Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 14. april 2011

Sist oppdatert 07. juli 2021

Kategori

Rå-data

Ljosheim - bedehus og kapell i Oldedalen



Oldedalen fekk bedehus i 1924 med namnet Ljosheim. I 1935 vart bedehuset vigsla til kyrkjeleg bruk og etter kvart nemnt som bedehuskapell. I 1984 gav Olden sokneråd ut eit hefte om kyrkjene i Olden. Eit stykke handlar om Ljosheim, som i 1984 runda 60 år. Det er skrive av Oddvin Kvame. Her er stykket attgjeve slik det står i heftet. Mellomtitlane er innesette her.

<p>Ljosheim &ndash; bedehus og kapell i Oldedalen, bygt 1924, p&aring;bygt og vigsla til kapell 1935.</p>

Ljosheim – bedehus og kapell i Oldedalen, bygt 1924, påbygt og vigsla til kapell 1935.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2007

Fotograf: Hermund Kleppa

Trong for større hus

"1920-åra var på mange måtar ei rik framgangstid for Oldedalen. Den generasjonen som overtok ansvaret for bygda i denne perioden, var prega av idealisme, kulturelle interesser, pågangsmot og innsatsvilje. Ein stor del av folket hadde eit avgjort kristent standpunkt. Til denne tid hadde skulehuset vorte nytta til kristelege møte og samlingar. Men dette lokalet var ofte altfor lite. Dei tok difor til å arbeide med tanken om å få bygt eit bedehus i bygda.

Dei var klar over at det ville bli eit tungt lyft for ei bygd med om lag 200 menneske. Offentlege tilskot kunne ein ikkje rekne med. Så det var folket sin offervilje og innsatsvilje som ville vere avgjerande.

Lagleg tomt

Etter kvart fekk fleire og fleire den trua at det var Guds vilje at bedehuset skulle byggjast. Det laga seg også med tomt. Dei fekk eit særs høveleg område av garden Mykløen, like ved skulehuset i Oldedalen på den tid, og lagleg nær bygdevegen. Seinare har ein fått kjøpt område i tillegg av granneeigedomane, slik at der no også er høveleg parkeringsplass ved huset.

Bygningsmatetrial frå dalen

Dei tok sikte på å få utført mest mogleg med eigen arbeidsinnsats og gåver frå folk i bygda. Litt måtte også lånast, men mindre enn det som ventande kunne vore.

For at kostnaden skulle bli så rimlege som råd var, gjekk dei inn for å nytte mest mogleg av bygningsmaterial som fanst i dalen. Støypesand var det rikeleg av. Og det vart gjort vedtak om å byggje huset av sementstein. Ljosheim var vel eitt av [dei] første husa her i Innfjorden som hadde veggar av dette nye materialet. Det vart innkjøpt utstyr for støyping av sementstein. Og Fredrik Kvame sette i gang med arbeidet saman med venene sine i heimemisjonslaget.

Gåver og dugnadsinnsats

I prologen til 50 års-festen for Ljosheim fortel Andreas Aabrekk slik om bygginga og opningshøgtida:

Mange gav si rauste gåva,
andre gratis arbeid lova.
Og så stein på stein vart bygt.
Snøgt det vaks seg opp frå gruset.
”Ljosheim”-namnet det fekk huset.
og so stod det traust og trygt.

Nybygt og i haustsol lauga
huset vart ein frygd for auga,
og vi gledde oss i lag.
Born og ungdom med dei gamle
fekk til vigslefest seg samle
mange minnest denne dag!

Trangt om plassen var i salen
då Andenæs held vigsletalen.
”Guds ord hjå dykk bu rikeleg,
Lova, Gud, med salmar kvede.
Kvar og ein i Gud seg glede.
Hjelpest åt på himmelveg”.

Andenæs, som er nemnd i verset ovanfor, var sokneprest i Innvik i 1924.

