Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 19. november 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Bolstad bedehus på Skjolden



Bedehuset på Skjolden står på Nedre Bolstad, tett attmed vegen inn til Mørkrisdalen. Huset har fleire fellestrekk med andre bedehus bygd før 1930: påbygg, nye vindauga og modernisert inventar. Elles deler det lagnad med ein del andre bedehus når det gjeld verksemda, - aktiviteten har minka dei siste åra.

Bolstad bedehus på Skjolden, bygt 1906-1907. Dei opphavlege vindauga var større, gjekk noko lenger ned enn vindauga no. Dei hadde to fag med tre ruter i kvart. I uthuset var det do og vedskut. Påbygget stod ferdig i 1982.

Bolstad bedehus på Skjolden, bygt 1906-1907. Dei opphavlege vindauga var større, gjekk noko lenger ned enn vindauga no. Dei hadde to fag med tre ruter i kvart. I uthuset var det do og vedskut. Påbygget stod ferdig i 1982.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2006

Fotograf: Hermund Kleppa

Bygningen
Huset stod ferdig i 1906-1907 og fekk namnet Bolstad bedehus etter garden det står på, Nedre Bolstad. Sett utanfrå dominerer den opphavlege bygningen, eit mønt langhus med hovudinngangen mot bygdevegen. Vindaugo med ei rute er av nyare dato. I sørenden står eit uthus tett inn til huset. Her var det do og plass for ved. Påbygget med inngang er på oppsida.

Innreiing
Påbygget inneheld gang og toalett. Det er to dører inn til den eldste delen av bedehuset. På den eine står skiltet MØTESAL. Dei fire meter høge tømra veggene er frie for kledning, og det er to avstivarar på kvar langvegg. Ein blåmåla, boga himling gjer kjensle av høgt rom. Ved endeveggen framme i salen er golvet bygd opp i heile breidda. Ein talarstol av ny dato står midt på. Ein liten detalj er kan henda bedehuset på Skjolden åleine om: På kvar av avstivarane og framme i hjørna er det sett opp ein trekloss med skrått hol oppe. Dei var til å setja flagg i når dei pynta til 17. mai.

Ei firdelt dør deler Storsalen og Småsalen (Vetlesalen). Frå Småsalen går det dør ut til den tidlegare inngangen og inn til kjøkenet. Taket i kjøkenet er senka. Kjøkenet er innreidd med skåp og benk for oppvask og matstell.

Inventar
Bedehuset har fleire inventarstykke til pryd. Det som merker seg mest ut, er målarstykket på veggen over talarstolen. Motivet er apostlane i hardt vêr på Genesaretsjøen. Biletet er signert ”Wilh. Bjørknes –52”. (Wilhelm Bjørknes (1884-1969, landhandlar og småbrukar i Gulen, reiste vide som forkynnar, og har måla langt over 100 bilete i bedehus, kyrkjer og kapell.)

Utanom Bjørknes sitt bilete er det fleire typer bilete med motiv av mannen frå Nasaret og andre bibelske motiv. I Småsalen heng det eit stort fotografi av ein mann frå Skjolden. Det er Kristofer E. Eide som er heidra på denne måten. Han var med i byggjekomiteen, kan henda formann.

På podiet i Storsalen står to orgel, eitt i kvart hjørne, eit harmonium (trøorgel) og eit elektrisk hammondorgel. Kåre Øvreås, fødd 1932, og med mange år i styret bak seg, fortel at dei ikkje er noko å skryta av. Dei som kan spela, er vil helst ikkje spela på dei.

Allmenn bakgrunn - lekmannsrørsla
Bedehusa heng saman med lekmannsrørsla som voks fram på 1800-talet med verksemda til Hans Nielsen Hauge. Etter Konventikkelplakaten, som vart oppheva i 1842, hadde prestane nærast einerett på å forkynna Guds Ord offentleg. Hans Nielsen Hauge og Haugerørsla rokka ved dette. Lekfolket ville etter kvart ordna seg sjølv. Dei heldt samlingar i heimar og skulehus. Mange stader braut det ut vekkjingar. Det oppstod trong for eigne hus, bedehus. Det første i landet kom i Hjelmeland i Rogaland i 1840. I Sogn og Fjordane var Lærdal først ute med bedehus. Vi veit ikkje når det vart bygt, men det var bedehus på Lærdalsøyri i 1872.

