Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 27. august 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Folkemusikk i Gaular



Gaular har i den seinare tida sett seg på folkemusikk-kartet med at det har vakse fram eit levande folkemusikkmiljø. Gaular spelemannslag har vorte eit stort lag med mange unge og dyktige utøvarar, og spesielt i Viksdalen har det vakse fram eit sterkt miljø. Ei av slåttekjeldene som laget byggjer på er Nils Furnes frå Bygstad, som i ung alder reiste til Bergen. Ei anna kjelde laget nyttar er Johannes Holsen, som var busett i Førde.

Frå kappleiken i Vestmannalaget i Bergen 16.mai 1896. Gunnar Lundekvam framme i midten. I ein alder av 80 år vart han nr. 2 på kappleiken, medan Sjur Helgeland (framme t.v.) frå Voss vann.

Frå kappleiken i Vestmannalaget i Bergen 16.mai 1896. Gunnar Lundekvam framme i midten. I ein alder av 80 år vart han nr. 2 på kappleiken, medan Sjur Helgeland (framme t.v.) frå Voss vann.

Eigar: I Lokale kappleikar i aust og vest.

Datering: 16.05.1896.

Fotograf: Ukjend.

Nils Furnes

Nils Furnes (1901-1990) voks opp på Fureneset i Bygstad, der mor hans, Rebekka Monsdotter var frå. Faren Rognald Nilsson var frå Nos, og som ni-åring høyrde Nils farbroren Ola Nos (1849-1923) spele i eit bryllaup. Dette gjorde sterkt inntrykk på han, og Nils fekk lære slåttar av Spele-Ola, som han vart kalla. Nils var den siste opp til vår tid som fekk lære slåttar direkte etter han.
Som 23-åring reiste Nils Furnes til Bergen, og han budde der sidan, men han hadde mange av dei gamle sunnfjordslåttane på repertoaret. Han var ein av skiparane av eit spelemannslag der i 1929, det laget som seinare vart spelemannslaget Fjellbekken. Der var han fast medlem så lenge han levde, og vart utnemnd til æresmedlem i laget. I Bergen spelte Furnes saman med m.a. Arne Bjørndal, som òg gjorde mange opptak med han. Dessutan spelte han inn ei rekkje sunnfjordslåttar for NRK i 1961.

Ola Nos

Ola Nilsson Nos (1849-1923) var fødd på br. nr. 5 på Lundekvammen. Då Ola var 5 år flytte familien til br. nr. 1, Kistehaugen, og dei tok då etternamnet Nos, slik skikken var på den tida.
Ola var skomakar av yrke, men det var som spelemann han vart mest kjend. Han hadde slåttane sine etter faren, Nils (Spele-Nils), som òg var spelemann, og etter Gunnar Lundekvam (1815-1912). Frå bygdene i indre Sunnfjord var det mykje etterspørsel etter Ola Nos som bryllaupsspelemann, og han rekna sjølv med at han hadde spela i om lag 400 bryllaup.

Gunnar Lundekvam

Gunnar Berntson Lundekvam (1815-1912) vart kalla Spele-Gunnar. Han var fødd på same garden som Spele-Ola, men ein generasjon før. I 1844 gifte han seg med Oline Hafstad og flytte til ei lita stove på Spelemannshaugen på Halbrend i Førde, og gift andre gong i 1878 med Marta Karsteinsdotter Heilevang.
Gunnar var kjend for spelet sitt og var mykje nytta i bryllaup og andre lag. Særleg vart han lagt merke til då han 80 år gammal deltok på kappleik i Vestmannalaget i Bergen i 1896. Sjur Helgeland frå Voss vann kappleiken, medan Gunnar Lundekvam tok ein god andrepremie.

Holsen-spelemenn

Ein anna spelemann som vert rekna for viktig kjelde både i Gaular og elles i Sunnfjord er Johannes Holsen (1910-1992), frå Viksdalen i Gaular, seinare busett i Førde der han dreiv som urmakar. Det meste av spelet sitt lærte han av far sin, Nikolai Holsen (f. 1871), som igjen hadde det etter sin far, Ludvig Holsen (1839-1892).
Johannes Holsen byrja å spele åtte år gammal. På Viksdalen var det rikt spelemannsmiljø i gamle dagar, og Johannes tok vare på tradisjonane. Han spelte både til dans og på kappleik, og den første kappleiken var kring 1930-talet. Mange av slåttane hans hadde ein særmerkt dåm og stil som bar preg av å vere svært gammalt. Holsen hadde god takt og godt driv i spelet sitt og han var difor mykje nytta til bryllaupsspeling.

Gaular spelemannslag

Gaular spelemannslag vart stifta i 1975, då som Bygstad spelemannslag, men frå 1982 som Gaular spelemannslag. Den første leiaren i laget var Asbjørn Sæle. I byrjinga var dei fleste medlemene frå Bygstad og Skilbrei, men etter kvart kom det fleire også frå Sande og Viksdalen. Laget driv med ulike aktivitetar: spel på hardingfele, toradar, trekkspel, song og dans, og med tilbod både for vaksne og born.
På 1990-talet har laget leigd inn instruktørar, fylkesmusikarane Vidar Underset, Elin Grytting o.fl. har hatt undervisning her. Dette har gjeve gode resultat, og særleg i Viksdalen finn ein i dag fleire gode utøvararar som har kome høgt på resultatlistene på Landskappleiken dei siste åra, både i spel og dans. Laget har og fått nytt liv i Viksdalsspringaren, med at dei har brukt eldre filmopptak ved Rff-senteret i Trondheim som kjelde for rekonstruksjon av dansen. (Rff = Rådet for folkemusikk og folkedans).

kjelder:

Indre Sunnfjord spelemannslag: På fest i Jølster. (LP/MC) Heilo, 1987.
Myklebust, Rolf:Femti år med folkemusikk.Oslo 1982.
Timberlid, Jan Anders: Bygdebok for Gaular, band 5, 1999.
Førsund, Finn B.: Førde bygdebok, band I-II ,1990-1992.

PERMANENT IDENTIFIKATOR