Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Gamlehusa på Tistel



I gardstunet på Tistel står tre gamle bygningar som er restaurerte, det er stovehus, bu og stabbur. Desse husa vitnar om byggje- og bumåte i eldre tider.

Fjøs og grisehus, stabbur, bu og stovebygning på Tistel 1932. Av desse bygningane er fjøsen og grisehuset rivne. Attmed fjøsen står ein stor alm som er borte no. Stabburet, bua og stovehuset er restaurerte og er i god stand. Husa er bygde på 1860- og 1870-talet, men tømmeret i husa er mykje eldre og har vore nytta i andre bygningar.

Fjøs og grisehus, stabbur, bu og stovebygning på Tistel 1932. Av desse bygningane er fjøsen og grisehuset rivne. Attmed fjøsen står ein stor alm som er borte no. Stabburet, bua og stovehuset er restaurerte og er i god stand. Husa er bygde på 1860- og 1870-talet, men tømmeret i husa er mykje eldre og har vore nytta i andre bygningar.

Eigar: Fylkesarkivet. SFFf-93078.0005.

Datering: 1932.

Fotograf: Ukjend.

Tunet flytta

Eirik Eirikson Tryti (1829-1909) kjøpte Tistel i 1864, og det var han som flytta husa heim der dei står no. Tidlegare stod husklynga lenger mot sør, men der skulle det vera vasslendt og dermed ueigna som tun.
Tømmeret i bua og stabburet har vore nytta før, som vanleg var. Mange av stokkane er frå 1600-talet. I bua er årstalet 1655 skore inn i ein stokk.

Stovehuset

Stovehuset vart truleg bygt nytt ca. 1870. Halvlemmen er bygd seinare. Det er ikkje kjellar under heile stovehuset. Kjellaren har god høgd i nordenden, men vert grunnare innover. Denne kjellaren er god til lagring av poteter.
Stova er bygd av tretoms høvla gran med kledning utapå. Det er 4 vindauge i huset med 8 småruter i kvar råme. På vestsida var det luker for vindaugo. På den sida tok veret hardt. Torvtaket er bytt ut med bylgjeblekk.
I 1. etasje er det gang, stove og kleve. Skyldfolket sov i kleven. I stova er det peis og omn. Gangen var nytta som lagringsplass, her er og trapp opp til klevalemmen. Utedøra er delt i to, døra går innover, og øvste delen må opnast fyrst.
Anna Tistel (1883-1967) budde i denne stova heilt til ho døydde i 1967.

Bua

Bua er lafta av ubehandla furustokkar. Tømmeret er svært fint, og har truleg vore nytta i eit stovehus. Bua har i dag (2000) torvtak. Ei tid var der eternitt på taket.
I bua var der sengeplass for tenarane. Ola Tistel (1887-1957) hadde soveplass i bua om sommaren. På bualemmen sto det kister der ein hadde sengklede og klede. I buaskotet lagra ein høy.
På veggene er det såkalla opplengjer. Det er enkel mur under bua på aust- og vestsida. Under bua la ein staur. Om vårane hadde ein sauer der. Då måtte stauren kastast ut. Det har truleg vore svalgang på bua.

Stabburet

Stabburet er og lafta av ubehandla furustokkar, også her har tømmeret vore nytta tidlegare. Stabburet har hatt torvtak heile tida, men ein har lagt på knottaplast under torvene. Det er tre rom i stabburet. I to av romma står det mjølbører der kornet vart oppbevart. Stabburet er i bruk den dag i dag (2000).

Andre bygningar

Tre bygningar er borte frå det gamle Tisteltunet, fjøs, eldhus og løe. På fjøslemmen var det sengeplassar, der var og smalagardar for lam. Eit tilbygg fungerte som grisehus. I fjøset var der ei grue som ein nytta til å varma vatn til dyra når det var ekstra kaldt. Det var dyr i fjøsen til 1961. Han vart riven 1963.
Eldhuset var ein stavbygning, der var grua og peis, og der vart det bakt og slakta. Eldhuset fungerte og som smie eller verkstad. Der var smiebelg og smieavl. Eldhuset vart og rive 1963. Løa var ein stavbygning med låve midt på og med kornbrot og høybrot på kvar side. I eine enden av løa var der stall, der det var plass til fire hestar. Løa sto på tvers av dei andre bygningane, truleg bygd slik for å verna dei andre husa mot vind og ver. Løa vart og riven i 1963.

Nye bygningar

Garden Tistel har i 2000 nye bygningar som er i bruk. Det er Kari Marie og Eirik Tistel som driv garden, og dei har bygd ny driftsbygning, nytt stovehus og reiskapshus. Dei er svært opptekne av å ta vare på dei gamle husa på garden og har lagt ned mykje arbeid i å vedlikehalda husa.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sæbø, Arne Inge: Gamlehusa på Tistel. I Pridlao, nr. 1, 1997. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.
Munnleg informasjon frå:
Eirik Tistel, f. 1949, Vik i Sogn.

PERMANENT IDENTIFIKATOR