”Protokolen til Bedehuset”
Den viktigaste kjelda til kunnskap om historia til bedehuset på Skjolden er ein stor protokoll i folioformat. Det går fram i protokollen at boka vart kjøpt inn i juni 1906 og kosta 6 kroner. Her finn me innført namna på alle som gav pengar å reisa huset, byggjerekneskapet, og noteringar frå årsmøte og styremøte heile tida seinare. Det er først og fremst opplysningar om huset me kan henta ut frå protokollen, om bedehuset som bygning og styringa av Bolstad bedehus. Det står svært lite om verksemda.

Lover - 1904
Det var Skjoldens Mandsforening som gjorde opptak til å byggja bedehus, og det var denne foreininga som gav lovene for huset. Det skjedde jamvel fleire år før huset kom opp. Lovene har seks paragrafar som omhandlar to ting, kva huset skulle brukast til og korleis hus og verksemd skulle styrast. Opptrykte lover, datert 1904, er limt inn på innsida av permen til bedehusprotokollen.

I følgje lovene frå 1904 skulle Bolstad bedehus nyttast til å forkynna ”Guds Ord”, i samsvar med den ”apostolisk-evangelisk-lutherske” trusvedkjenninga, ”ved dertil skikkede Mænd”, og til misjonsarbeid. Dessutan står det særskilt nemnt at huset kan ”benyttes” til fråhaldsmøte med løyve frå styret.

Skjolden Mandsforening skulle velja det første styret, som skulle vera samansett av ”8 dertil skikkede Mænd”. Bedehusstyret skulle så etter kvart supplera seg sjølv. Alle avgjerder skulle skje ved simpelt fleirtal. Om nokon skulle syna ”Forargelse i Liv eller Lære”, kunne styret stengja vedkomande ute. Styret skulle sjølv velja formann, nestformann og kasserar. Dessutan skulle styret velja tilsynsmenn for huset.

Møte – mannsforeininga våren 1906
31. mars 1906 vart det halde ”massemøde” på Skjolden for ”ordning med Bedehuset”. Alle som hadde gjeve pengegåver hadde høve til å møta og vera med å ta avgjerd. Møtet vedtok å setja i gang å byggja. Om ”husets skikkelse” blei det vedteke å byggja ”med lem”, dvs. utan himling, men eit møte 5. juni omgjorde dette vedtaket, huset skulle likevel ha ”vælvingslem”. Som byggjekomite valde møtet følgjande: Halvard Drægni, Torbjørn Hauge, Ole G. Bolstad, Lars L. Skaari og Kristofer E. Eide.

Gjeldfritt hus
Byggjerekneskapet er innført i bedehusprotokollen. Sluttsummen er på kr. 3166,38 (omrekna til 2009-kroner tilsvarar denne summen kr. 177.252), og huset stod ferdig utan gjeld. Inntekter og utgifter balanserer med kr. 59.33 i kassa. To tredjedeler av kostnaden vart dekka ved gåver, resten frå basarar og gåve frå Luster Sparebank (200 kroner).

Den største utgiftsposten er snekkerarbeid, murararbeid og frakt på i alt kr. 2707,42. Av dei einskilde posteringane kan me lesa oss til dei største leverandørane av varer og tenester: Ole A. Drægni og Johannes T. Drægni (”Tømer” og ”Kjøbmansbord”), C. Magnus (bygningsmaterialer), Ole ”i Stain” (plassen Stein i Fortunsdalen), Johan J. Skjolden og Jakob A. Fjøsne (saging eller skjering), Hermund H. Bolstad (murararbeid), Lars A. Talle og Sjur K. Bolstad (byggjearbeid), Elias Aarnæs (måling), Voss Skiferbrud (”Heller” dvs. skifer) og Halvard Drægni (krutlunte og kol, og mykje anna). Ein utgiftspost på ”Hesjegarentaug [hesjegarn-tau] til Tømerflødning” ber bod om at tømmer vart frakta fram på elva.

Val
Bedehusprotokollen nemner ikkje spesifikt at Skjolden Mandsforening valde det første styret, men det er rimeleg å tru at det var slik. Første møtereferatet i protokollen er datert 16. november 1907. Det står berre at det då var val på ”bestyrelsen for Bedehuset”, åtte menn, som førskrive i lovene frå 1904. Og dei valde var: Ole H. Kreken, Jens K. Bolstad, Thorbjørn E. Hauge, Anders E. Hauge, Kristoffer E. Eide, Ole J. Galde, Lars Skåri og Ole Johansen Hauge.

