot Løype og Afsnesstølen, ta ein sving der og så attende mot Brurebenken og over Holten og ned att til Vårstølen.

Bilete av nye vegen frå fabrikken til Vadheim.

Men direktør Dahl og Direksjonen i A/S Vadheim Elektrochemiske Fabriker ville ha vegen i slynger ved røyrgata for transport og reparasjonar, og difor vart nåverande trasé gjennom Bøfjellet valt sjølv om det var både farleg og dyrt. Vegen vart planlagd mest av omsyn til industrien og bygd som kraftutbyggingsveg. Reiselivsfolka likte og den smale, nifse vegen hangande utanpå det stupbratte fjellet. Over Ullebøfossen måtte det byggast bru. Ullebøingane som kjende fossen åtvara ingeniøren og sa at mellomrommet mellom bru-kara vart for trongt. Men ingeniøren fylgde teikningar og stikningsplan. Brua vart riven bort i flaum ikkje lenge etter, og ny og sterkare bru måtte byggast. Vridde bjelkar og rekkverk låg nedfylt med stein nede i Gytten då eg var barn.

Bilete av nye vegen.

Dyr veg gjennom Bøfjellet

Det vart ein kostbar veg å byggje, med tre elvebruer og fire røyrgatebruer. Svære fjellskjæringar og høge murar. I året 1924 byrja dei, og til Ullebø kom dei i 1928.

Etter brua over Stølselva på Ullebø var det stopp i tolv år før det vart bygd ein stubb på eit par km til vatnet Markaula i 1940. Ved Markaula skjedde det ei ulukke under brenning av eit hol som gjekk av for tidleg. Harry Nyseter frå Sanden vart så skada at han ei tid seinare døydde. Så var det stille i fire-fem år før arbeidet kom i gang mot Rørvik. Sidan gjekk det i rykk og napp til arbeidslaga endeleg ein dag i 1972 braut igjennom til Guddalsvegen på Heggheim. Men då hadde vinden alt i mange år susa i graset på gravene til Ingeniør Olsen og gjengen hans som starta fyrste etappe av veganlegget ein solrik vårdag i 1907.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

- Min far Ludvig Søgnen og mor Anna Mjelleli Søgnen. Far var bas på Ullebøvegen ved fleire utbyggingsetappar og vart kjend med mor i 1926 under vegbygginga i Dyrneslia.
- Ingeniør Per Birger Lomheim, Statens Vegvesen Sogn og Fjordane.

PERMANENT IDENTIFIKATOR