Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert: 18. april 2017

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Knut L. Sandal



Hardingfelepelemannen Knut L. Sandal (1913-1964) frå Jølster var busett i Bergen, og lydinnspelingar vitnar om ein flott ambassadør for det særmerkte slåttespelet i Jølster.


Knut Ludvigson Sandal var fødd på Støfring i Jølster den 20. januar 1913 og voks opp i ein søskenflokk på tre. Far var Ludvig Sandal (1885-1962) frå Sandal, og mor var Marthea Andreasdotter f. Støfring (1893-1963), begge frå Jølster. Dei første leveåra budde Knut på morsgarden på Støfring då faren var i Amerika. Seinare flytte familien til Strand, Jølster.

På Støfring fekk Knut kallenamnet ”Lisje-Knuten” av di det var ein anna kar i nabotunet som også heitte Knut.

Knut synte tidleg god gjevnad for musikk, og felespel fekk han lære av faren Ludvig og farbroren Nikolai Sandal (1883-1971). Også farbrørne Anders (1878-1958) og Kristian (1890-1982) spelte fele. Alle desse fire brørne var flinke spelemenn, og dei spelte ofte i bryllaup, både saman og kvar for seg. Om Knut blir det sagt at han hadde ei uvanleg evne til å harmonisere og lage stemmer til slåttar, gjerne også til slike han ikkje hadde høyrt før.

Etter andre verdskrigen flytte Knut til Bergen der han tok arbeid som stein- og vegarbeidar. Tida hans i Bergen har ein ikkje så mykje kjennskap til, men han var innom spelemannslaget Fjellbekken, og vart av nokre der omtala som eit musikalsk geni! Somrane og feriane elles var han stort sett heime på Jølster, der han hjelpte til med arbeidet heime på garden og besøkte vener.


Heime på Jølster vart det mykje speling, og ofte kom han saman med lokale spelemenn og søskenbarnet Erling Sandal (1922-2004) som også var spelemann. Elles var Knut ein mykje brukt bryllaupspelemann. Så langt ein kjenner til fins det berre opptak av sju slåttar spelt av Knut. Opptaka vart gjort av Arne Bjørndal i Bergen, og repertoaret er eldre tradisjonelle slåttar frå Jølster; springar og brureslåttar på ulike felestille. Men enno fins det folk som hugsar at han spelte både runddans og kjende slåttar frå andre landsluter.

Knut Ludvigson Sandal gjekk bort den 27. januar 1964.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

TA19CD Slåttespel frå Sunnfjord

PERMANENT IDENTIFIKATOR