Bedehustomta og vilkår
Eit laust dokument innlagt i protokollen handlar om bedehustomta. Dokumentet er datert 30. november 1907. Ole G. Bolstad, eigar av garden Bolstad, gardsnr. 20, bruksnr. 9, har overdrege ”eller bygslet” eit jordstykke på Bakarvollen ”sørom Veien” til oppføring av bedehus. Vilkåra er: 1) at det skal betalast ei årleg leige til eigaren på ei krone, og b) at huset skal få stå så lenge det ikkje vert nytta til noko anna enn til ”Religiøse øyemed.” Vidare er det presisert at dersom huset av ein eller grunn skulle koma på ”private Mands eller Kvindes hender” og ikkje vert nytta etter bedehuset sine lover, eller den ”apostoliske lære”, har eigaren full rett til å ta affære, å ”rødigjøre tomten”, det vil seia å få huset fjerna, med mindre ”den eller de kommer overens med Gaardens eier.” (Bolstad bedehus står pr. 2010 på sjølveigande tomt).

Første styremøtet
14. desember 1907 heldt styret sitt første møte. Det stod fire saker på saklista: val på formann og nestformann, val på tilsynsmenn (2), oppgåva til tilsynsmennene, og søknad frå ”Skjoldens avholslag” om løyve til å halda fråhaldsmøte på bedehuset. (Ole Galde vart vald til kasserar året etter.)

Torbjørn E. Hauge vart vald som første formann og Ole J. Galde til nestformann (for 2 år). Dei to første tilsynsmennene var Anders J. Hauge og Ole Johannesen Hauge (for 1 år). Fråhaldslaget fekk løyve til å bruka huset (1 år) på vilkår av at møta føregjekk ”inden sømmelighedens grense”. Om så ikkje var tilfelle, kunne laget nektast adgang med ein gong.
(Saka om løyve for fråhaldslaget til å bruka huset gjekk att kvart år til og med 1934).

Seinare
Dei første 10 åra heldt styret eitt møte kvart år og handsama same slags saker, samt rekneskapet. Det står ikkje skrive noko om tiltak med huset eller inventaret, heller ikkje om verksemda. Først i styremøtet i 1918 kjem ei anna slag sak opp, nemleg om musikkorps skulle få tilgjenge. Vedtaket var negativt: ”Musik korps har ikke adgang til huse.”

Bilete og måling
I 1925 handsama styret ein søknad frå Østen Bjørk på vegner av ”Ungdomslaget” om å få hengja opp ei ”bilæte” i bedehuset. Styret vedtok å overlata saka til dei medlemmene av ungdomslaget som var med i bedehusstyret. Meir om dette biletet finn me ikkje i bedehusprotokollen. Vinteren 1926/1927 gjekk folk omkring med lister og samla inn pengar til måling. Det kom inn kr. 197,55 og Torbjørn Hauge og Lars Skaari blei valde til å ordna med målinga.

Etter 1940
Frå 1940 og utover finn me heller ikkje mange saker utanom dei vanlege om val og tilsyn med huset. Basar til inntekt for huset var lenge ei fast tilskiping. Får 1940 finn me etter kvart basar nemnt i møtereferata. Me høyrer om gjerde rundt huset (1942), truleg stakittgjerde; i 1945 finn me nemnt måling av gjerde. Bedehuset vart i mange år brukt til konfirmantlesing (konfirmantførebuing). denne aktiviteten finn me første gong nemnd i 1942, men det vil ikkje nødvendigvis seia at 1942 var første gongen.

Ei innførsle i 1948 tyder på at det hadde skjedd noko som gjorde at styret fann det nødvendig å presisiera og stramma inn med omsyn til bruk av huset og disponering av inventar. Det står: ”Huset skal ikkje lånast ut; utenom lovene. Benker med rygg skal ikkje reisast med ut av huse.”

Påbygg
Den store byggjesaka etter oppføringa 1906-1907 var påbygg i 1982. Det vart gjort vedtak om å byggja på i 1977, og i 1981 valde årsmøtet byggjenemnd: Per Heltne, Knut Eide og Jens J. Bolstad. I januar 1982 vart det halde samrådingsmøte og då var Kjartan Kvien med som sakkunnig på teikningar . Våren 1983 står det mellom anna følgjande i ei oppsummering i protokollen:

”År 1982 vart det oppsett nytt tilbygg for bedehuset med garderobe og 2 klosett. Modernisering av kjøken og ny plattform i storsalen med breidd 1,70 m og tvert over heile salen. Det var ein heil del dugnadsarbeid og kostnaden vart vart med utlagde pengar ca 100 000 kr.”

