Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 14. januar 2004

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Urvalmue - papaver radicatum subspecies relictum



I rasmarka under fjellet Bleia i Lærdal kommune har urvalmuen sin eine av to vekststader i verda. Planta vart funnen fyrste gongen i 1936 av H.H.H. Heiberg. Sommaren 2002 var ein lokal ekspedisjon på leit etter urvalmuen og fann at den stadig veks i dette området. Planta er utryddingstruga og difor på ''Nasjonal rødliste for truete arter'' under sårbar.

Urvalmuen veks mellom steinane i rasmarka under fjellet Bleia.

Urvalmuen veks mellom steinane i rasmarka under fjellet Bleia.

Eigar: Miljøstatus i Sogn og Fjordane.

Datering: 2002.

Fotograf: Johannes Anonby.

Vekstområdet

Urvalmuen, Papaver radicatum subsp. relictum, veks i rasmarka under fjellet Bleia, nærare bestemt i inste Dryftene. Denne planta finst berre her og ved Helin i Vang i Valdres. Førekomsten er av stor vitskapleg verdi, særleg som eit ledd i samband med utforskinga av historia til den skandinaviske fjellfloraen. Urvalmuen er ein pionerart som veks i mineraljord på lysopne flater utan konkurranse frå eit etablert vegetasjonsdekke. Vekststaden i Lærdal ligg slik til at han er vanskeleg tilgjengeleg og lite framkomeleg for folk flest. Urvalmuen får her veksa og gro i fred mellom ras og steinsprang, berre nokre spesielt interesserte tek seg fram til vekstområdet.

Fjellvalmuar

Innanfor blomsterplantene er fjellvalmuen, Papaver radicatum, eit interessant døme på korleis endemiske underartar har vorte til. Endemisk tyder at arten, eller underarten, er avgrensa til eit visst område. I Norge finst arten i fleire endemiske underartar.

Truleg har arten overlevd siste istid på spreidde nunatakar, og så har fjellvalmue-populasjonane på kvar nunatak gjeve opphav til sin eigen underart, kvar med litt spesiell utsjånad. Ein av underartane er urvalmuen som berre finst i rasmark på to stader i Norge. Av andre underartar kan nemnast Trollheimsvalmue og Svartisvalmue. Då desse valmuane toler lite konkurranse, har dei berre overlevd på desse stadene som er så steinete og ustabile at mest ingen andre planter kan vekse der.

Bleia naturreservat

Det er gjort framlegg om at området rundt Bleia og Storebotnen skal bli eit eige naturreservat. Naturreservatet skal verne om førekomsten av den sjeldsynte planta urvalmue og det særmerkte landskapet under og ved Bleia. Det skal gå inn som ein del av eit stort samanhangande verna område med Nærøyfjorden landskapsvernområde, Grånosmyrane naturreservat og Nordheimsdalen natrurreservat. Då vil ein få eit verna område som strekk seg frå Gudvangen i vest til Revsnes i aust. Eit stort område som femner om fjord og høgfjell, isbrear, stølsdalar og bratte fjellsider.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aspevik, Magnhild: artiklar i Helg og kvardag nr. 4, 2002, og nr. 1, 2003.
Munnlege opplysningar frå:
Magnhild Aspevik, Lærdal.
Den lokale arbeidsgruppa for Verdsarv: Mot verdarvstatus for Nærøyfjorden. Aurland, 2003.
Høiland, Knut: Fredete planter i Norge. Sabima. Oslo, 2002.
Vestlandsforskning: Biologisk mangfald i Sogn og Fjordane. Sogndal, 1999.
Miljøstatus i Norge: Arter fredet etter naturvernloven. Oslo, 2003.

PERMANENT IDENTIFIKATOR