Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 16. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Blåsteinskaret på Borsholmen



Eit grønt blåsteinskar på ein liten holme i hamna på garden Borsholmen vitnar om travel sommarsesong på eit kystbruk i farne dagar.

Blåsteinskaret på ein liten holme i hamna på garden Borsholmen. Karet er 1,75 x 1,37 m i firkant.  Sjølve Borsholmen ligg til høgre i biletet. Karet vart bygt ca. 1930 til reinsing av landgarn og laksenøter i sommarsesongen. Etter at det støypte karet tok til å leka, vart det innvendig forsterka med eit lag med plast.

Blåsteinskaret på ein liten holme i hamna på garden Borsholmen. Karet er 1,75 x 1,37 m i firkant. Sjølve Borsholmen ligg til høgre i biletet. Karet vart bygt ca. 1930 til reinsing av landgarn og laksenøter i sommarsesongen. Etter at det støypte karet tok til å leka, vart det innvendig forsterka med eit lag med plast.

Eigar: Hyllestad kommune.

Datering: Hausten 1999.

Fotograf: Per Bygnes.

Lokalisering

Garden Borsholmen ligg halvveges etter den kommunale vegen Eide-Skivenesvåg. Før furu-skogbeltet byrjar, tar ein veg av ned til sjøen. Nede ved hamna er det bygt ei bru frå fastlandet og over til holmen midt i hamna.

Bilete av brua som går over til holmen.

Godt laksefiske

Åfjorden var ein rik fiskefjord. Dette galdt også for laks. Dei fleste gardane som låg til fjorden, dreiv laksefiske med nøter i sommarsesongen. Slik var det også for garden Borsholmen.

Bilete av sjøbua som stod i hamna på Børsholmen.

Viktig hjelpemiddel

Rundt 1930 fann dåverande grunneigar, Andreas Borsholm, det turvande å byggja eit kar til reinsing av nøter og landgarn. Dei blanda då blåstein (koparvitriol) med vatn i karet. Ei for ei laksenot vart teken opp or sjøen under helgedagsfredinga og reinsa i blåsteinskaret. Dette vart gjort gjennom heile sesongen og var eit heilt nødvendig tiltak for å sikra god fangst.
Blåsteinen kom i striesekker. Det var viktig å få til rett blanding. For sterk blanding kunne skada fibrane i nøtene, som i den tid var av hamp. Nøtene vart ikkje tørka etter reinsinga, for då kunne hampen - og seinare også nylonnøtene - verta "brende". Også landgarna i tilknyting til laksenøtene vart reinsa på same måte. Karet vart ikkje nytta til reinsing av garn om vintrane.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Munnlege opplysningar frå:
Gustav Borsholm og Jan Borsholm, Hyllestad.

PERMANENT IDENTIFIKATOR