Kvinner
Lovene frå 1904 fastsette at styret skulle vera samansett av menn, ”skikkede Mænd”. Men det var kvinner med i bedehusarbeidet heilt frå starten. Me finn 70 kvinner på lista over gåver til oppføring av huset, og me kan rekna med at det var kvinner med i matstell og reinhald heilt frå starten, sjølv om det ikkje står særskilt nemnt i bedehusprotokollen. Første ”bokførde” kvinne er Elen T. Bolstad, (1910, kr. 1,50 for vask). Saman med Hans E Bolstad vart ho i 1914 valt som ”tilsynsmand”, - året etter er det notert ei meir kjønnsnøytral nemning ”til at bestyre huset”. Frå 1925 finn me notert godtgjersle for reinhald og ilegg. Elen Bolstad er nemnd siste gong i 1939. Neste kvinne er Susanne Drægni 1944. Ho ser ut til å ha sytt for reinhald og anna til 1966. Etter henne kom Magnhild Heltne frå 1968.

 I 1969 kom ei kvinne med i styret utan at det står bokført noko om endring av punktet i vedtektene om at styret skulle bestå av åtte menn. Ingebjørg Rebni vart samrøystes vald inn i styret. Ho overtok vervet som kasserar etter Ivar Rebni. I 1985 kom Ingeborg Heltne inn som styremedlem, Aslaug Rebni i 1994, og Anna Eraker Bolstad i 1997.

 To menn
Bolstad bedehus vart bygt, halde ved like og utbetra ved innsats og hjelp av mange. Men to personar merkjer seg ut i bedehusprotokollen. Det er Torbjørn Hauge og Per Heltne.

Torbjørn Hauge (1861-1950) var med i bedehusstyret frå starten av. Då han gjekk av i 1948, hadde han vore med i styret i 42 år. Han blei heidra med å bli vald til æresmedlem.

Per Heltne vart vald inn i styret i 1943 og var med til han døydde i 1984/85. Per Heltne gjorde ein stor innsats med påbygget i 1981/82. Han vart heidra med rosande ord på styremøte i 1983:

”Han har utført eit stort arbeid med tilbygget, både i pengegåver og gratisarbeid. Nestformann bar fram ei hjarteleg stor takk frå styret for alt som [Heltne] har utført for bedehuset.”

Per Heltne og kona Ingeborg testamenterte alt dei etterlet seg til Bolstad bedehus. Bedehuset mottok gåva då Ingeborg Heltne døydde i 1995 (ktr.) Bedehusstyret sytte for ei ordning med å halda gravene til Per og Ingeborg Heltne vedlike.

Verksemda
Lovene frå 1906 fastsette at bedehuset skulle brukast til å forkynna Guds Ord.
Møteprotokollen fortel svært lite om aktiviteten. Dei styrande fann det truleg ikkje turvande å bokføra noko om samlingar, møte, bønemøte, søndagsskule og elles det som var vanleg aktivitet på bedehusa. Folk fortel at her var møte, basarar, juletrefestar, søndagsskule og barnearbeid, leir, konfirmantførebuing og dåpsopplæring.

Dessutan har også Bolstad bedehus vore nytta til andre ”øiemed”. Fråhaldsrørsla fekk ha møta sine i bedehuset i mange år. Og bedehuset vart også ei tid nytta ved gravferder. Kring 1950 var det vanleg å ha gravferd frå heimen. Ein var ikkje innom i kyrkja. I somme høve vart bedehuset nytta som samlingsstad i staden for heimen.

Bygt 1906-1907
Bedehusprotokollen gjev ikkje heilt eintydig svar på kva år som er Bolstad bedehus sitt ”fødselsår”, 1906 eller 1907. Første bokførde val på styre er datert 1907, byggjearbeidet vart utført 1906. Posteringa ”Gaver til Indvielsen” kr. 39.21.” er ikkje sikkert datert. Seinare finn me 25 års jubileum omtalt 8. november 1931 (1906), 50 årsjubileum 1956 (1906) , og ”90 år til hausten” 1997 (1907). På bakgrunn av dette kan det sjå ut som at det næraste me kan koma er å slå fast at huset vart bygt 1906, og gjort ferdig og vigsla året etter, i 1907. Av dagregistreret til soknepresten i Luster går et fram at huset vart vigsla 12. oktober 1907.

kjelder:

Bedehusprotokoll 1907-2006.
Opplysningar frå:
Ole Martin Bakken, Luster.
Kåre Øvreås, Luster.
Gair Paulsen, Luster.

PERMANENT IDENTIFIKATOR