Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 17. februar 2004

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Den gamle ferdselsvegen frå Ormbergstøl til Vigdal



Jostedal hadde i eldre tider to vegar til omverda sør i kommunen. Den eine gjekk ned dalføret til Gaupne. Den andre tok opp frå Ormbergstøl til Vigdal, over Storehaug og ned Dalsdalen til Dale i Luster. Stykket frå Ormbergstøl til Skardet i Vigdal er kring to kilometer.

Den gamle ferdselsvegen mellom Dale i Luster og Jostedal gjekk om Vigdal. Han gjekk framom husmannsplassen Skardet (seinare småbruk), heilt til høgre på biletet, heldt fram nordover under brattberg og urer ned på det flatare området Kleivane, svinga så heimover eit stykke og gjekk ned Kleivekrokane til Ormbergstøl. Herifrå heldt han fram på austsida av elva til Ormberg (rett ovanom øvste svingen i elva) der det var bru. Til venstre noko av grenda Myklemyr.

Den gamle ferdselsvegen mellom Dale i Luster og Jostedal gjekk om Vigdal. Han gjekk framom husmannsplassen Skardet (seinare småbruk), heilt til høgre på biletet, heldt fram nordover under brattberg og urer ned på det flatare området Kleivane, svinga så heimover eit stykke og gjekk ned Kleivekrokane til Ormbergstøl. Herifrå heldt han fram på austsida av elva til Ormberg (rett ovanom øvste svingen i elva) der det var bru. Til venstre noko av grenda Myklemyr.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2003.

Fotograf: Hermund Kleppa.

''.. et Sted kaldet Størkhellen ..''

Mathias Foss (1714-1792) var prest i Jostedal frå 1741 til 1792. I meldinga ''Justedalens kortelige Beskrivelse'' fortel han også om vegen over Vigdal. Grensa mellom prestegjelda Jostedalen og Luster gjekk like nordom plassen Skardet. Her brukte folk og hestar å kvila anten dei no var på veg til Jostedal eller andre vegen. Her var ein stad kalla Størkhellen -

'' .. en beleilig Plads eller Flek baade for deres Heste at bede [beita] og sig selv at recreere; thi har Naturen saaledes dannet det, at der er som en hvælvet Muur under Fieldet paa det Sted med rindenes Vand, at de baade kan søge Ly mod Uveir og forfriske sig, som de gierne pleie at spise der af den Mad, de paa Veien tage med i deres Skræpper, før de reise længere.''

Stølsveg

Vegen frå Ormbergstøl til Skardet var ikkje berre ein del av den allmenne ferdselsvegen i eldre tid. Han var også stølsveg. Gardsbruka Ormberg og Ormbergstøl hadde vårstøl på Kleivane, det flatlendte området nett ovom gardane, medan dei stølte på Nosi opp frå Vigdal og Breidsete øvst i Vigdalen om somrane. På Breidsete leigde Ormbergstøl stølsplass frå 1905 og Ormberg frå 1929. Begge stølte på Breidsete til 1952.

Vegen 2003

Vegen Dalsdalen - Jostedal over Vigdal var farande med hest, men likevel så bratt mange stader at folk måtte stiga av og gå. På strekninga Ormbergstøl - Skardet/Vigdal kan ein fleire stader leggja merke til oppmura veg i skrånande terreng og nokre stader fyllingar over små dekker og dumper.

På kartet Breheimen er vegen merka som tursti med raud, stipla line. Ved brua på Myklemyr er han markert med treskilt VIGDAL 2 [km] og ved bilvegen på Vigdal-sida med ORMBERGSTØL 2. For om lag 15 år sidan vart han malings-merka med raude T-ar og andre merke. Dessutan står stadnamnet BREVSTEINEN på treskilt like ved lokaliteten Styrkheller.

Stien ber preg av å ha vore lite brukt dei seinare åra. Somme stader er han ikkje heilt lett å finna, særleg om hausten i område med bringebærkratt og ormegras. Nokre stader har også nedtramla tre blitt liggjande, og målingsmerka er i ferd med å verta overgrodde.

Mykje kulturhistorie

Den gamle ferdselsvegen Ormbergstøl - Vigdal går gjennom eit interessant naturlandskap. Her er rik vegetasjon, vekslande lende og mange stader godt utsyn. Han er og ''full av'' kulturhistoriske spor; - vegen i seg sjølv, ein husmur halvveges oppe i Kleivekrokane, eit par steingardfar og grindopningar, tufter etter bygningar på vår/hauststølen Kleiva, Brevsteinen, det nedlagde småbruket Skardet. I tillegg kjem mange stadnamn og munnleg tradisjon.

Minnedikt

Kristen Andersson Ormbergstøl (1861-1931) på Ormbergstøl hadde 13 born, fem søner og åtte døtre. Alle åtte døtrene var etter tur budeier på Breidsete. Den nest yngste, Andrea (f. 1907) busette seg på Austlandet. Godt oppi åra var ho heime og gjekk den gamle stølsvegen enno ein gong. Etterpå skreiv ho minnediktet Breiseter, som handlar om vegen, stølslivet og huldremøya. Diktet er på 20 vers. Her er tre av dei:

Den gamle vegen med mange minne
den er'kje lenger so lett å finne.
Men der litt ovanfor steinmur le,
på Kvilesteinen eg set meg ned.

Hit ferdselsvegen i vadmålsjakke,
dei kom om Haugen med brev og pakke,
og under Brevstein ein kvelving sval,
der la dei posten til Jostedal.

Her hev me mjølka, her hev me ysta,
og me hev smøret or staupet krysta.
Her hev me sovna so mang ein gong,
til elvesus og til fuglesong.

Slitsamt for biskop Johan Nordahl Brun

Johan Nordal Brun (1745-1816) var biskop i Bjørgvin i åra 1804-1816. Sommaren 1806 var han på visitasferd i prestegjelda Hafslo, Luster og Jostedal. Reisa frå Luster over Vigdal vekte alt anna enn begeistring hjå den høgverdige prelaten. I visitasmeldinga si skreiv han:

"5te [september] fra Lyster Kl. 6 ½. O Himmel hvilken Vei. Vi maatte gaae* ¾ af disse saa kaldte 3 Miile og kom først til Justedahls Præstegaard Kl. 6 ½ om Aftenen. Saa træt havde Jeg aldrig været. Her er jammerligt stygt. Elven selv er leergraa af Vandet fra Bræen."

* kunne ikkje sitja til hest meir enn ein fjerdepart.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Øyane, Lars E.: Gards- og ættesoge for Luster kommune. Band V - Jostedal sokn. 1994.
Laberg, Jon: Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Leikanger 1948.
Opplysningar frå:
Kristen Ormbergstøl, Jostedal.
Diktet Breiseter av Andrea Ormbergstøl Ringlie.

PERMANENT IDENTIFIKATOR