Vigsla til kyrkjeleg bruk

De kom snart fram ynskje om at Ljosheim måtte få utstyr slik at huset kunne nyttast som kyrkje eller kapell. Kyrkjereisene til Olden kunne vinterstid vere svært mødesame og tidkrevjande, veglaus som bygda den gongen var.

Etter nokre få år vart det utarbeidd planar for utviding av huset. Ein fekk tilbygg med kor og sakristi, og eit lite klokketårn. Hustet vart måla, og ein fekk den vakre bogen over koret i regnboge-fargane – ei påminning om Guds lovnad til menneska.

22. oktober 1935 vart Ljosheim vigsla til kyrkjeleg bruk, ein stor dag i Oldedalen si soge. Prost Nybø gjorde altarteneste og preika over 1. Kor. 3,7-17. Prestane Kvaale, Brekke, Løvoll, Eriksen, Helland, Eide og Sv. Nybø hjelpte til med skriftlesing og bøn.

Altartavla

Altar-tavla i Ljosheim er måla av Vilh. Bjørknes. Som inskripsjon på tavla står det: Min fred gjev eg dykk (Joh. 14,27). Motivet er Jusu oppstoda, med naglemerke i hendene. Vilh. Bjørknes har også måla eit anna bilete (…): Jesus i Getsemane. Dette måleriet er ei gåve frå familien R.R. Aabrekk.

I samband med desse måleria kan vi nemne at Vilh. Bjørknes var aktivt med under planlegginga av Ljosheim. Han reiste som forkynnar i bygdene her.

bilete av altertavla og preikestolen

Hauge-relieff

I 1982 fekk Ljosheim ei svært verdfull gåve frå Lisbeth Strand f. Grønland og Elling Strand. Det var Grønlands original-utkast til det kjende portrett-relieffet av Hans Nielsen Hauge. Relieffet er laga av Lisbeth sin far, sokneprest Erling Grønland. Under portrettet står det kjende Hauge-sitatet: ”Jeg har svoret Guds Ande lydighet, og Han har hjulpet mig til at blive mit forsæt tro.” Relieffet heng i trappe-oppgangen (…).

Utbetringar

Etter 1935 har det fleire gonger vore utført vølingsarbeid og forbetringar (…). Den mest omfattande omvølsla hadde ein i 1970-71. Det vart bygt litt til koret slik at sakristiet fekk ei høvelegare form. Inngangs-partiet vart forandra. Ein fekk tidhøveleg kjøkken i kjellaren, og det vart utført ymse anna forbetringsarbeid.

Godt og tenleg samlingshus

Ljosheim er no eit lagleg samlingshus til ymse slags arrangement. Av og til kan det vere naturleg å samanlikne kapellet vårt med ei sjømannskyrkje i så måte. Det er Guds hus i bygda vår, det naturlege samlingspunktet i glede og sorg. Der kan kvinneforeiningar, yngresgrupper og ungdomsgrupper møtast. Der har vi basarar og møte av ymse slag. Småsalen har vore nytta som framhaldsskule-klasserom. I kjellaren har det vore sløydkurs.

Ljosheim står sentralt i bygda vår, kvitt og synleg frå alle kantar, som eit fyrtårn. Det er mange som har opplevt rike og gode stunder der.

bilete av kopparkjele

Drift og vedlikehald

Det er Oldedalen heimemisjonslag som står ansvarleg for drift og vedlikehald av bedehuskapellet vårt. Vi har ei kjensle av at alle i bygda er glad i dette huset og har omsorg for det.

Kvinneforeininga har årleg basar til inntekt for huset, og den gjev godt resultat. Når noko ekstra skulle gjerast i huset, har innsamlingsresultatet vist at Ljosheim har mange vener i Oldedalen. I samband med arbeidet i 1970-71 fekk vi også eit traust handslag frå Stryn kommune når det galdt økonomien. (…)"
 

kjelder:

Kyrkjene i Olden. Byggverk, samfunn og kristen tradisjon. Utgjeve av Olden sokneråd, 1984

PERMANENT IDENTIFIKATOR